Dronning Margrethe deltar på festmøtet i Aulaen

Både kong Harald, dronning Sonja og dronning Margrethe av Danmark vil delta under festmøtet for Universitetet i Oslos 200-årsjubilum i Universitetets aula fredag 2. september kl. 15.00. – Med ein kongeleg dansk gjest understrekar med at namnet på universitetet var Det Kongelige Frederiks Universitet heilt fram til 1939, fortel jubileumsgeneral Inger Stray Lien.

DANSK VISITT: Dronning Margrethe av Danmark vil saman med kong Harald og dronning Sonja delta på festmøtet i Universitetets aula fredag 2. september.

Foto: cebanal.wordpress.com

Den store 200-årsdagen til Universitetet i Oslo blir markert med eit storslått festmøte i Universitetets aula fredag 2. september kl. 15.00. Kongehuset, regjeringa, Stortinget, kultur og nærngsliv og representantar frå heile universitets- og forskings-Noreg vil vera til stades under arrangementet, som berre er for spesielt inviterte. Æresdoktorane vil delta i prosesjonen saman med Universitetsstyret, rektoratet og dekanane.

Universitetsprisane blir delte ut 1. september

Den tradisjonelle kreeringa av æresdoktorane og utdelinga av dei fire universitetsprisane og Hans Majestet Kongens gullmedaljar, blir denne gongen ikkje ein del av jubileumsfesten i Aulaen. Det vil derimot skje dagen før, torsdag 1. september kl. 14.00 i Georg Sverdrups hus. Det vil vera ope for alle interesserte, men krev påmelding innan 15. august.

– Arrangementet i Aulaen ville rett og slett ta for lang tid om me også skulle ha inkludert kreeringa og utdelinga av desse prisane i  den same seremonien, seier Inger Stray Lien.  

Barnehagebarn deltar

– Det første som skjer på jubileumsdagen den 2. september, er at barn frå SiOs barnehagar syng fødselsdagssongen for rektor Ole Petter Ottersen klokka 8 om morgonen i Georg Sverdrups hus, fortel Stray Lien. Seinare går det slag i slag. Klokka 9 den same dagen skjer den offisielle opninga av Ole-Johan Dahls hus.  

– Då kjem både forskingsminister Tora Aasland og administrerande direktør i Statsbygg, Øyvind Christoffersen. Under den tradisjonelle nøkkelseremonien, vil nøklane til den fantastisk nye bygningen til slutt bli overrekte til rektor Ole Petter Ottersen, seier ho.  

– Overfører festmøtet på storskjerm

Klokka 15.00 startar det vorspiel rundt omkring på heile universitetet samtidig med at festmøtet i Aulaen tar til. – Festmøtet blir også overført både på storskjerm og på nett for alle som vil fylgja med. Det ordnar USIT for oss, opplyser Inger Stray Lien.  

Gallamiddag på Akershus slott

Arrangementet i Universitetets aula blir avslutta med ei mottaking i Nationaltheatret før regjeringa om kvelden inviterer dei kongelege og representantar frå heile universitets- og høgskulesektoren til gallamiddag på Akershus slott. Det store jubileumsfest på Frederikkeplassen på Blindern klokka 17.30, med Bigbang med venner vil vera godt i gang når gjestene til regjeringa kjem til Akershus slott. (Sjå eiga sak)

 

 

 

 

Emneord: Kultur, Universitetshistorie, UiOs 200-årsjubileum Av Martin Toft
Publisert 10. aug. 2011 14:16 - Sist endret 10. aug. 2011 23:47
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere