UiO-studentar får gå i barnetoget

UiO-rektor Ole Petter Ottersen og internasjonale studentar får gå i barnetoget i Oslo 17. mai. Grunnen er at Universitetet i Oslo er mellom dei utdanningsinstitusjonane i  Oslo som jubilerer.

UiO-rektor Ole Petter Ottersen og internasjonale studentar får gå i barnetoget i Oslo 17. mai. Grunnen er at Universitetet i Oslo er mellom dei utdanningsinstitusjonane i  Oslo som jubilerer. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Dei får likevel ikkje gå fremst i toget, men får bli mellom dei skulane som  passerer slottsbalkongen og får vinka til konge- og kronprinsfamilien. Det skjer klokka 11.45. Toget startar ved Stortorget. Du finn heile 17. mai-programmet på UiOs nettsider.

Universitetet i Oslo er plassert mellom grunnskulane og vidaregåande skular i toget. Oslo katedralskole er neste skule. Gardens Veterankorps skal spela for Universitetet i Oslo, som vil gå under den nylaga fana med inskripsjonen "Også vi søker stjernene". Det er jubileumssekretariatet ved Universitetet i Oslo som har fått dette til, opplyser prosjektleiar Inger Stray Lien til Uniforum. 

Alle tilsette ved UiO har også i år høve til å koma inn i Universitetshagen frå klokka 10.00 for å slappa av,  kjøpa kaffi, is og anna godt på den norske nasjonaldagen. 

NRK og UiOs jubileumssekretariat samarbeider om 17.-maisendinga, og det blir innslag både frå Universitetsplassen og Universitetshagen.

Emneord: UiOs 200-årsjubileum, Kultur
Publisert 16. mai 2011 14:04 - Sist endra 16. mai 2011 14:18
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere