Daude dyr på vandring

Operasjon Noas Ark har starta på Naturhistorisk museum ved UiO. Fram til hausten skal mange utstoppa dyr bli flytta frå kjellar og loft i Zoologisk museum til hypermoderne magasin på Økern.

OPPSIKT: Denne innpakka kronhjorten vekte stor interesse hos den vesle jenta, då ho fekk auge på den.

Foto: Ola Sæther

Kronhjort i innpakkingspapir. Ein leopard på  ein pall og apekattar i øskjer. Det er synet som møter Uniforum når me tar turen innom rommet som tidlegare husa Darwin-utstillinga . ApefossiletIda er framleis på den faste plassen sin, men har kome heilt i skuggen av dei utstoppa dyra som skal få nok eit liv etter døden. Denne gongen blir heimen deira magasinbygningen på Økern. Flyttefolka synest også dette er ei morosam oppgåve, og viser oss bileta frå dagen før, då sebraene blei flytta.

Nedkjøling på Økern

Midt i kaoset står flyttesjef og zoolog Eirik Rindal og dirigerer det heile. – Apekattane er over 100 år gamle og svært skjøre. I dag vil det ikkje vera mogleg å få tak i dei, fordi dei er freda. Difor må me behandla dei svært varsamt, fortel han. Men det er langt fleire enn apekattane som skal til Økern.

EMU: Flyttesjef og zoolog Eirik Rindal passar på at denne australske emuen blir pakka inn og merkt, slik at det blir mogleg å finna den igjen når den har hamna i magasin på Økern.(Foto: Ola Sæther)

– Meininga er at alle dyra som ikkje har ein god plass på Zoologisk museum, skal flyttast til dei moderne magasina der oppe. Alle vil då bli plasserte i eit fryserom med ein temperatur på 40 minusgrader i fem dagar. Då reknar me med at alle skadedyra er døde. Deretter skal dei pussast og filmast og plasserast i magasina som vil ha ei luftfukt på 60 prosent, forklarar han. Rindal er også REVITA-koordinator for Naturhistorisk museum. Han er altså ansvarleg for revitaliseringa av museet sine samlingar.

Kan venda tilbake til museet

Kvart einaste dyr blir det tatt bilete av. Biletet bli så limt på øskja eller kassen med supplerande informasjon, slik at museumsfolka heile tida vil vita kva dyr som er i dei forskjellige øskjene. Det er truleg ikkje siste gong desse dyra vil vera på flyttefot.

– Nei, me håpar at me om nokre år vil ha klar ein magasinbygning på området til Naturhistorisk museum. Då vil heile samlinga vera på same plass. Det kan truleg ta minst ti år. Samlinga vår er i konstant vekst, så her kan dei ikkje lenger vera, seier Rindal.

NOAS ARK: Noas Ark er ein varebil for denne kronhjorten.  Flyttemannskapet synest også dette er ein original jobb. (Foto: Ola Sæther)

Dyra blir heller ikkje overlatne til seg sjølve på Økern. – Dei som forskar på dei dyra som skal flyttast ut, blir med på flyttelasset til Økern, slik at dei kan halda fram med forskinga si i nær kontakt med objekta, understrekar han. Sjølv blir han ikkje blant dei. Han er ekspert på soppmygg. – Dei treng ikkje så stor plass, humrar han.

Isbjørn skoten av Nansen

Nede i utstillingslokalet har me berre sett ein bitte liten del av dyra som er stua inn i kjellar og på loft i Zoologisk museum. Eirik Rindal tar oss difor me inn i vareheisen som fører oss til toppetasjen i museet. Då me er framme, går me ut, opp ei trapp og inn ei dør. Me er på loftet i Zoologisk museum. På alle kantar finst det døde dyr. Krokodillar, havskilpadder, slangar og sjøløver. Inne i ein krok står det ein isbjørn med plast over seg. ”Isbjørn skutt fra Fram, våren 1896 i polarisen. Konservator: Fridtjof Nansen”, står det. Så spora etter Nansen går altså heilt opp til loftet i Zoologisk museum!

Rare, giftige fiskar

Litt lenger borte i korridoren viser Rindal oss ein annan kuriositet.

– Dette er Nord-Europas største samling av flodhesthovud. Dei er over hundre år gamle. Det må ha kosta ein formue å frakta dei frå Afrika til Noreg, trur Rindal. I fugleavdelinga finst det både kongeørn, duer og tiur. I fiskeavdelinga ser me ekte, giftige, japanske fiskar, som ser rarare ut enn dei raraste dyra i utstillinga ”Dyr du skulle ønske ikke fantes DSØIF” i etasjen under.

Viktige for miljøforskinga

– Kvifor kastar de ikkje desse dyra i staden for å bruka masse tid og ressursar på å ta vare på dei?

– Sjølv om dyra er gamle og skjøre, kan det vera mogleg å forska på dei og ta DNA-prøvar av dei. Det kan til dømes vera mogleg å undersøkja korleis miljøgifter har påverka dyr i dag gjennom å samanlikna med DNA frå dyr som levde på jorda for 100 år sidan, lenge før dagens klimaendringar tok til. Sidan den vitskaplege utviklinga går så raskt, kan det vera at me kan finna ut langt meir om 15 år enn i dag, slår han fast.

Det kjem stadig inn nye bidrag til samlinga.

– Ja, me får heile tida inn nye dyr frå Noreg, både ulv, bjørn og gaupe. Pattedyr frå Afrika er det derimot slutt på. Men framleis samlar me inn insekt derifrå, understrekar han. Borte i eit anna rom har zoologane plassert kvalskjelett. Rindal finn ei kjempesvær tann av elfenbein og løftar den opp i vêret. – Dette er støyttanna til narkvalen. Sjømenn hevda at dette var tanna til einhjørningen. Slik oppstod den myten, fortel han.

Sigarkassar frå Cuba

Rundt omkring finst det mange små kassar med jordprøvar og bein.

PÅ TUR: Ein utstoppa leopard på pall vekte stor oppsikt hos desse barna i Zoologisk museum.(Foto: Ola Sæther)

– Dette er sigarkassar frå Cuba. Nikotinen beskyttar innhaldet mot insekt og tidas tann, smiler Rindal. På etiketten står det ”jordprøver, beinrester fra dyr, menneske”. Rindal rører rundt i sigarkassen og plukkar opp ein bit av ein hovudskalle frå eit lite menneske. – Det er sanneleg mykje rart her.

Etter at dyra er flytta ut, er utstillingslokalet klart for ei ny permanent utstilling. Det får namnet Ida-rommet og blir ei permanent utstilling om museet sin mest berømte innbyggjar. Det blir ei anna historie.

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Naturhistorisk museum, Zoologi Av Martin Toft
Publisert 16. mai 2011 11:34 - Sist endra 16. mai 2011 12:32
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere