Vann delfinale med protein 64

Doktorstudent Helene Knævelsrud vann den første delfinalen i Forskar-Grand Prix med formidlinga av korleis ho oppdaga protein 64 då ho var på jakt etter nye delar av cella sine søppelbilar. Premien var ein reisesjekk på 7500 kroner. – Reine eventyrforteljaren, meinte jurymedlem  Loveleen Kaur

GLAD VINNAR: Doktorstudent Helene Knævelsrud frå UiO blei svært glad etter at ho var blitt kunngjort som vinnar av den første delfinalen i Forskar-Grand Prix.

Foto: Ola Sæther

Helene Knævelsrud frå Institutt for medisinske basalfag, UiO vann den første delfinalen av Forskar-Grand Prix. Saman med henne går fire av dei andre semifinalistane også vidare til finalen 24. september. Dermed gjekk dei fem andre semifinalistane ut av konkurransen i går. Alle måtte på fire minuttar formidla på ein best mogleg måte det dei forska på.

Toppkarakter hos juryen

Helene Knævelsrud fekk toppkarakteren 6 hos alle dei tre jurymedlemane Loveleen Kaur,Bjørn Vassnes og UiO-rektor Ole Petter Ottersen. Og ho var også ein klar vinnar då stemmene frå publikum i Chateau Neuf var talde opp.

– Juryen sin dom og publikum sin dom talde halvparten kvar, forklarte programleiarane Erik Solbakken og Hadji N’jie. På den tida ho hadde til rådvelde, fortalde Helene Knævelsrud om den lange jakta på eit bestemt protein,  protein 64. – Etter mange forsøk og halvtanna år i laboratoriet, fann eg det. Det var proteinet som førte til at cellene i kroppen forfall og var utsette for kreft. Om me får til å produsera ein medisin som kan bremsa effekten av dette proteinet, kan me lova dykk eit lengre og betre liv, med mindre kreft og demens, sa ho.

Ein imponert jury let seg forføra av framføringa hennar: – Strålande, sa Bjørn Vassnes. – Svært god diksjon, meinte Ole Petter Ottersen. – God innleving, ja reine eventyrforteljaren. Og ordentleg tverrfagleg, tykte Loveleen Kaur.

UiO, HiO, UMB og HIA i finalen

Dei fire andre som gjekk vidare var Anne Chapuis frå UMB, med eit foredrag om isbrekalving- om det enkle i kompleksitet,  Jan Grue frå avdeling for helsefag ved Høgskolen i Oslo med eit foredrag om funksjonshemming og språk, Inger Ottestad frå Høgskolen i Akershus med eit foredrag der ho spurde om fiskeolja må vera fersk for å gi helseeffekt av Omega 3 og til slutt Marianne Heuch frå Institutt for privatrett, UiO med foredraget om friluftslivets lov og rett.

Alle fem møter kvarandre igjen i finalen i Forskar-Grand Prix 24. september. Den 18. juni blir den andre og siste delfinalen i konkurransen. Dermed blir dei 20 deltakarane til slutt reduserte til 10 når den endelege vinnaren skal kårast i september.

Om lag 800 personar fylte setene i Storsalen i Chateau Neuf under delfinalen.

  

Emneord: Forskningsformidling, UiOs 200-årsjubileum Av Martin Toft
Publisert 22. mai 2011 14:04 - Sist endret 22. mai 2011 14:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere