– Fleire UiO-forskarar må søkja om EU-pengar

– Me trur det er mange fleire forskingsmiljø på UiO som kan få pengar frå EUs 7. rammeprogram, dersom dei får bygd opp eit internasjonalt nettverk av andre forskarar i EØS-området, seier Simen Ensby, som er direktør for Internasjonalt kontor i Forskingsrådet. NFR set no i gang ein offensiv for å få fleire forskingsmiljø på UiO og UMB til å søkja om pengar frå EU.

MÅ DELTA I KONKURRANSEN: – UiO er det største norske universitetet, og me ser at det finst mange forskingsmiljø som ikkje tidlegare har deltatt i konkurransen om å få pengar frå EUs 7. rammeprogram, seier Simen Ensby, som er direktør for Internasjonalt kontor i Forskingsrådet.

Foto: Ola Sæther

Den 20. juli lyser EU ut den nest siste søknadsrunden for det sjuande rammeprogrammet for forsking. Frå oktober i år til 1. mars 2012 kan interesserte forskingsmiljø senda inn søknader om økonomisk støtte til planlagde forskingsprosjekt. Før den tid bør dei ha eit internasjonalt nettverk klart. Noregs forskingsråd har som mål at to prosent av pengepotten som no blir lyst ut skal gå til forskarar ved norske forskingsinstitusjonar. Difor har Forskingsrådet kartlagt kvar det er ein større sjanse for å få betre utteljing når pengane blir fordelte, enn det Noreg har klart til no.

– Då fann me ut at det var mange forskingsmiljø ved Universitetet i Oslo og ved Universitetet for miljø og biovitskap på Ås som bør delta i denne søknadsrunden fordi dei har ein god sjanse til å få inn pengar frå EUs 7. rammeprogram, seier Simen Ensby, som leier Internasjonalt kontor hos Forskingsrådet.

Satsar på IKT, bioteknologi og samfunnsvitskap

Og det er spesielt innanfor tre hovudområde Forskingsrådet vil satsa på å få forskingsmiljø, som tidlegare ikkje har søkt om EU-pengar, til å koma på bana med ein søknad.

– Det er først og fremst dei som forskar på bioteknologi, informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) og samfunnsvitskap, me er ute etter å få søknader frå. Når ein først får sendt ein søknad til EU, så blir det løyvd pengar til kvar fjerde søknad. Det er altså større sjanse til å få pengar frå EU enn det er å få fri prosjektstøtte frå Forskingsrådet. Då er det sjølvsagt viktig at dei søkjer, og me stiller gjerne opp med både gode råd og kompetanse på dei fagområda det blir søkt om støtte til, lovar Ensby.

– Kvifor har de blinka ut akkurat UiO og UMB som satsingsområde i denne offensiven?

– UiO er det største norske universitetet, og me ser at det finst mange forskingsmiljø som ikkje tidlegare har deltatt i konkurransen om å få pengar frå EUs 7. rammeprogram. Om dei etablerer fleire internasjonale forskargrupper med representasjon frå universitet og høgskular i EU- og EØS-land, vil dei ha stor sjanse til å få finansieringsstøtte frå EU til forskingsprosjekta sine, peikar han på.

Blir lettare å skaffa seg informasjon

Forskingsrådet stiller sjølv med ekspertar, nasjonale kontaktpersonar (NCP) som kan gi gode råd om over 20 forskjellige fagområde. – Alle som søkjer må gjerne ta kontakt med oss, og så skal me hjelpa dei med å få kontakt med den rette rådgjevaren, seier Ensby. Han viser også til at det skal bli lettare å skaffa seg eit oversyn for dei som går inn på Forskingsrådets nettsider.

– No vil det bli mogleg å gå rett frå Forskingsrådets nettsider til utlysinga av dei siste milliardane i EUs rammeprogram. Og for dei som bestemmer seg for senda inn ein søknad vil det vera full beredskap i Forskingsrådet frå utlysinga blir publisert 20. juli og i vekene etterpå, opplyser Ensby.  Han understrekar at Forskingsrådet har velsigning frå universitetsleiinga både ved UiO og UMB når dei har plukka ut desse institusjonane som satsingsområde for å få langt betre utteljing frå EUs 7. rammeprogram for forsking.

– Om forskarane vil det, kan me også koma på besøk til dei og informera meir om innhaldet i utlysinga av desse forskingspengane, understrekar Ensby.

– Kan hjelpa til med etablering av nettverk

I Brussel treffer Uniforum leiaren for Forskingsrådets EU-kontor, Tobias Bade Strøm. Han leier eit kontor på tre personar. Bade Strøm stiller gjerne opp for å skaffa forskarar oversyn over forskarar i andre EØS- og EU-land som kan delta i deira internasjonale nettverk.

UiO-KONFERANSE I BRUSSEL?: – Ein god idé ville vera om Universitetet i Oslo saman med andre universitet kunne arrangera internasjonale konferansar om aktuell forskings- og universitetspolitikk i Brussel, meiner Tobias Bade Strøm som leier Forskingsrådets kontor i Brussel. (Foto: Martin Toft)

– Eg har god kontakt med representantar for dei 19 andre nasjonale forskingsråda i Brussel. Saman har me etablert eit eige uformelt nettverk, Informal Group of RTD Liaison Offices (IGLO) . Så for meg er det berre å ringja ein av dei, dersom eg skal finna ut namn på toppforskarar, som er interesserte i å samarbeida med forskarar frå Noreg innanfor same fagområde, seier han.

– Organiserer møte med EU-representantar

Det er ikkje den einaste jobben han gjer i Brussel.

– Ei av dei viktigaste oppgåvene mine er å ordna møte mellom forskarar og forskingsbyråkratar frå Noreg og dei som arbeider med forsking i EU-institusjonane. Eg kan få dei til å halda anten eit foredrag eller eit innlegg for dei delegasjonane som kjem frå Noreg. EUs generaldirektorat for forsking ligg 500 meter frå kontoret vårt, og det er fullt mogleg å arrangera eit møte med dei på oppdrag frå representantar frå norske forskingsinstitusjonar, fortel han.

Strøm meiner at norske forskingsinstitusjonar er ganske synlege, men at det ikkje vil vera til fånyttes om dei gjorde endå meir av seg.

– Ein god idé ville vera om Universitetet i Oslo saman med andre universitet  og samarbeidspartnarar kunne arrangera internasjonale konferansar om aktuell forskings- og universitetspolitikk i Brussel. Då kan me hjelpa til med å arrangera konferansen saman med til dømes Forskingsrådet i Oslo og den norske EU-delegasjonen.

– Eg kan gjerne halda innlegg om EUs 7. rammeprogram for forsking, men også om t. d. Horisont 2020, som skal overta etter det 7. rammeprogrammet, når det tar slutt i 2013. For UiO må det også vera viktig å markera seg i European University Association. som har hovudkvarteret sitt i Brussel. Det er ein organisasjon som blir lytta til i EU når det handlar om forskings- og universitetspolitikk, slår han fast.

Frå idé til marknad

I åra framover vil EU satsa endå meir på innovasjon, utdanning og forsking. 

 – Det er om å gjera å visa seg fram og syna kvifor det er viktig å støtta akkurat den forskinga som ei bestemt forskargruppa held på med, seier Bade Strøm.

– ”Frå idé til marknad” er eit viktig slagord for EU-forskinga akkurat no, konstaterer han. Sjølv er han svært nøgd med at ei av EUs største forskingssatsingar blei til etter eit norsk initiativ. – Havforskingsprosjektet ” Joint Programming Initiative – Healthy and Productive Seas and Oceans” blei formelt sett i gang for rundt eitt år sidan. Ein av dei tre på kontoret, Erik Sandquist, arbeider berre med det prosjektet. Også nummer tre på kontoret, Kathrine Angell-Hansen jobbar med dette prosjektet..Ho er prosjektdirektør og leiar av det internasjonale sekretariatet for JPI Seas and Oceans.

– I september vil truleg EU-kommisjonen koma med ei endeleg tilråding overfor EU-Rådet og EU-parlamentet at dei bør satsa vidare på det prosjektet. Det kan bli både stort og viktig for norsk og europeisk forsking dei komande åra, er han overtydd om.

 

 

 

 

Emneord: EU, Økonomi, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 29. juni 2011 15:38 - Sist endra 30. juni 2011 09:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere