Georg Morgenstiernes hus får Arne Næss’ auditorium

Universitetet i Oslo har bestemt seg for å heidra både lingvisten Georg Morgenstierne og filosofen Arne Næss i same bygning. Dermed kan ein no finna Arne Næss’ auditorium i Georg Morgenstiernes hus. Bygningen og auditoriet blei offisielt opna av rektor Ole Petter Ottersen i dag.

ARNE NÆSS’ AUDITORIUM: Enka til Arne Næss, Kit Fay Næss les omtalen av Arne Næss utanfor Arne Næss’ auditorium.

Foto: Ola Sæther

– Arne Næss var både ein rabulist og ein levande akademikar. Me har alle vakse opp med bøkene hans ”En del elementære logiske emner” og ”Filosofiens historie 1 og 2”, sa rektor Ole Petter Ottersen under opningsmarkeringa. Arne Næss blei filosofiprofessor ved UiO som 27-åring i 1939. Seinare la han grunnlaget for djupøkologien.

– Jobba for menneske og natur

– Då han som 92-åring blei tildelt St. Olav i 2005, vart det sagt om han at han hadde jobba for menneske og natur i 92 år, sa Ottersen. Han var glad for at enka til Arne Næss, Kit Fay Næss og klatrevennene hans også var til stades under markeringa. Mannen som har fått heile bygningen kalla opp etter seg, Georg Morgenstierne blei også trekt fram under markeringa.

Eventyrar og forskar

– Han var ein eventyrar, ein utforskar og ein forskar. Det var ei slags nansensk ånd over han, meinte Ottersen.

– Morgenstierne kom til avsides dalar i Afghanistan, dagens Pakistan og India, som ingen europear hadde besøkt sidan Aleksander den store var i området rundt 500 år før Kristus. Han var ein forskar som jobba med både lingvistikk, sosialantropologi og religionshistorie. Morgenstierne gjorde eit spennande forskingsprosjekt på dei indo-iranske språka. I dag er desse områda Taliban-land. Det blir sagt at han døydde med pennen i handa, medan han var i ferd med å skriva ein ny forskingsartikkel, fortalde Ottersen.  

Både HF-dekan Trine Syvertsen, teknisk direktør Frode Meinich, universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe og ein representant frå Statsbygg trekte fram kor viktig det var med ein slik bygning midt på Blindern.

– No kan me endeleg bli betre på studentareal også. I nært samarbeid med dei folka som held til i nabobygningen, kan filosofane våre observera biologane i dei rette omgjevnadene sine i Kristine Bonnevies hus, spøkte HF-dekanen.

Oppdaga systove og ølbryggeri

Heile Teknisk avdeling fekk fortent heider for arbeidet dei hadde gjort.

– Under rehabiliteringa oppdaga me både ein motorsykkelverkstad, ei systove og eit uautorisert ølbryggeri. Dei måtte sjølvsagt bort,før me kunne ta til med å rehabilitera bygningen, sa Frode Meinich, som omtalte det som ein infrastrukturskandale at UiO leigde mange tusen kvadratmeter lokale eksternt i Oslo, samtidig som ein bygning på 12 000 kvadratmeter stod nesten tom på Blindern.

– Det var difor bra at UiO på eiga hand klarte å fullfinansiera denne bygningen, etter at Kunnskapsdepartementet hadde gitt oss klar beskjed om at det ikkje ville bli sett av budsjettmidlar til den. For oss var det også naturleg å gi byggjeoppdraget til Statsbygg, som allereie hadde gjort forarbeidet for oss, sa Meinich.

Etter opninga blei alle dei frammøtte inviterte med på tapas og eplejuice i kantina i Georg Morgenstiernes hus.

 

 

 

 

Emneord: Filosofi, Språk, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 20. mai 2011 15:15 - Sist endra 20. mai 2011 15:37
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere