Med menneskerettsdomstolane under lupa

Høgsterett har ikkje lenger det siste ordet i alle lovsaker. Det har i ein viss grad blitt overtatt av menneskerettsdomstolane. Kva gjer dette med statens vande, overordna rolle i samfunnet? spør filosofiprofessor Andreas Føllesdal og jussprofessor Geir Ulfstein i  forskingsprosjektet ”The Legitimacy of Multi-level Human Rights Judiciary”.

REFORMER: – Ein del av våre omgrep og perspektiv kan brukast til å koma med forslag til reformer av FNs menneskerettsorganisasjon, konstaterer filosofiprofessor Andreas Føllesdal, som leier eit forskingsprosjekt som mellom anna skal sjå nærare på konsekvensane av dommane til dei internasjonale menneskerettsdomstolane

Foto: Ola Sæther

Det var rett før jul i fjor professor Andreas Føllesdal ved Norsk senter for menneskerettar fekk vita at han hadde fått ei løyving på 21 millionar kroner frå Det europeiske forskingsrådet (ERC) for å undersøkja legitimiteten til menneskerettsdomstolar og liknande organ både nasjonalt, europeisk og internasjonalt. Med seg får han jussprofessor Geir Ulfstein, som tidlegare har vore direktør ved Norsk senter for menneskerettar.  

– Skyttargravskrig

– Målet vårt er å spenna ut eit lerret mellom ei teoretisk retning og ei politisk retning når me forskar på dei internasjonale menneskerettsdomstolane. Dette er eit område som har vore prega av ein skyttargravskrig mellom dei som meiner at menneskerettsdomstolane er eit trugsmål mot den demokratiske nasjonalstaten, og dei som meiner dei har vore viktige for å hindra eller rydda opp i alle overgrep og folkemord etter Den andre verdskrigen. Kritikken i Noreg har i stor grad retta seg mot Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg, fortel Føllesdal.

Han viser til ein dom som nyleg blei kunngjort:

– Eit godt døme er ei italiensk kvinne som 3. november 2009 fekk medhald i at det var ei krenking av trua og religionsfridomen til ikkje-katolikkar at alle dei italienske klasseromma hadde eit krusifiks på veggen. 18. mars i år  gjorde Menneskerettsdomstolen heilomvending og konkluderte med at det var det ikkje, fordi katolisismen var ein del av Italias kulturarv, og difor kunne krusifikset bli hengjande. Då blei kanskje mange katolikkar varme tilhengjarar av domstolen, medan ateistane ikkje lenger hadde det så greitt, konstaterer han.

Forskingsprosjektet han no er i ferd med å setja i verk, tar tak i denne kritikken.

– Det banebrytande med forskinga vår, er at me at me som forskarar mellom anna tar denne kritikken av menneskerettsdomstolane på alvor. Difor vil me gå djupt inn i materien og finna ut kva kritiske argument det er hald i og kva det ikkje er hald i. Når lykkast domstolane og når lykkast dei ikkje? Og kva viser dette om statssystemet vårt? Ei sentral utfordring er korleis dei mange ulike menneskerettsorgana bør vera  koordinerte for å unngå konfliktar og uheldige gliper seg imellom. Og me ynskjer å finna ut kva desse menneskerettsorgana på fleire nivå viser om statssystemet vårt, seier Føllesdal.  

– For tungrodd

Han peikar dessutan på at prosjektet har fått i oppdrag å sjå på ei mogleg reform av FNs menneskerettsorganisasjon. – I dag er systemet for tungrodd. Ein del av våre omgrep og perspektiv kan brukast til å koma med forslag til reformer, konstaterer han. Han viser til at både han og Geir Ulfstein har arbeidd med liknande prosjekt ved Senter for grunnforsking, der dei leidde prosjektet ”Should States Ratify Human Rights Conventions? ”

– Der blei ideane fram til dette forskingsprosjektet utvikla, seier Føllesdal. Han ser på Ulfstein og seg sjølv som eit godt tospann:

– Ulfstein utviklar den juridiske delen av forskingsprosjektet, medan eg er mest interessert i normativ, politisk teori, fortel han.  

Rettsprinsipp kan måtta vika

Begge viser til at ei aktuell problemstilling kan vera konsekvensane av at Den europeiske menneskerettsdomstolen er overordna norsk rett på komplisert vis. Menneskerettsdomstolen står fast på at rettsapparatet må vera demokratisk. Samtidig kan tradisjonelle norske rettsprinsipp bli skadelidande. Eitt av dei er nærleiksprinsippet, eit anna at du skal bli dømt av likemenn. Det er ikkje sikkert at desse prinsippa kan brukast i dei rettsinstansane som er overordna nasjonalstaten. Kva slags rettsprinsipp som då bør gjelda, må vurderast kritisk, fortel Føllesdal.

I prosjektet vil det delta både filosofar, juristar og statsvitarar.

– Kjenneteiknet for prosjektet vårt er at det skal vera gode grensesnitt mellom fagområda. Alle er avhengige av og må vera opne for innspel frå andre fag enn deira eige, understrekar Føllesdal.

Den 9. september blir forskingsprosjektet formelt starta, med ein stor internasjonal forskarkonferanse i Oslo. Då vil det også ha blitt tilsett to personar i nyoppretta postdoktorstillingar og ein person skal ha fått eit doktorstipend frå Det juridiske fakultetet. Allereie i dag arbeider postdoktorane Birgit Schluetter og Johan Karlson Schaffer med tema i prosjektet.

– Når prosjektet er i gang har me rekruttert dyktige og godt motiverte personar til dei ledige forskarstipenda. Vårt mål er å gi dei professorkompetanse, slik at prosjektet kan bli ein godt springbrett for deira vidare karriere. For bortsett frå Ulfstein og meg vil dei fleste andre i prosjektet ha mellombelse forskarstillingar, understrekar han.

Internasjonalt forskarnettverk

Føllesdal og Ulfstein har også knytt til seg eit nettverk av forskarar frå universitet i heile Europa som gjesteforskarar. – Dei skal opphalda seg nokre månader om gongen i Oslo og vil mellom anna diskutera saman med stipendiatane. På den måten blir dei ein viktig del av forskingsmiljøet, slår han fast. – Samtidig vil me oppfordra andre forskarar som er opptatt av rettsleggjering og internasjonale rettsavgjerder, om å ta kontakt med oss, slik at me kan samarbeida nærare, legg han til.

– Ikkje-eksisterande konflikt

Andreas Føllesdal kjem også med eit lite hjartesukk:

– Konflikten mellom vitskaplege tilsette og administrative tilsette er ikkje-eksisterande. I dette prosjektet har me fått uvurderleg hjelp frå Henrik Strøm og Randi Rørlien i sekretariatet til Det juridiske fakultetet, og frå EU-rådgjevarane Mette Topnes, Lars Øen og andre krefter i Forskingsadministrativ avdeling ved UiO. Dei gav oss heile tida gode råd om kva me burde ha med og kva det ikkje var naudsynt å ha med i søknaden til Det europeiske forskingsrådet. Det viser at det er behov for solid kompetanse av alle slag for å koma nokon veg, peikar han på.

Og i dei fem åra forskingsprosjektet skal halda på, skal dei ha lokale hos Norsk senter for menneskerettar, UiO i Vika.

.

 

 

Emneord: Menneskerettar, Jus, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 14. apr. 2011 11:50 - Sist endra 14. apr. 2011 12:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere