UiO får 46 mill. til vitskapleg utstyr

To forskingsmiljø ved UiO får 46 millionar kroner til investering i vitskapleg utstyr frå Forskingsrådet. Dette utgjer også 46 prosent av den totale tildelinga på 100 millionar kroner. Kjemiprofessor Helmer Fjellvåg er svært nøgd med at røngenforskinga får 25,5 millionar kroner.

GLAD: Professor Helmer Fjellvåg er glad for at den nasjonale røntgenforskinga har fått 25 mill. kroner frå Forskingsrådet. (Arkivfoto)

Foto: Yngve Vogt, Apollon

Det er prosjekta Nasjonal plattform for røntgenbasert forsking og Moderne biletteknikkar for molekylærbiologien som får kvar si tildeling på høvesvis 25,5 millionar og 20,5 millionar kroner. Det gjorde Forskingsrådet kjent denne veka.

– Hard konkurranse

Det er professor Helmer Fjellvåg ved Kjemisk institutt som leier den nasjonale plattforma for røntgenbasert forsking.

– Ja, me set enorm pris på å ha nådd fram i ein hard konkurranse. Dette vil koma store brukarmiljø til gode, både ved UiO og NTNU. Og det vil gjera SNBL-anlegget i Grenoble endå meir attraktivt for norske og internasjonale brukarar, seier Fjellvåg til Uniforum.

I dette prosjektet skal det mellom anna investerast i utstyr innanfor røntgentomografi. Saman med oppgradering av eksisterande utstyr vil dette leggja forholda betre til rette for forsking i kjemi, fysikk, material- og nanoteknologi, farmasi og medisin. Ifylgje Forskingsrådet vil dette gjera norske forskarar i stand til å utnytta internasjonale synkroton- og nøytronanlegg optimalt.

– Modernisering og utviding

Fjellvåg er viss på at tildelinga gir store fordelar til forskingsmiljøet.

– Ved UiO gir dette modernisering og utviding av utstyrsparken. Det ypparste av utstyr vil verta skaffa. Det skal mellom anna gå til strukturbestemmng basert på einkrystallar, in-situ-studiar av materialar under reelle vilkår; studiar av nanomaterialar, polymerar, løysingar ved småvinkelspreiing; karakterisering av synteseprodukt ved pulverdiffraksjon og studiar av tynne filmar og belegg, opplyser han.

Vitamininnsprøyting

Professor Oddmund Bakke ved Institutt for molekylær biovitskap leier arbeidet med moderne biletteknikkar for molekylærbiologien.

- For  forskningsgruppa mi  vil dette seia at me kan styrkja og utvida  forsøka våre innanfor cellulær immunologi og vera med internasjonalt i utviklinga. Det er ei enorm vitamininnsprøyting for oss som arbeider direkte med det og vil nok føra til ytterlegare rekruttering ettersom moderne instrument er essentielle. Etter gårsdagens tilbakemelding frå mange delar av universitetet og andre norske universitet er det ei glede for mange brukarar at Forskingsrådet  satsar på kjernefasilitet innanfor biletdanning. 
 
- Noko av dette utstyret bør alle som driv med biletdanning av levande organismar ha lokalt, men det er også viktig med større kjernefasilitet for opplæring,  med topp ekspertise og utstyr for dei meir avanserte måtane å bruka det på. I denne plattforma er det planlagt ekstra laboratorieplass for besøkjande forskarar, fortel Oddmund Bakke.
 
Samarbeider med Radiumhospitalet
 
Han vil også understreka at det er fleire forskingsmiljø som vil få glede av desse utstyrsinvesteringane.
 
- Dette er biletdanningsplattform  for livsvitskap og blir nytta i medisin, celle- og molekylærbiologi og evolusjonbiologi. Den er komplementær til fleire andre  plattformer for livsvitskap. Me har spesialisert oss på biletdanning inne i cellene (subcellulær) og å filma inne i levende celler. Denne plattforma som no blir utvida er delt mellom Oslo universitetsykehus/Radiumhospitalet leidd av Harald Stenmark og Institutt for molekylær biovitskap på Blindern, leidd av meg. Me har begge forskingsgrupper som er med i kvar sin senter for framifrå forsking, seier Bakke.

  Innanfor FUGE-plattforma har fleire forskargrupper samarbeidd om ei nasjonal arbeidsdeling. No kan den nasjonale plattforma for biletteknologiar rustast opp, og dei kan auka tilbodet av vitskapleg utstyr til dei forskarane som er knytte til plattforma.

Tilgjengeleg for alle

Utstyret dei to nasjonale forskingsprosjekta vil kjøpa inn, skal også gjerast tilgjengeleg for alle andre relevante forskingsmiljø i Noreg, ikkje berre for den institusjonen som skal husa utstyret, understrekar Forskingsrådet. 

I denne runden fekk sju prosjekt over heile landet pengar til investering i vitskapleg utstyr. To av dei har altså hovudkvarteret sitt ved Universitetet i Oslo. 22 andre forskingsmiljø går vidare til andre runde innanfor storskalaprosjekt.

UiO står som søkjar på tre av desse, får Uniforum opplyst i Forskingsadministrativ avdeling. Det gjeld EATRIS Centre Norway, Bioteknologisenteret, Norwegian Barcode of Life Network og Language Infrastructure made Accessible. Samtidig er UiO partnar i åtte andre prosjekt.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Økonomi, Realfag, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 12. mai 2011 16:28 - Sist endret 13. mai 2011 07:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere