– Al Jazeera var viktigare enn Facebook

– Al Jazeera var langt viktigare enn dei sosiale media under revolusjonane i Tunisia og Egypt. Det sa medieprofessor Knut Lundby under ein debatt om media si rolle i kampen for menneskerettane.

REVOLUSJONANE SINE ANSIKT: Den egyptiske journalisten Mona Eltahawi (t.v.) og den tunisiske bloggaren, Line Ben Mhenni er revolusjonane sine kvinnelege ansikt.

Foto: Martin Toft

– Det var Al Jazeera som formidla det som skjedde dag for dag i Egypt, og vidareformidla dei meldingane selskapet fekk frå folk i Tunisia via Facebook og Twitter. Utan tradisjonelle media ville ikkje revolusjonane blitt kjende over heile verda og klart å velta dei to diktatoriske presidentane Ben Ali og Hosni Mubarak.

– Samtidig skal ein vera klar over at mange av dei videosnuttane som blei lagde ut på sosiale medium seinare også fann vegen til sendingane til dei store internasjonale fjernsynsselskapa. Difor var det ei slags samanvevd handling mellom gamle og sosiale medium. Det sa medieprofessor Knut Lundby i ein debatt om medias rolle i kampen for menneskerettane. Debatten blei skipa til at Norsk senter for menneskerettar, UiO, som også hadde invitert den tunisiske bloggaren Lina Ben Mhenni og den egyptiske journalisten Mona Eltahawy til å delta i ordskiftet. Det gjorde også den dagestanske journalisten Gregory Shvedov.

– Starta på grasrota

Universitetslæraren Line Ben Mhenni byrja som bloggar fordi det ikkje eksisterte noko fri presse i Tunisia.

– I Tunisia var både Facebook og Twitter heilt nye sosiale medium for oss. Det heile starta på grasrota. For då politiet kom og drap folk, var folk nøydde til å publisera bilete av det som skjedde i bloggar på Internett. For det var ingen av dei statskontrollerte media som dekte desse sakene. Internett var nyttig for oss for slik blei det som gjekk føre seg kjent og spreidd vidare til presse og kringkasting over heile verda. Om sakene berre hadde blitt publiserte i sosiale medium, ville ikkje revolusjonen ha lykkast, meinte ho.

Ben Mhenni viste til at fleire år tidlegare tok det lang tid før dei fekk vita om eit opprør i Sør-Tunisia.

– Denne gongen var det annleis. Me klarte å reisa oss mot den diktatoriske president Ben Ali og få han avsett. Likevel er mykje framleis likt som før. Avisene er dei same, journalistane dei same og politikarane dei same. Men dei har endra synspunkta sine. No er håpet vårt at me skal klara å forandra på ting under parlamentsvalet 24. juli, sa ho.

Protesterer framleis

Tunisias berømte bloggar kom også inn på den siste uroa i heimlandet sitt.

– Den 4. mai var det samanstøytar mellom politi og demonstrantar og fleire personar blei drepne. Ein tidlegare statsråd meinte at ingenting var blitt endra og at alt var ein konspirasjon. Folk drog difor ut på gatene for å protestera. Media skreiv lite om det,  hadde ho registrert.

Roste Tunisias grunnlov

Den egyptiske journalisten Mona Eltahawy var derimot optimistisk på Tunisias vegner.

– De hadde allereie nedfelt i dykkar grunnlov like rettar mellom kvinner og menn. Det er det me gjerne også vil ha med i vår grunnlov, men som me møter sterk motstand mot, slo ho fast.

Revolusjonsfrøet sådd i 2005

Eltahawy kom også med ein brei analyse av bakgrunnen for revolusjonen i Egypt.

– Den byrja eigentleg ikkje i 2011, men i 2005. Då skjedde dei første protestane mot president Hosni Mubaraks styre. I 2007 var det ein liten gut som blei slått i hel av politiet etter at han hadde stole to kartongar med te. Dommaren var modig og dømde politimannen. Det blei også publisert i offentlege mediekanalar. Det førte til at bloggarar etablerte eit nettverk av menneskerettsaktivistar og advokatar, som kunne formidla rapportar om overgrep frå politiet, fortalde ho.

Den bloggande fagforeiningsleiaren

To år seinare skjedde ei anna banebrytande hending i Egypt.

– I 2007 var det mange tekstilarbeidarar som gjekk til streik mot dårlege arbeidsvilkår, trass i at streik var forbode under den permanente unntakstilstanden. Deira fagforeiningsleiar blei også ein kjent bloggar. Og gjennom bloggen hans, kom det også stemmer frå mellomklassen. I denne perioden begynte også menneskerettsgrupper, arbeidarrørsler, kvinneorganisasjonar og Den muslimske brorskapen å samarbeida mot makthavarane. Dette nettverksarbeidet førte til at medan den aller første demonstrasjonen i 2005, mobiliserte 3000 personar, kunne dei siste demonstrasjonane på Tahrir-plassen i Kairo samla mange hundre tusen,  slo ho fast.

– Etter parlamentsvalet hausten 2010 og kampanjen for å få sonen til Mubarak, Gamal til å overta som president, tok folkerørslene på nytt til gatene for å demonstrera. Då me såg kva dei fekk til i Tunisia, fekk me nytt mot, og gav oss ikkje før Mubarak hadde gått av som president i Egypt, sa Mona Eltahawy.

Revolusjonsvinden når ikkje Kaukasus

Den dagestanske journalisten Gregory Shvedov hadde lita tru på at den demokratiske revolusjonsvinden frå Nord-Afrika og Midtausten også skulle nå dei valdsråka landa og regionane i Kaukasus.

AL JAZEERA VIKTIGAST: – Al Jazeera spelte ei større rolle enn Facebook under revolusjonane i Nord-Afrika, meinte medieprofessor Knut Lundby (t.h.) Den dagestanske journalisten Gregory Shvedov trudde ikkje revolusjonen ville koma til Kaukasus.

 

 

 

 – Ta til dømes ein mann som Tsjetsjenias president Ramzan Kadyrov. Det verserer rettssaker mot menn som har myrda på oppdrag for han i mellom anna Austerrike. Hos folk flest gjer det større inntrykk å sjå at i det tidlegare så krigsherja landa blir bruer bygde opp igjen og nye hus blir bygde som erstatning for dei som blei bomba under krigen på midten av 1990-talet og byrjinga av 2000-talet. Personleg kjenner eg mange som likar presidenten, understreka Shvedov.

– Russlands og Georgias gislar

 Han tok også føre seg andre land i regionen.

– I Ossetia lever folk i dag som gislar av Georgia og Russland. Heller ikkje eg trur russarar vil gå i gatene for å krevja nye reformer. Likevel finst det nokon som skriv om menneskerettsbrot i området på Internett og Facebook. Det er viktig at dei får tilbakemeldingar og positive signal på det arbeidet dei driv, meinte han.

Debatten blei leidd av førsteamanuensis Jan Helgesen ved Norsk senter for menneskerettar, UiO. 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Afrika, Menneskerettar, Egypt Av Martin Toft
Publisert 18. mai 2011 16:02 - Sist endra 19. mai 2011 23:34
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere