Hyttekunst på Blindern

Kunstnaren Helene Sommer byggjer no hytte på Blindern. Ho brukar materialar, tavler og anna utstyr som ho har funne på UiO, til å kle hytta med. Prosjektet er ein del av Klimafestivalen på laurdag.

HYTTEBYGGJAR: Kunstnaren Helene Sommer er i ferd med å byggja denne hytta framfor Niels Henrik Abels hus på Blindern. Ho er engasjert av Klimafestivalen til å stilla ut eit kunstprosjekt som illustrerer temaet for festivalen.

Foto: Ola Sæther

For første gong i historia blir det no bygd ei hytte på Blindern. Det er kunstnaren Helene Sommer (f. 1978) som er den første av fire kunstnarar som er blitt inviterte til å setja sitt preg på dei fire idéfestivalane som jubileumssekretariatet skipar til i 2011. Kunstprosjekta skal på ulikt vis setjast inn i dei festivalane der dei skal visast fram.

Hytta som tankesmie

– Hytta er ein stad for tenkjarar, ein stad der folk i Noreg trekkjer seg tilbake til naturen, og eit symbol på naturvern. Filosofane Arne Næss, Ludwig Wittgenstein og kunstnaren Kurt Schwitters brukte alle hytta som eit tankerom, ein inspirasjon og ein plass å trekkja seg tilbake frå samfunnet, fortel Helene Sommer til Uniforum. Framfor henne står to menn og set opp rammeverket til hytta, like ved skulpturen av matematikkgeniet Niels Henrik Abel på Blindern.

 – Utanpå hytta skal me plassera bygningsmaterialar som me finn på universitetsområda både på Blindern og i Sentrum. Noko har eg også fått frå lageret på Frysja. Inne i hytta skal folk få sjå ein videomontasje som fortel litt om historia til hytta dei er inne i. Der vil det vera klipp frå dokumentarar, bilete og lyd. Kommentarane blir lesne av ei eldre dame, som truleg har ei viss tilknyting til Universitetet i Oslo, men me veit det ikkje, me berre anar det, fortel Sommer lurt.

Uhyggeleg hytte

Ho ynskjer også å peika på at sjølv om ein vanlegvis identifiserer hytta med noko romantisk og naturleg, kan hytta også knytast til meir uhyggelege hendingar. Matematikaren og samfunnskritikaren Ted Kaczynski, som seinare blei kjend som Una-bombaren, bestemte seg for å setja i gang ein bombekampanje mot universitet og flyselskap i USA etter å ha budd i ei hytte i Montana i fleire år. Han meinte samfunnet øydela naturen rundt han.

– På den måten vil eg visa at vår romantiske oppfatning av ei hytte ikkje alltid passar inn i røyndomen, slår Sommer fast.

Resirkulering

Når ho har valt å bruka materialar som ho har funne eller fått på UiO, ligg det også ein klar idé bak det.

– Det handlar sjølvsagt om resirkulering og korleis ideen skaper nye historier gjennom nye kontekstar og nye bilete, forklarar ho. Dei som tar turen inn i hytta på laurdag, kan få sitja på ein av tre kubbestolar.

– Dei har Teknisk avdeling kutta opp til meg etter eit tre som nyleg blei felt ved Meteorologisk institutt.  

Når Klimafestivalen er over, skal hytta rivast ned og byggjast opp igjen i Galleri Sverdrup. Der vil den etter kvart få selskap av kunsten til dei tre andre kunstnarane som skal delta på dei tre andre idéfestivalane.

– Det blir mykje nedrigging og opprigging. For meg er dette første gongen eg har eit oppdrag på Universitetet i Oslo. Eg har ikkje eingong vore student her, berre på Kunstakademiet. No gler eg meg, seier 33 år gamle Helene Sommer, som resten av året bur i Berlin.

 

 

 

Emneord: Kunst, UiOs 200-årsjubileum, Miljøforskning Av Martin Toft
Publisert 19. mai 2011 15:23 - Sist endra 19. mai 2011 23:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere