Kultur til IT-folket

I dag kunne Lunsj med kultur invitera til klassisk konsert  for informatikkarane i Ole-Johan Dahl hus i Gaustadbekkdalen. – Det vil bli fleire lunsjar med kultur andre stader enn i Georg Sverdrups hus i tida framover, lovar primus motor og songar Gjøril Songvoll.

OPERA I LUNSJEN: Gjøril Songvoll framførte smakebitar frå fleire kjende operaer då Lunsj med kultur flytta inn i Ole Johan Dahls hus i formiddag.

Foto: Ola Sæther

Det er ei tildeling på 100 000 kroner frå Kulturdepartementet til UiO som har gjort det mogleg å senda Lunsj med kultur på turné rundt på forskjellige arbeidsplassar ved Universitetet i Oslo.

I dagens lunsj med kultur i Ole-Johan Dahls hus tok prosjektleiar Gjøril Songvoll sjølv over hovudrolla etter at songaren Anne Wiik Larsen måtte melda avbod. Dei som var til stades, fekk høyra O mio babbino caro  av Puccini, L'amour est un oiseaux rebelle frå operaen Carmen av Georges Bizet, men også smakebitar frå Czardasfyrstinna av den ungarske komponisten Emmerich Kálmán.

Dessutan spelte fiolinisten Karl  Espegard stykket Våren  av Edvard Grieg, akkompagnert av pianisten Monica Tomescu-Rohde. Musikarane akkompagnerte også Gøril Songvoll i songnummera hennar.

I kantina var det eit engasjert publikum, som kunne registrera at akustikken i lokalet var upåklageleg. I morgon er det tradisjonell Lunsj med kultur i Georg Sverdrups hus klokka 12.15. Då er det UiOs eldste studentorkester, Medicinsk Paradeorchæster som skal skapa humor og furore med musikken sin i foajeen i UiOs praktbygning på Blindern.

KANTINEMUSIKK: Lunsj med kultur flytta inn i kantina i Ole-Johan Dahls hus i formiddag. (Foto: Ola Sæther)

 

Emneord: Kultur, Velferdsutvalget, Arbeidsmiljø Av Martin Toft
Publisert 26. mai 2011 13:20 - Sist endra 26. mai 2011 13:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere