– Uryddig saksbehandling

Arkeologiprofessor Christopher Prescott trekkjer søknaden sin på stillinga som ny direktør ved Kulturhistorisk museum. – Sakshandsaminga ved UiO har vore uryddig, seier han til Uniforum. – Det stemmer ikkje med mitt inntrykk, seier prorektor Inga Bostad.

TREKKJER SØKNAD: Arkeologiprofessor Christopher Prescott trekkjer søknaden sin på stillinga som ny direktør for Kulturhistorisk museum. (Arkivfoto)

Foto: Ståle Skogstad

Arkeologiprofessor Christopher Prescott var ein av førehandsfavorittane mellom søkjarane til den snart ledige stillinga som direktør for Kulturhistorisk museum. Den som blir tilsett skal etterfylgja museumsdirektør Egil Mikkelsen, som går av for aldersgrensa til hausten. Til saman var det åtte søkjarar til stillinga, men berre namna på tre av søkjarane er offentleggjorde. Utanom Christopher Prescott er det førsteamanuensis i antikkens historie, Knut Ødegård frå UiO og direktør for Bata Shoe Museum i Toronto i Canada, Emanuele Lepri.

– Uinteressant

 I dag trekte Christopher Prescott søknaden sin, og han er kritisk til sakshandsaminga ved UiO.

– Eg trekkjer søknaden fordi det har vore ei så uryddig saksbehandling at eg finn det uinteressant å oppretthalda søknaden, seier Prescott.

– Gjort det me pleier å gjera

Det er prorektor Inga Bostad som handsamar søknadsprosessen på vegner av universitetsleiinga. Ho avviser at saksbehandlinga har vore uryddig.

SOM PLEIER: - Me har gjort det som me pleier når det gjeld leiarstillingar, lyst ut offentleg og samtidig brukt hovudjegerfirma som har funne kandidatar, seier prorektor Inga Bostad.

– Det stemmer ikkje med mitt inntrykk. Me har gjort det som me pleier å gjera når det gjeld leiarstillingar, lyst ut offentleg og samtidig hatt eit hovudjegerfirma inne som har funne kandidatar, seier Inga Bostad.

Ho avviser ikkje at det er problematisk at mange av dei som formelt søkte ikkje står fram med namn.

– Det er klart at det er utfordrande at så mange av dei som søkte ikkje ville ha namnet sitt offentleggjort. Prescott derimot valde derimot å stå fram offentleg, understrekar ho overfor Uniforum.

– Når trur du at tilsetjinga blir avgjort?

– Me håpar og trur at søknadsprosessen vil vera ferdig så fort som mogleg, legg Inga Bostad til.

 

 

 

Emneord: Arbeidsforhold, Universitetspolitikk, Museene Av Martin Toft
Publisert 18. mars 2011 16:43 - Sist endra 18. mars 2011 17:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere