Sju til Legevakta etter gasslekkasje på Blindern

Sju personar blei sende med ambulanse til Legevakten etter ein gasslekkasje i underetasjen i Geologibygningen på Blindern i formiddag. Heile bygningen er evakuert resten av dagen fordi den må luftast ut. Det opplyser innsattsleiar Morten Henriksen ved Oslo politikammer til Uniforum.  

GASSLEKKASJE: Alarmen gjekk etter gasslekkasje i underetasjen i Geologibygningen på Blindern i dag. Gassen kan ha kome frå plastflaska bak brannmannen.

Foto: Ola Sæther

Mannskap både frå politi, brannvesen og ambulansar rykte ut til Blindern rundt klokka 11.30 i dag etter melding om gasslekkasje i underetasjen i Geologibygningen. 

- Det var nokre av dei tilsette som varsla Brannvesenet etter at dei kjende ei rar lukt, fortel innsatsleiar Morten Henriksen. Etter at politiet, brannvesen og ambulansar var komen til staden, blei sju personar sende  med ambulansar til Legevakta.

- Grunnen var at me frykta at dei kunne ha inhalert noko av gassen, forklarar Henriksen.

Førebels kan han ikkje seia sikkert kva type gass som har leke ut, men han ser ikkje bort frå at det kan vera gass frå ein av dei behaldarane som brannvesenet har tatt ut og plassert på trappa til Geologibygningen.

- No ventar med på eit saneringsfirma og me vil halda bygningen stengt fram til dei har kome og gjort jobben sin.Dei som er evakuerte får likevel gå inn og henta tinga sine, men dei må forlata bygningen med ein gong dei har gjort det, seier innsatsleiar Morten Henriksen ved Oslo politikammer.

Masterstudent  i geologi, Daniel Farravardini var ein av dei som blei evakuerte frå Geologibygningen. 

- Eg høyrde brannalarmen gjekk rundt kl 11.30, men først ein time etterpå fekk me beskjed om å forlata datarommet som me sat på, seier han til Uniforum.

Operasjonsleiar Britt Børde ved Oslo politikammer opplyser til Uniforum at det no er påvist at det var væske frå ein formalinbehaldar som hadde leke ut.  

Dei sju som blei sende til Legevakta, er no friskmelde og tilbake på UiO.

- Me tar helse og sikring på alvor ved UiO. Politi og brannvesen har vore på staden, og situasjonen er under kontroll, seier universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe i ei pressemelding.

(Oppdatert kl. 15.45)

EVAKUERT: - Geologibygningen er evakuert resten av dagen etter gasslekkasjen, opplyser innsatsleiar Morten Henriksen ved Oslo politikammer. (Foto: Ola Sæther)

 

Emneord: Geologi Av Martin Toft
Publisert 13. sep. 2011 14:18 - Sist endra 13. sep. 2011 15:45
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere