Brenn for formidling

– Det er ei stor utfordring å forklara det komplekse enkelt for folk som ikkje er fagpersonar, seier Tuva Øktedalen.  – Eg er irritert på dei humanistane som har ei nedlatande haldning til formidling, seier Finn Iunker. Begge er mellom dei 20 doktorstipendiatane som skal delta i Forskar-Grand Prix i vår.  

SEMIFINALISTAR: Stipendiat i litteraturvitskap, Finn Iunker og stipendiat i psykologi, Tuva Øktedalen er begge tatt ut til semifinalen i Forskar-Grand Prix 21. mai

Foto: Ola Sæther

Det var i februar UiO 200, jubileumssekretariatet ved UiO,  lanserte Forskar-Grand Prix for Oslo og Akershus. 60 kandidatar melde seg på, og no har 20 av dei blitt plukka ut til semifinalane i Storsalen i Chateau Neuf  21. mai og 18. juni. Programleiarar for både semifinalane og finalen den 24. september blir Haddy N’jie og Erik Solbakken, også kjende som programleiarar for Den internasjonale Grand Prix-finalen i Oslo i mai i fjor. 

12 av dei 20 semifinalistane kjem frå Universitetet i Oslo. To av dei er psykologistipendiat Tuva Øktedalen og stipendiat i litteraturvitskap, Finn Iunker. Og begge brenn for formidling.

Tuva Øktedalen vil få fem minuttar på seg til å fortelja om doktorgradsprosjektet sitt, ” Skyld og skam i posttraumatisk stresslidelse”.  

– Ei viss øving har eg fordi eg måtte presentera tre ulike forskingsprosjekt på engelsk under 25-årsjubileet til forskingsinstituttet ved Modum bad i 2010. Det gjekk bra å formidla til dei 100 som var til stades, synest ho.

Brecht på fem minuttar

Finn Iunker får like lang tid til å forklara kva doktoravhandlinga hans om ”Brechts lærestykker, rettsfilosofisk betraktet”.  – Eg har ei viss erfaring i å halda foredrag med undervisning i seminarorganisering, men ikkje så mykje rein foredragserfaring. Nyleg heldt eg eit innlegg på årsmøtet til Forfattarforeininga. Då blei eg både tørr i halsen og sveitt i hendene, men eg klarte å framføra det eg hadde på hjarta, seier han nøgd.  

Skuld og skam

Tuva Øktedalen er opptatt av å forska på det som ikkje er blitt tatt alvorleg av helsepersonellet tidlegare når det gjeld posttraumatisk stressliding.

– Det finst lite forsking på kor viktig skuld og skam er ved posttraumatisk stressliding, trass i at helsepersonell ser på skuld og skam som svært sentrale kjensler ved posttraumatisk stressliding (PTSD). Prosjektet ynskjer å få meir kunnskap om i kva grad skuld og skam er ein del av den posttraumatiske stresslidinga, og korleis skuld og skam verkar inn på utfallet av behandlinga, forklarar ho. 

Finn Iunker meiner at han er ein forskar som er fødd på rett tidspunkt for å kunna skriva om Bertolt Brecht.

– Det meste som er skrive om Brecht, er skrive under Den kalde krigen. No er det 20 år sidan Berlinmuren fall, og det er kanskje lettare for meg, som er fødd i 1969, å sjå Brecht og tida hans enn det det er for dei eldre Brecht-forskarane.

– Han var ein marxist som skreiv lærestykke rundt 1930 og brukte tidstypiske rettsomgrep som unntak, regel, tiltak og samtykke, seier han. 

Presenterer essensen i forskinga

– Har de ikkje ein viss innebygd motstand mot å delta i ein konkurranse i forskingsformidling?

– Jau, sjølvsagt hadde eg det. Men det er eigentleg ein svært fin sjanse til å fortelja på ein enkel måte om kva eg held på med. Dette krev at ein kjenner feltet sitt veldig godt, og det er her utfordringa ligg, understrekar Iunker.

Øktedalen nikkar og er heilt einig.

– Det som me får tid til å presentera på fem minuttar, er essensen i den forskinga me held på med. Det er akkurat det same me gjer når me må presentera forskingsprosjektet vårt i ein søknad til Forskingsrådet og EU.  Ja, også når eg skal

 

Dette er Forskar-Grand Prix:

Starta ved Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger og NTNU i 2010.

Doktorkandidatar skal presentera forskinga si på ein best mogleg måte på fem minuttar framfor eit publikum på opptil 1000 personar.

I Oslo deltar kandidatar både frå UiO, Høgskolen i Oslo og Akershus, Universitetet for miljø og biovitskap og Noregs musikkhøgskule.

Semifinalane går 21. mai og 18. juni. Finalen blir 24. september. 

  

 

presentera prosjektet mitt overfor ein fagperson, som ikkje er spesialist på temaet mitt, får eg bruk for eigenskapen med å fortelja innhaldet i prosjektet på ein kortfatta og lett forståeleg måte, seier ho. 

– Korleis fekk de vita om Forskar-Grand Prix?

– Eg såg det i ein fellesmail. Så melde eg meg berre på og fylte ut skjemaet om synet mitt på forskingsformidling og ein kortfatta presentasjon av doktoravhandlinga mi, fortel Iunker.

– Det var det same som skjedde på Psykologisk institutt. Og i tillegg brukar instituttet driftsmidlar på oss som er blitt plukka ut. Difor finansierer dei ei reise til USA, der eg skal studera statistikk, fortel Øktedalen glad.   – HF har ikkje gjort det for oss, seier Iunker lettare misunneleg. 

Håpar på mørkt lokale

Det er ingen som har oppfordra dei til å søkja.

– Det har me gjort heilt av oss sjølve, sver dei på.

No både gruar og gler dei seg til å presentera forskinga si for nesten 1000 personar i Chateau Neuf 21. mai.

– Me håpar at heile rommet er mørkt, slik at me ikkje ser publikum, seier dei til Uniforum.

 

 

 

 

Emneord: UiOs 200-årsjubileum, Forskningsformidling, Psykologi, Tekst/Historie Av Martin Toft
Publisert 8. apr. 2011 12:28 - Sist endra 8. apr. 2011 16:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere