Vil prioritera spesialistutdanninga for tannlegar

Både Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet ynskjer i samarbeid med universiteta å koma fram til ei felles utrekning av dei samla kostnadene til spesialistutdanninga av tannlegar. –  Me er visse på at me no kjem inn i ein god dialog med dei to involverte departementa, slik at saka finn ei løysiing, seier UiO-rektor Ole Petter Ottersen til Uniforum. 

UROA: UiO-rektor Ole Petter Ottersen og UiB-rektor Sigmund Grønmo var uroa over framtida til spesialistutdanninga for tannlegar. No har dei fått svar frå både Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet..

Foto: Ola Sæther

I 2012-budsjettet  vil regjeringa prioritera høgt ei etablering av eit odontologisk kompetansesenter for Vest-Noreg når det nye klinikkbygget i Bergen er klart for innflytting. Det lovar Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet i eit felles svar til dei to universitetsrektorane i Bergen og Oslo om framtida for spesialistutdanninga for tannlegar.  Dette er signal som UiO-rektor Ole Petter Ottersen er svært glad for for å høyra. 

– Dette er ei svært viktig sak. Det dreier seg om ikkje noko mindre enn kvaliteten på tannhelsetenesta i Norge. Me noterer oss med glede at me no blir lytta til og har store forventningar til det komande statsbudsjettet. Me er visse på at me no kjem inn i ein god dialog med dei to involverte departementa, slik at saka finn ei løysiing, seier rektor Ole Petter Ottersen ved UiO til Uniforum.

 Truga med nedlegging

UiO-rektoren kjem med kommentaren etter at han har lese  svaret dei to departementa har sendt både til han og UiB-rektor Sigmund Grønmo etter at dei i eit felles brev i januar truga med å leggja ned delar av spesialistutdanninga for tannlegar om regjeringa ikkje ville løyva meir pengar.  Dei to universitetsrektorane i Oslo og Bergen skreiv at ei eventuell nedlegging av spesialistutdanninga i fleire disiplinar vil gi ei generell kvalitetssenking og få store konsekvensar for norsk odontologi. Spesialistutdanningane er eit tilbod til kandidatar med bestått grunnutdanning i odontologi og minst to års røynsle frå allmennpraksis.

Alternativet dei peika på, er at spesialistutdanningane i framtida i større grad enn no må ta opp betalande studentar frå utlandet. Resten av plassane skal øyremerkast kandidatar som er tilsette i stillingar med dobbelkompetanse. 

Manglar 600 000 kroner for kvar kandidat

I brevet peika dei på at overføringa frå Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet ikkje er nok til å dekkja dei reelle kostnadene for kvar kandidat.  Dei viste til at prislappen blir mellom 840 000  og 910 000 kroner for kvar kandidat i året. Sjølv om regjeringa løyvde fire millionar ekstra til spesialistutdanninga på statsbudsjettet for 2011, utgjer det berre 50 000 kroner kvar kandidat. Totalsummen for kvar av dei ville då berre koma opp i 240 000 kroner i året, peika dei to universitetsrektorane på.

Vedgår ikkje underfinansiering

Dei to departementa kjem dei no litt i møte, men dei vedgår ikkje at spesialistutdanninga er underfinansiert. Kunnskapsdepartementet viser til at deira løyvingar til universiteta inneheld ein komponent som har dekt kostnadene som universiteta har på spesialistutdanningane.

Sjølv om dei to departementa er einige om at det er Helse- og omsorgsdepartementet som på sikt skal finansiera spesialistutdanninga, har likevel ikkje Kunnskapsdepartementet redusert den delen av løyvingane til universitetet som har å gjera med utdanningane i odontologi, går det fram av brevet.  Etter deira meining skal løyvingane frå Kunnskapsdepartementet stå fast, slik at dei frigjorde midlane kan brukast til å auka forskingsinnsatsen på området.

Auka budsjettet med 22 mill.

Dei slår også tilbake mot påstanden om at spesialistutdanninga av tannlegar er blitt nedprioritert. Dei viser til at den samla utgiftsramma over kapittel 770 i statsbudsjettet for 2011, blei auka frå om lag 70 millionar kroner til 100 millionar kroner. Det inneber ein ekstra auke på 22 millionar kroner, som er øyremerkte tiltak innanfor odontologi.

4 millionar kroner går til spesialistutdanning av tannlegar, medan 6 millionar går til effektivisert utdanningsveg på universiteta for tannlegar med dobbeltkompetanse, altså både forskar og spesialist.  I tillegg blir det lista opp 4 mill. til utprøving av mogleg ny spesialitet i klinisk odontologi og 4 mill. til vidare oppbygging av regionale kompetansesenter i odontologi. Dessutan går det også nokre millionar til mellom anna behandling av folk med tannlegeskrekk og til utdanning av tannpleiarar.

Dei to departementa understrekar også at spesialistutdanninga av tannlegar blir ein del av eit organisert samarbeid mellom det planlagde kompetansesenteret i Bergen og Det medisinsk-odontologiske fakultetet.  

No inviterer altså departementa dei to universitetsrektorane til eit møte der dei skal gjera ei felles utrekning av dei samla kostnadene til spesialistutdanninga for tannlegar. Resultatet kan i beste fall bli større løyvingar til spesialistutdanninga av tannleggar i statsbudsjettet for 2012.

 

Emneord: Odontologi, Økonomi, Undervisning Av Martin Toft
Publisert 13. mai 2011 14:44 - Sist endra 19. mai 2011 00:16
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere