– Al Jazeera har skapt større pressefridom

– Lokale massemedium i Midtausten har fått større pressefridom på grunn av påverknaden frå den internasjonale nyhendekanalen Al Jazeera. Det sa nyhendesjef i kanalen, Mostefa Souag til Uniforum under ein pressekonferanse måndag 11. april.

FANGA I LIBYA: – Me arbeider for å få dei arresterte journalistane sette fri, sa nyhendesjef Mostefa Souag i Al Jazeera. Mellom dei tre er den norsk-palestinske fotografen Ammar Al-Hamdan.

Foto: Ola Sæther

Heile Europa-staben til Al Jazeera var i Oslo denne veka der dei har deltatt på seminaret ”Human Rights and Freedom” i regi av Norsk senter for menneskerettar ved UiO.   Der fortalde nyhendesjef Mostefa Souag om Al Jazeera sine arbeidsmetodar. 

Sjølv om både den arabiske og engelske utgåva av Al Jazeera får meir og meir respekt og integritet internasjonalt, var ikkje Souag redd for å vedgå at kanalen i eitt tilfelle hadde blitt manipulert av propagandmaskina til Moammar al-Gadaffi i Libya.

– Me fekk mange telefonar med tips frå libyarar om at det var ein massakre på gang av opprørssoldatar i Tripoli. Sjølvsagt ringde me tilbake, og det var same personen som tok telefonen.  Likevel gjekk me i første omgang ikkje ut med meldinga. Så kom det endå fleire telefonar, også frå libyarar utanfor Libya, som lurte på kvifor me ikkje hadde brakt noko om denne ”massakren” i Tripoli.

    Då me hadde sju forskjellige kjelder på denne opplysninga, gjekk me på lufta med meldinga, men utan å seia at Al Jazeera var kjelda til dette nyhendet. Seinare oppdaga me at det var eit godt organisert propagandautspel frå den libyske regjeringa, som hadde manipulert oss, fortalde Souag.

Stengd ute frå Tunisia

Dei fleste ekspertar meiner at Al Jazeera var vel så viktig for revolusjonane i Tunisia og Egypt som dei sosiale media Facebook og Twitter. 

– I Tunisia var me ikkje til stades for me hadde ikkje fått løyve av styresmaktene til å ha kontor der. Difor blei det viktig for oss å kommunisera med demonstrantane via Facebook og Twitter.  Når det gjeld Egypt så var me heile tida til stades med kamera på. Demonstrantane ville at stemmene deira skulle høyrast og ansikta deira visast, slik at politiet ikkje skulle koma inn og arrestera dei og setja dei i fengsel.  Ein periode blei også alle sendingane til Al Jazeera stengde, men dei blei opna igjen. 

  Det tragikomiske var at den egyptiske statskringkastinga hevda at det var rein løgn frå Al Jazeera si side å melda at politistyrkar hadde gått til åtak på demonstrantane ridande på hestar og kamelar. Bileta til kommentaren viste nettopp det Al Jazeera hadde meldt: politistyrkar til hest og til kamel som gjekk til åtak på demonstrantar, fortalde han.

Elska og hata

 I dag er kanalen både elska og hata i Midtausten. Mest hata av makthavarane og mest elska av vanlege folk. Verken Marokko, Syria eller Algerie tillet at Al Jazeera har journalistar i landa.

Heller ikkje Libya tillet det lenger, etter at dei hadde ein liten representasjon i hovudstaden Tripoli, som hadde klare avgrensingar i handlingsrommet sitt.   Nettopp i Libya set tre av Al Jazeeras folk i fengsel, mellom dei den norsk-palestinske journalisten og fotografen.Ammar Al-Hamdan.

– Me arbeider for å få dei fri, sa han, før han deltok i ein appell utanfor Radisson Scandinavia Blue der Gadaffis regime i Libya blei bedne om å setja dei fri.  

Bombemål

Al Jazeera har heilt sidan starten i 1996 opplevd å vera bombemål frå mellom andre amerikanske styrkar i Afghanistan og Irak. I 2005 lak det ut frå det britiske regjeringskontoret  at USAs tidlegare president George W. Bush gjerne ville bomba hovudkvarteret til Al Jazeera i Doha i Quatar. Der styrer ein emir som tok initiativet til å starta Al Jazeera, finansierer kanalen og bed dei arbeida for å fremja pressefridom overalt.

– Når økonomiske gåver har slike vilkår, vil truleg dei fleste nyhendekanalar ta imot dei, meinte Souag.

Makthavarar møter dei styrte

Han viste til at dei heilt sidan 1996 hadde fått spørsmål om dei lagar kritiske reportasjar om Qatar og emiren.

– Så  langt har det ikkje vore demonstrasjonar for politiske endringar i Qatar. Derimot har me fått full fridom til å skipa til direkteoverførte debattmøte frå hovudstaden Doha. Der møter dei som leier landa i Midtausten dei som blir leidde av dei, og i desse debattane blir det lett avslørt kven som ikkje er gode leiarar. Då spør folk seg kvifor den personen skal vera kvalifisert til å leia eit heilt land.

 –  I Midtausten har det vore noko heilt nytt at våre journalistar har konfrontert makthavarane med urettferdig behandling eller brot på dei grunnleggjande menneskerettane. Det kan vera ein av grunnane til at me ikkje har vore så populære blant makthavarane, trur Souag.

Skulerer staben

Nyhendesjefen understrekar at kanalen ynskjer å ha ein så profesjonell stab som mogleg. – Difor får me inn forelesarar til Doha frå fjern og nær som kan skulera dei i ulike tema innanfor journalistikken, understrekar han. Han omfamna også revolusjonane i Tunisia og Egypt. – Det var første gong i Midtaustens historie at fredelege demonstrasjonar har velta makthavarar, konstaterer han.

Al Jazeera-fotograf hamna på Guantanamo

Kanalen har betalt ein høg pris for kampen for pressefridom og ytringsfridom. I Kabul blei lokala til kanalen øydelagt i eit amerikansk rakettåtak i 2001.  I 2003 blei ein journalist drepen etter eit amerikansk bombeåtak mot Al Jazeeras redaksjonslokale i Bagdad. Rett før blei  Al Jazeera-fotografen Sami Al Haj på veg til Afghanistan arrestert og send til Guantanamo. Der sat han utan lov og dom i sju år.  No er han ein del av Al Jazeera-delegasjon som er på Noregsbesøk.

– USAs tidlegare president George W. Bush likte ikkje kanalen vår noko særleg. Men både dagens amerikanske president Barack Obama og utanriksministeren hans, Hillary Clinton roser i dag Al Jazeera. I dag er to av dei største kontora våre utanfor Qatar i USA, peika han på.

– Me vil senda dei beste reporterane våre for å dekkja revolusjonane uansett kvar dei måtte vera. Pressefridomen er trua vår, slo han fast.  

.

  

Emneord: Menneskerettar, Egypt, Media Av Martin Toft
Publisert 13. apr. 2011 00:57 - Sist endret 13. apr. 2011 13:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere