Med ernæring og menneskerettar på timeplanen

Denne månaden har 10 studentar frå Afrika og Noreg deltatt på verdas første masterkurs i ernæring og menneskerettar ved Universitetet i Oslo. Studentane er til dagleg tilsette i helseinstitusjonar og tar kurset som ein del av ein mastergrad.

RETTEN TIL MAT: Ti studentar frå Afrika og Noreg går på masterkurset i ernæring og menneskerettar: – No beveger Afrika seg i alle fall i rett retning når det gjeld å få folk til å bli klar over at retten til mat er ein menneskerett, seier dei.

Foto: Ola Sæther

Verdas første masterkurs i ernæring, menneskerettar og styring går denne månaden føre seg på Universitetet i Oslo. Studentane er helsearbeidarar frå Sør-Afrika, Zimbabwe, Uganda og Noreg. Formålet er at dei skal ta med seg meir kunnskap om at retten til mat også er ein viktig menneskerett, sjølv om mange av desse landa lir under matmangel, medan dei eigentleg kunne vore Afrikas kornkammer.

Studerer i tre land

Alle studentane oppheld seg først halvannan månad i Noreg, deretter halvannan månad i Sør-Afrika, før dei avsluttar studiet med halvannan  månad i Uganda.  Målet er at alle studentar skal sjå sambandet mellom ernæring, menneskerettar og styring. Dei skal avslutta kurset med ei oppgåve om forholdet mellom desse tre elementa. Alle dei afrikanske studentane har fått eit stipend frå Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) sitt program NOMA, medan dei norske kan søkja om finansiering gjennom Statens lånekasse for utdanning.

Ernæring- ein ukjend menneskerett

– I Uganda har ikkje folk flest rekna retten til mat og god ernæring som ein menneskerett. Men no begynner diskusjonen også å ta til der.  Landet vårt kunne ha produsert matvarer til mange andre land i verda, men dessverre produserer det ikkje nok mat til å brødfø sitt eige folk, seier Rachel Bahika.

Frederick Kizitof rå Uganda likar å ha fått sjansen til å ta dette kurset.

– Det er eit flott tilbod me har fått her. Masterprogrammet er ganske unikt, meiner han. Joanita Orishaba frå Uganda meiner heimlandet hennar kunne vore Afrikas brødkorg.

– Me håpar at dette kurset på nytt kan vekkja interessa for kor viktig det er at retten til mat og god ernæring også blir sett på som ein menneskerett, meiner ho.

– Etter dette kurset kan i alle fall me hjelpa folket med å bli klar over det, seier Frederick Kizito.

Skal opplysa folk

– Retten til mat og reint vatn er viktige menneskerettar. Difor er det viktig for meg å få folk til å bli medvitne om dette, seier Nicola Eley frå Sør-Afrika. 

– Me synest det er flott og utfordrande at me er dei første studentane som tar masterkurset i ernæring og menneskerettar. No skal me dra heim og opplysa folk om det, lovar Carla Rosseau frå Sør-Afrika. 

Rachel Bahika synest likevel Afrika er på rett veg.

– Tidlegare har ikkje folk vore klar over at retten til mat og reint vant er universelle menneskerettar.  Om ikkje regjeringa klarar å skaffa dei det, har dei rett til å protestera, seier ho.

– No beveger Afrika seg i alle fall i rett retning, meiner alle studentane. 

– Studiemiljøet og forholdet mellom studentane og forelesarane er også alle tiders, synest dei ti deltakarane.

OPPLYSA: – Etter dette kurset kan me hjelpa folk til å bli klar over at retten til mat er ein menneskerett, seier masterstudentane frå Afrika og Noreg.

– Svært motiverte studentar

Per Ole Iversen er prosjektleiar for dette masterkurset, og han er svært nøgd med kor dyktige studentar dei har fått til kurset.

– Eg er viss på at dei vil bringa med seg kunnskapen vidare til heimlanda sine, slik at helsevesenet kan bli endå betre og folk kan bli klar over at retten til mat er ein menneskerett, seier Iversen.

– Alle studentane er også svært motiverte sidan dei arbeider i helsevesenet, og er klar over at dei kan utgjera ein skilnad, seier Per Ole Iversen.

 

 

 

 

 

Emneord: Ernæringsforskning, Medisin, Internasjonalisering, Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 24. mai 2011 15:48 - Sist endra 25. mai 2011 10:13
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere