Utviklar smartare energibruk i USA

– Simuleringar i ei tungreknemaskin kan vera til stor hjelp for å utvikla idear og nye materialar som kan spara energi. Det seier seniorrådgjevar David J. Dean i USAs energidepartement til Uniforum. Denne veka deltar han på den internasjonale konferansen om tungrekning (NOTUR) på UiO.

SMART ENERGIBRUK: – Både betre batteri og smarte materialar kan føra til at me brukar mindre energi, men likevel har det same bruttonasjonalproduktet som før, seier seniorrådgjevar David J. Dean i USAs energidepartement.

Foto: Ola Sæther

– Om det skulle skje eit mirakel i dag, slik at alle bilar blei elbilar eller hydrogenbilar, ville det likevel ta mellom 20 og 40 år å omstilla heile samfunnet til ei slik energiomvelting. Difor vil nok USA og andre land framleis ha behov for å kjøpa olje også dei neste tiåra, trur seniorrådgjevar David J. Dean, hos president Barack Obamas statssekretær for vitskap i Det amerikanske energidepartementet. 

– Plastdings reduserte energibruken

Der arbeider David J. Dean med framtidas amerikanske energipolitikk. Han er opptatt av å forklara at det er eit viktig problem dei arbeider med heile tida. – Korleis er det mogleg å redusera energiforbruket, få ned utsleppa av CO2 og samtidig halda oppe bruttonasjonalproduktet? 

– No arbeider me først og fremst for å utnytta den energien me har på ein betre og smartare måte. Eit døme eg kan visa til, er at mange område i USA føler seg plaga av utsleppa frå tungtransporten på vegane. Gjennom å utvikla ein liten plastspoiler, som ein kunne leggja inn i hjulfesta til trailerane, har me klart å redusera energibruken med mellom seks og sju prosent, fortel han. I stor grad er det naturvitskaplege simuleringar og tungrekningar som har gjort dette mogleg.

Full oppbakking frå Barack Obama

Det er ikkje berre tungtransporten som kan utnytta energien på ein betre måte. 

– Både betre batteri og smarte materialar kan føra til at me brukar mindre energi, men likevel har det same bruttonasjonalproduktet som før, seier Dean. Han føler at dei har full oppbakking frå president Barack Obama i dette arbeidet, sjølv om det truleg blir ein kamp å få eit romsleg budsjett, når budsjettframlegget for 2012 blir lagt fram.

– Alt i alt er nok amerikanske politikarar på tvers av partigrensene opptekne av at me kan utnytta energien betre enn i dag, anten det er fornybar energi, kolkraftverk eller gasskraftverk. Både globalt og regionalt bør me sjå på klimaeffekten. Kva  konsekvensar vil ei full utbygging av vindmøller i Storbritannia få for det norske og det globale klimaet?  Det veit me ikkje så mykje om enno, konstaterer seniorrådgjevaren, som er utdanna kjernefysikar.

– Klarte å halvera CO2-utsleppet

– Berre gjennom å skifta ut eit kolkraftverk med eit gasskraftverk, har me klart å redusera CO2-utsleppa til halvparten av det tidlegare nivået, seier han. Me prøver heile tida å erstatta forureinande energi med vasskraft og atomkraft.  I energidepartementet prøver me å utvikla vitskapen slik at energiforbruket kan bli meir effektivt, seier han til slutt.

I morgon klokka 10.00 taler han på den internasjonale konferansen om tungrekning i Ole-Johan Dahls hus i Gaustadbekkdalen. Arrangørar er Universitetets senter for informasjonsteknologi (USIT) og UNINETT Sigma.   

 

 

Emneord: Informatikk, Matematikk, Internasjonalisering, Miljøforskning Av Martin Toft
Publisert 25. mai 2011 14:13 - Sist endra 25. mai 2011 15:32
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere