Rekordrask doktor lovprisar Kvalitetsreforma

Åtte år tar det å bli doktor etter innføringa av Kvalitetsreforma i 2003. Det klarte 27-åringen Karoline Kjesrud med glans då ho disputerte 8. april.

MOGLEGE VAL: – Innføringa av Kvalitetsreforma har gjort det mogleg for meg å ta emne i både litteratur, kunsthistorie, historie og norrønt språk, fortel Karoline Kjesrud, som er ein av dei første Kvalitetsstudentane som kan kalla seg for doktor.

Foto: Ola Sæther

– Kvalitetsreforma har gjort at eg har fått eit fint studieløp. Eg begynte på ex.phil. og ex.fak. etter gammal ordning, men då det blei oppretta eit program som heitte Vest-europeisk mellomalderstudium for bachelorstudentar, melde eg meg på det, og blei dermed ein av dei første studentane som fylgde Kvalitetsreforma, fortel Karoline Kjesrud til Uniforum. Seinare tok ho master i Viking- og mellomalderkultur.

– Svær kunnskapsbrønn

– Heile studieløpet mitt har vore tverrfagleg. Difor har innføringa av Kvalitetsreforma gjort det mogleg for meg å ta emne i både litteratur, kunsthistorie, historie og norrønt språk. Det har vore ein svær kunnskapsbrønn å ausa av, synest ho. No er Karoline Kjesrud ein av dei første Kvalitetsstudentane som også kan titulera seg doktor.

Rett før påske disputerte ho for ph.d.-graden med ei avhandling om islandske riddarsagaer. Den ber tittelen ”Lærdom og fornøyelse. Sagaer om helter på eventyr – et speilbilde av ideer og forestillinger fra senmiddelalderen på Island” og er gjort ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium.

– I skuggen av dei islandske ættesagaene

– Dei islandske riddarsagaene frå 1400-talet har i lang tid kome i skuggen av dei islandske ættesagaene. Dei har hatt eit ufortent dårleg rykte i det norrøne fagmiljøet. Dei riddarsagaene eg har analysert, blei alle funne i eit manuskript frå ein gammal gard på den nordlege delen av Island. Manuskriptet har no hamna på eit bibliotek i Stockholm. Historiene viser seg å innehalda både naturvitskap, bibelhistorie, leksikonkunnskap og historie. Forteljinga om Troja er bakt inn i ei av desse historiene. Både løyndom og lærdom er vovne inne i heltesagaene. Ei anna historie handlar om dei overnaturlege eigenskapane i ein edelstein.

– Kvifor er dei mindre kjende enn dei islandske ættesagaene?

– Det er fordi mange rett og slett meinte at det berre var tull og tøys. Dei fortel ikkje så mykje om historiske heltar, men meir om kva islandske seinmellomaldermenneske interesserte seg for. Ein del av riddarsagaene kan ha blitt omsette frå fransk eller engelsk til norrønt. Slik viser dei sambandet mellom Island og resten av Europa, fortel ho.

Skreiv doktoravhandlinga på norsk

Doktorarbeidet hennar er ein del av forskingsprosjektet ”Translation, Transmission and Transformation. Old Norse Romantic Fiction and Scandinavian Vernacular Literacy 1200 –1500.” Med den lange, engelske tittelen på forskingsprosjektet ville det har vore eit naturleg val å skriva doktoravhandlinga på engelsk. Men ikkje for Karoline Kjesrud.

– Eg arbeider med nordisk mellomalder, og då er det heilt naturleg å skriva oppgåva på norsk. Personleg synest eg det er lettare å skriva om temaet mitt på eit nordisk språk. Sidan eg har norsk som morsmål, var det eit lett val å ta. Dessutan meiner eg at det er viktig at norske doktoravhandlingar også blir skrivne på norsk.

– Politisk engasjert for mellomalderstudium

– Du har klart å bli doktor i løpet av åtte år. Det vil seia at du ikkje har tatt fri eit einaste semester. Har du fått tid til å gjera andre ting?

– Eg har hatt nokre månader med forskingsopphald i Roma, og eg har reist ein del i løpet av forskingsperioden. Og så har eg blitt brennande politisk engasjert for mellomalderstudium. Kvar gong fakultetet har foreslått at det skal nedleggjast, har me mobilisert og klart å hindra at det blir gjennomført. No viser det seg også at faget med rettleiaren min, Terje Spurkland i brodden, produserer doktorkandidatar som perler på ei snor. Studiemiljøet er fantastisk bra her. Håpet vårt er at dei beste masterstudentane får høve til å søkja på eit doktorstipend slik at forskarrekrutteringa blir sikra, seier Kjesrud.

Drøymer om å forska meir

Ho har heller ingen planar om å forlata Universitetet i Oslo med det første.

– Det humanistiske fakultetet har eit gjennomføringsstipend. Dermed kan dei som blir ferdige med doktorgraden på tre år, bruka eit fjerde år til å undervisa, ta kurs i universitetspedagogikk og skriva vitskaplege artiklar. Håpet mitt er å få ei postdoktorstilling, så eg kan halda fram med forsking, avslører Karoline Kjesrud.

 

 

Emneord: Litteratur (skjønn-) og forfattere, Kvalitetsreformen, Island, Forskning Av Martin Toft
Publisert 16. mai 2011 10:10 - Sist endra 16. mai 2011 10:26
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere