Times Higher Education tar sjølvkritikk for feil tal

– Vi burde ha oppdaga feilen og tek ansvar for dette. Samstundes var det UiO som innrapporterte feil tal, så ansvaret må delast. Det seier redaktøren i Times Higher Education, Phil Baty til På Høyden i ein kommentar til at UiO ikkje var med mellom dei 200 beste då rankinglista for 2010 blei publisert.

 ANSVARET MÅ DELAST: –Vi burde ha oppdaga feilen og tek ansvar for det. Samstundes var det UiO som innrapporterte feil tal, så ansvaret må delast, seier Phil Baty, redaktøren i Times Higher Education

Foto: Åse Johanne Roti Dahl i På Høyden

No lovar Phil Baty  at det ikkje skal bli noko reprise på dette i 2011.

– Likevel, feilen vart retta opp, og det vil ikkje skje igjen, sa han til På Høyden onsdag 27. april.. Han har også svaret på kvifor amerikanske universitet dominerer rankingslistene.

– Årsaka til at amerikanske universitet toppar rankinglistene er at staten spyttar inn pengar i sektoren, meiner Phil Baty.

Times Higher Education (THE) si rankingliste over dei 200 beste universiteta i verda er ei av dei mest anerkjente listene. I 2009 forlet THE gamle kriterium og metodar og byrja på ny frisk, med nye måleindikatorar. Då den nye rankingslista kom ut, skapte resultata oppstand i universitetsverda. Somme britiske travarar som har vore vane med gode plasseringar kom dårlegare ut, små og relativt ukjende universitet klatra på listene og den amerikanske dominansen er påtakande.

 – Vi såra nokre ego, fortalde Phil Baty til ein fullsett sal då Christiekonferansen gjekk av stabelen ved Universitetet i Bergen i går.

USA satsar meir

Den britiske redaktøren peikar på fleire årsaker til at rangeringa endra seg med dei nye måleindikatorane, men meiner at hovudårsaka bak den amerikanske dominansen på rankinglistene er dei statlege løyvingane. Medan britiske løyvingar til universitetssektoren har gått kraftig ned og skal bli ytterlegare kutta, har USA forstått verdien av kunnskapsutvikling. Også i ei rekke asiatiske land ligg løyvingane på eit høgare nivå.

– USA har nokre av dei beste universiteta i verda fordi dei investerer i sektoren, sa han.

Medan både Noreg og Storbritannia ligg om lag på snittet når det gjeld investeringar i universitetssektoren, gjer våre nordiske naboar det langt betre.

– Det er viktig å vere merksam på at både Sverige, Danmark og Finland brukar meir pengar på sektoren enn Noreg, sa Baty.

Han var klar på at universiteta sin suksess  og dermed også deira klatring på rankinglistene, heng saman med dei offentlege løyvingane

 Slått av veslebror

Medan Universitetet i Bergen hamna på 135. plass i THE si nyaste rangering av verdas 200 beste universitet, hamna Universitetet i Oslo etter først å ha blitt utelate på grunn av ein rapporteringsfeil, på 186. plass. Rektor Ole Petter Ottersen ved UiO hadde likevel mykje å utsetje på resultatet og gav uttrykk for at han hadde mista tilliten til undersøkinga.

 I ettertid har Baty hatt mange samtaler med representantar frå UiO ved ulike høve.

– Det var ein desimalfeil i dei innrapporterte tala frå UiO som førte til at universitetet opphavleg fall ut av lista over dei 200 beste. Vi burde ha oppdaga feilen og tek ansvar for dette. Samstundes var det UiO som innrapporterte feil tal, så ansvaret må delast. Likevel, feilen vart retta opp, og det vil ikkje skje igjen, seier han til På Høyden.

Han understrekar at THE arbeider tett opp mot UiO for å overbevise universitetet om at rankinglista er eit grundig arbeid. Han peikar på at THE er den rankinglista som blir referert til i størst grad.

– Vi er fast bestemte på å vise alle universiteta at våre resultat er til å stole på, og eg trur vi vil kome dit med UiO også. Vi har fått etablert eit betre forhold, seier han.

Baty understrekar at truverd er avgjerande. Han meiner at det viktigaste THE kan gjere for å overbevise om at lista er resultatet av eit grundig arbeid basert på nøyaktige metodar er å satse på openheit. Difor har dei mellom anna valt å publisere resultatet av ei omdømeundersøking.

Nøkkelen til suksess

Ifølge Baty er det først og fremst talet på siteringar frå vitskaplege artiklar som gjer at UiB har klatra på THE si rankingliste. UiO har eit større volum på forskinga, men det er UiB som i størst grad blir siterte.

Talet på siteringar er ein av dei måleindikatorane som i større grad vert vektlagt i THE-lista etter at dei gjorde om på systemet. Ein av indikatorane som blir tillagt langt mindre vekt enn tidlegare, er omdømet til universiteta. Dette kan også vere noko av årsaka til at somme tradisjonsrike, britiske universitet kjem dårlegare ut no enn tidlegare, ifølge Baty. I tillegg framhevar han måling av læringsmiljøet og evne til å skaffe eksterne midlar som indikatorar som er med på å kjenneteikne THE-lista.

 – Evna til å gje forskingsbasert undervisning er blant dei indikatorane som viser kor rikt læringsmiljøet er, seier han til På Høyden.

Samstundes understrekar Baty at skilnaden mellom UiB og UiO ikkje nødvendigvis er så stor som den ser ut som. Medan det er stor skilnad på universiteta på dei 50 øvste plassane, er skilnaden mellom universitet på plass 100 og 200 mindre.

– I røynda ligg UiB og UiO relativt tett. Dei er begge universitet med kvalitetar, seier han.

 Kan endre seg

Plasseringar på rankinglistene er, om universiteta vil det eller ei, noko som blir lagt merke til i det internasjonale samfunnet, og det er nettopp difor dei er så viktige, understrekar Baty. I ei verd der stadig fleire studentar vel ein annan studiestad enn universitet i heimlandet og der den internasjonale mobiliteten blant vitskaplege tilsette er stor, er det avgjerande å vere internasjonalt synlege.

– Vi kan likevel aldri måle alt universiteta står for. Korleis kan vi måle at universitetet har snudd opp ned på livet til ein 18-åring eller at ei oppdaging har forandra samfunnet, spurde han.

Fordi rangeringslistene får så stor merksemd ,forstår han godt at universitet som klatrar utnyttar den positive effekten det gjev. Likevel meiner han at det kan vere risikabelt å rope for høgt om gode resultat. Rankingane kan variere noko frå år til år, og ulik vekting av ulike indikatorar kan gje utslag. Baty fortel at det vil kome endringar i målinga til neste år, men dette vil berre vere mindre justeringar.

– Hovudmålet vårt er å bruke indikatorar og lage rankinglister som viser samanhengar og gjev stabile resultat over tid. Då vil det bli færre endringar frå år til år og mindre drama når rankinglista vert publisert, seier han.

.

Emneord: Rangering, Strategisk plan, Internasjonalisering Av Åse Johanne Roti Dahl i På Høyden
Publisert 28. apr. 2011 11:42 - Sist endra 28. apr. 2011 12:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere