Bok om bibliotek

Medisinsk bibliotek markerer UiOs 200-årsjubileum ved å gi ut ei historiebok om seg sjølv.  – Dette var ei spennande og interessant historie å skriva, seier dei pensjonerte bibliotekarane Kari Halldal(t.v.) og Marit Fonnum . –  Ei fin gåve, seier hovudbibliotekar Kari Austveg og overbibliotekar Anne-Gry Skonnord.

HISTORIEBOK: Dei pensjonerte bibliotekarane Kari Halldal (t.v.) og Marit Fonnum har skrive bok om Medisinsk bibliotek. Her står dei saman med  hovudbibliotekar Kari Austveg nr. 2 frå høgre) og overbibliotekar Anne-Gry Skonnord.

Foto: Martin Toft

Historieboka ”På vandring”  er allereie delt ut gratis til alle dei tilsette ved Universitetsbiblioteket.  Akkurat no blir ho også distribuert til interesserte tilsette på Det medisinske fakultetet. Alle andre som vil ha boka, kan få den gratis ved å venda seg til biblioteket. Det opplyser overbibliotekar Anne -Gry Skonnord  og hovudbibliotekar Kari Austveg.

 – Dette er vårt bidrag til UiOs jubileum, understrekar dei.  Begge synest det er fint at det er to tidlegare tilsette som har skrive boka om biblioteket. – Det er fint å kunna bruka kunnskapen og bakgrunnen deira på den måten, legg dei til.

– Fin pensjonistsyssel

Forfattarane Marit Fonnum og Kari Halldal er svært glade for å ha fått dette oppdraget.

– For oss har det vore ein fin pensjonistsyssel.Til tider har det også vore eit detektivarbeid.  Historia til Universitetsbiblioteket begynner med at den første båtlasta med bøker frå København til Christiania kjem i 1815. Me ville gjerne ha eit autentisk bilete av briggen ”Resolutionen” av Kragerø som frakta dei 299 bokkassane.  Då måtte me på Sjøfartsmuseet for å finna det rette biletet, fortel Halldal og Fonnum. – Dessutan har det vore mange lange dagar i Riksarkivet og i arkivet til Nasjonalbiblioteket.

Dyre boksøk

– Kva har vore den største forandringa ved biblioteket?

– For oss har det vore utviklinga frå papirbaserte til elektroniske tidsskrifter. Dessutan har både internett og e-post gjort alt mykje enklare. Tidlegare måtte me ringja opp Karolinska biblioteket i Stockholm for å gjera søk i Medline – den viktigaste databasen vår. Det kunne ta lang tid og bli ganske dyrt. Det hende at sentralborddama braut inn og spurde ”Er de ikkje ferdige snart? ” Då blei søket brote og me måtte ringja opp igjen og starta søket på nytt. Dette var utanlandstakst, så det kunne bli dyrt å søkja i ein utanlandsk database som Medline, minnest dei.

Overbibliotekar  Anne-Gry Skonnord er godt nøgd med resultatet.

– Dei to har gjort ein god jobb og me synest det er ei flott gåve til dei tilsette, seier ho.

Både Kari Halldal og Marit Fonnum får likevel eit problem:

– Kva skal me ta oss til no? Me har møtt kvarandre ein gong i veka fram til boka blei ferdig. Så me får halda fram med å møtast i alle fall ein gong i månaden, smiler dei.

 

 

Emneord: Universitetsbiblioteket, UiOs 200-årsjubileum, Universitetshistorie Av Martin Toft
Publisert 13. apr. 2011 14:36 - Sist endra 13. apr. 2011 15:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere