Frå pelsjeger i Sibir til museumsdirektør i Oslo

– Besøket mitt på Vikingskipshuset på Bygdøy for eitt år sidan er ei av mine største museumsopplevingar, seier Rane Willerslev til Uniforum. Men den nytilsette direktøren for Kulturhistorisk museum har  ikkje bestemt seg for om det framtidige museet bør vera på Bygdøy eller i Bjørvika..

VISJONAR: Rane Willerslev er svært begeistra for vikingskipa og Vikingskipshuset. Helge Ingstad er førebiletet hans. No er han tilsett som direktør for  Kulturhistorisk museum.

Foto: Ola Sæther

– For meg er det viktig å gå gjennom heile lokaliseringssaka og høyra alle argumenta før eg tar eit standpunkt om eit par månader, seier Rane Willerslev.

For eitt år sidan besøkte han Vikingskipshuset på Bygdøy for første gong.

– Kombinasjonen av det heidenske og estetisk vakre vikingskip og eit museum bygd som ein kristen katedral, er heilt unik. For meg var det ein heilt fantastisk atmosfære der. Vikingskipsmuseet i Roskilde har ingenting å stilla opp med mot dette. Verdas einaste komplette vikingskip sel seg sjølve. Det er lett å forstå at det er det mest besøkte museet i Oslo, seier Rane Willerslev til Uniforum dagen etter at han er tilsett som museumsdirektør for Kulturhistorisk museum ved UiO.

– Blei spurt

– Søkte du jobben på eiga hand eller blei du spurt om å søkja?

 – Eg blei faktisk spurt, men etter at søknadsfristen var gått ut. For ein venn av meg hadde sendt meg forslag til interessante jobbar eg burde søkja på i Noreg. Då var denne stillinga ei av dei aktuelle, og fordi eg hadde lyst til å finna ut kor langt fram eg ville koma i konkurransen, sende eg CV-en min til hovudjegerfirmaet. Seinare tok dei kontakt med meg og kjørte mange jobbintervju og personlegdomstestar. Eg har aldri vore gjennom ein så grundig tilsetjingsprosess nokon gong tidlegare, vedgår han.

Med Helge Ingstad som førebilete

Den 39 år gamle antropologen Rane Willerslev er i dag leiar for De etnografiske samlinger ved Moesgård Museum i Århus. Mannen som til hausten skal overta etter dagens museumsdirektør Egil Mikkelsen, har Helge Ingstad som førebilete og har sjølv drive med pelsjegerliv i Sibir.

– Eg var til saman tre år i Sibir og i doktoravhandlinga mi såg eg på forholdet mellom dyr og menneske blant urfolk i Sibir. Hos dei var det også ein klar egalitær leiarskap. Den som leidde jegerane, gjorde det på grunn av kunnskapen sin. Om han misbrukte makta, ville han raskt bli skvisa ut. Denne egalitære leiarmodellen har eg stor sans for, og den er meir vanleg i Noreg enn i Danmark, der mest alle institusjonar er toppstyrte. For meg er det ein stor fordel at både medarbeidarane og fagforeiningane er med i heile tilsetjingsprosessen. Då veit eg kvar eg har dei, og dei får eit bilete av korleis eg er som leiar, fortel han.

Willerslev lovar at han ikkje skal overkjøra dei tilsette med sine fikse idear.

– Dei skal vera heilt sikre på at dei ikkje får ein psykopat som leiar. Det første eg vil gjera som sjef, er å ta ein medarbeidarsamtale med kvar einaste medarbeidar og finna ut kva draumar og visjonar dei har. Eg vil halda fram med å ta avgjerder i nært samarbeid med representantar for styret, medarbeidarane og fagforeiningane. Det er ein leiarmodell eg har stor sans for, forsikrar han.

– Meir verkeleg enn røyndomen

– Kva visjonar har du for Kulturhistorisk museum?

– For meg er det viktig at museet kan formidla ein røyndom som er meir verkeleg enn røyndomen. Det kan me gjera gjennom bruk av virtuelle verkemiddel. Eg var nyleg på ei voodoo-utstilling på eit museum i Amsterdam. Der hadde dei laga virtuelle bilete av voodoo-dokker med nåler, og dokkene såg på deg med ein gong du kom inn i utstillinga. På den måten kom du inn i ein virtuell røyndom som var meir verkeleg enn røyndomen. Som antropolog er eg opptatt av å laga tverrfaglege utstillingar med arkeologar og etnografar. Eg trur det er langt lettare å få til for min generasjon enn forgjengarane våre. Tidlegare var det ofte mange kongar på haugen i dei forskjellige faggruppene. Eg håpar å få til offentleg interesse om vitskapen og utstillingane våre gjennom å stilla dei sentrale spørsmåla folk er opptatt av: Kvar kjem me ifrå, kvifor er me til og kvar går me? seier han entusiastisk.

– Viktig med politisk oppbakking

Willerslev er dessutan opptatt av å ha nær kontakt med politikarane. – Den politiske oppbakkinga er svært viktig for eit museum. Då må me fortelja dei kor viktig museet er for byen og landet. Då blir det lettare å få gjennomført prosjekta våre, sidan dei vil ha eit medvite forhold til kva museet står for, understrekar han. – Inntrykket mitt er at eg har klart å få til ein slik entusiasme rundt utstillingane til De etnografiske samlinger ved Moesgård Museum, seier han utan at det verkar som skryt.

– Og kva veit du om vikingtid og mellomalder?

Fakta om Rane Willerslev:

Er professor i antropologi og direktør for De etnografiske samlinger ved Moesgård Museum.

Har ein ph.d.-grad frå Cambridge University og har universitetsutdanninga si frå Aarhus Universitet og University of Manchester.

I 1996 arbeidde han for ”The Committee for Nature & Peoples of the North” for å undersøkja dei sosioøkonomiske konsekvensane for urfolket i Sibir.

Kjem frå København og blei denne veka tilsett som ny direktør for Kulturhistorisk museum ved UiO. Tar til i stillinga i løpet av hausten 2011.

 

 – Som sagt har eg samarbeidd nært med arkeologar, og eg har personleg ei stor interesse for den tida. Dessutan ser eg mange felles trekk med det arkeologar er opptatt av og feltarbeidet mitt som antropolog i Sibir. Eg kjenner sjølvsagt til det flotte arbeidet som min landsmann, avdelingsdirektør Jan Bill gjer på Vikingskipshuset, slår han fast.

På flukt i Sibir

Willerslev vender stadig tilbake til tida i Sibir.

– Urfolket i Sibir var også eit jeger- og veidefolk, samtidig som dei dreiv med pelshandel. Men dei var heile tida fattige. Då eg prøvde å etablera direkte kontakt mellom dei og pelsauksjonane i Danmark, fekk eg store problem med oppkjøparane og var på flukt i Sibir i åtte månader. Då budde eg først hos ein ung pelsjeger, seinare hos ein eldre pelsjeger og kona hans. Det var ein iskald vinter, fortel han. Denne opplevinga har han fortalt om i boka ”På flugt i Sibirien”.

– Når flyttar du til Oslo?

– Til hausten ein gong. Kona mi tar ein ph.d. i International Law, og på det området er faktisk Universitetet i Oslo eit internasjonalt sentrum. Så håpar eg at nokre kollegaer ynskjer å dra på elgjakt med meg. Eg har erfaring frå Sverige, og eg har dessutan skote både ulv og bjørn i Sibir. Difor reknar eg meg som ein godt kvalifisert jeger, smiler han.

 

 

 

 

Emneord: Museene, Vikingskipshuset, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 13. apr. 2011 16:04 - Sist endra 14. apr. 2011 09:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere