Strid om utveljinga av SFF-kandidatar

– Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet vil hindra forskarar og fagmiljø i å søkja Forskingsrådet om å få status som senter for framifrå forsking, meiner biologiprofessor Kristian Gundersen. – Det er vår plikt å gå gjennom søknadsskissene og få fram dei som har best sjanse til å nå fram i konkurransen, svarar dekan Knut Fægri.

RETT TIL Å FORESLÅ: – Me tolkar lova slik at alle forskarar har rett til å foreslå gode teoriar og prosjekt, men dei kan ikkje krevja at det offentlege skal finansiera dei, seier MN–dekan Knut Fægri.

Foto: Ola Sæther

I løpet av 2012 blir dei første sentra for framifrå forsking (SFF) avskilta for godt etter ti år som toppforskingssenter. Forskingsrådet har bede fagmiljøa delta i konkurransen om å bli plukka ut til å bli eitt av dei ti nye sentra for framifrå forsking. Søknadsfristen er 8. juni, og i september 2012 blir det kunngjort kva fagmiljø som vil få den ettertrakta statusen som senter for framifrå forsking( SFF). Dei som vinn fram, kan starta opp i 2013. Då vil dei få nærare ti  millionar kroner året i støtte frå Forskingsrådet, i første omgang i fem år, men med høve til å halda fram i fem år til.

– Opnar for trynefaktoren

Tidlegare denne månaden sende forskingsdekan Anders Elverhøi og fakultetsdirektør Jarle Nygard ut eit brev til alle instituttleiarane ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. I brevet blir det vist til at ikkje alle dei potensielle 25 søknadane frå MN-fakultetet blir sende vidare.  Det som har fått biologiprofessor Kristian Gundersen til å reagera, er at det i brevet står ”i vårt arbeid med å velge ut de prosjektene som endelig får sende søknad …”. Det meiner Gundersen ikkje er fakultetsleiinga si oppgåve.

– Nei, det skal vera ein open prosess der alle forskarane som ynskjer å delta må få høve til det. Fakultetet skal ikkje tilta seg retten til å bestemma kven som skal søkja. Dette er ei brot på paragraf 1-5 i Universitetslova. Dersom det er fakultetet som skal plukka ut dei endelege kandidatane, vil det opna for at trynefaktoren blir brukt. Dermed kan me risikera at mange gode prosjektskisser ikkje kjem lenger enn til fakultetsleiinga.

– Det synest eg er eit paradoks, så lenge Forskingsrådet innstendig ber institusjonane om ikkje å prioritera dei søknadane dei sender, før dei skal vurderast av ein internasjonal komité i Forskingsrådet. For meg verkar det rart at det skal avgjerast lokalt kva prosjekt som er gode nok, medan Forskingsrådet vil bruka eit internasjonalt panel. Her luktar eg mange problem med inhabilitet, og dessutan meiner eg det er eit brot på den akademiske fridomen, seier Gundersen.

– Må redusera talet på søknader

Dekan Knut Fægri meiner Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet har heilt legitime grunnar for å gjera det på denne måten.

– Truleg går 25 forskargrupper på MN-fakultetet med planar om å søkja om å få bli eit senter for framifrå forsking. Det er heilt klart at me ikkje kan senda så mange vidare til Sentraladministrasjonen. Så mange fagmiljø som er konkurransedyktige i å få ein SFF, er det truleg ikkje ein gong på heile Universitetet i Oslo. Difor ber me dei som vil stå i brodden for eit senter for framifrå forsking senda søknaden sin til vurdering til oss, slik at me i samarbeid kan redusera talet på søknader frå fakultetet vårt. Og då vil me vera svært nøgde om fire av desse søkjarane endeleg får status som SFF, seier Fægri. Sjølv det vil føra til store økonomiske og strategiske konsekvensar for fakultetet.

– Eit viktig poeng er at det er fakultetet som skal finansiera den delen av sentra, som ikkje blir dekt av bidraget frå Forskingsrådet. Det vil binda ressursar for institutta og fakulteta for ti år framover, understrekar Fægri. Han viser også til at Forskingsrådet i utlysingsteksten ber institusjonane om å gjera det dei kan for å avgrensa talet på søknader.

– Det må vera betre at vårt fakultet gjer dette arbeidet, i staden for at Forskingsadministrativ avdeling skal ta seg av denne oppgåva. Fagkompetansen er det jo me som sit med, slår han fast.  

Ikkje brot på den akademisk fridomen

Han ser ingen fare i at dette kan føra til at trynefaktoren vil avgjera kven som blir plukka ut. – Det er ein så urimeleg påstand at eg helst ikkje vil kommentera den. Hos oss er det forskingskvaliteten og sjansen søknaden har til å vinna fram i

konkurransen, som er avgjerande, slår han fast. Han avviser også at dette er eit brot på den akademiske fridomen.

–Me tolkar lova slik at alle forskarar har rett til å foreslå gode teoriar og prosjekt, men dei kan ikkje krevja at det offentlege skal finansiera dei. Problemet er at det er ein skilnad på å senda inn ein søknad om å bli eit senter for framifrå forsking og senda inn ein individuell søknad om prosjektstøtte til Forskingsrådet. Me vil ikkje hindra nokon i å senda inn individuelle søknader. Derimot synest me det er rimeleg at me åtvarar dei som skriv ein SFF-søknad som heilt klart ikkje vil bera frukter, understrekar Fægri.

– Må ha rom for toppforsking

Biologiprofessor Kristian Gundersen har forståing for delar av argumentasjonen til fakultetsleiinga.

 TRYNEFAKTOREN: – Dersom det er fakultetet som skal plukka ut dei endelege SFF-kandidatane, vil det opna for at trynefaktoren blir brukt, meiner biologiprofessor, Kristian Gundersen.(Foto: Ola Sæther)

– Det er sjølvsagt heilt greitt at fakultetet vil hjelpa til med å laga slagkraftige miljø, og dei må gjerne gi serskild støtte til nokon, men det må vera klinkande klart at det ikkje går an å nekta nokon å søkja om midlar. Det vil heller ikkje vera truverdig å seia at ein er redd for å

bli overrent av for mange vellykka søknader som ein ikkje har råd til. Den strategiske planen for fakultet og UiO må ha rom for at det skal gå an å finansiera toppforsking. I motsett fall kan den ikkje vera mykje verdt, meiner Gundersen.

Samtidig understrekar han at dette ikkje vedgår han personleg. – Nei, sjølv deltar eg i ein søknad som er sendt til Det medisinske fakultetet, fortel han.

– Ikkje alle er eigna som SFF-søknader

Dette er ordninga med Senter for framifrå forsking (SFF):

Forskingsrådets mest prestisjetunge verkemiddel for å finna kvalitet i norsk forsking. Formålet er å etablera senter med langsiktig og romsleg finansiering. Institusjonane får på den måten høve til å omstrukturera forskingsmiljøa sine og utvikla nye samarbeidsforhold. Målet er at dei på den måten kan lykkast betre med å hevda seg i den internasjonale forskingsfronten.

SFF-perioden er ti år.

13 SFF-ar blei etablerte i 2002/2003. I 2007 blei åtte nye senter oppretta.

UiO er i dag verstinstitusjon for åtte senter for framifrå forsking. Dei tre eldste CMBN, CMA og PGP blir avskilta i løpet av 2012 etter at dei har halde på i ti år.

I 2013 må dei første 13 sentra avvikla verksemda si

Søknadsfristen for nye SFF-søknader er 8. juni i år. I september 2012 vil nye senter bli kunngjorde.

(Kjelder: Bladet Forskning og Uniforum)

 

Dekan Knut Fægri står fast på at fakultetet har valt den rette framgangsmåten.

– Mange av søknadane me får, kan skildra viktige forskingstema som dei vil prøva å finna svaret på. Dette er gode prosjektsøknader, men ikkje eigna som SFF-søknader av den grunn. Dei som søkjer må samarbeida på tvers av fagområde og klara å overtyda vurderingskomiteen om at dei vil klara å løysa ei overordna problemstilling på ein ny og kreativ måte. Både Physics of Geologicial Processes (PGP), Centre for Mathematics for Application (CMA) og Centre for Ecological and Evolutionary Synthesis(CEES) hos oss, er senter for framifrå forsking som har vist at dei har oppfylt dette målet, peikar Fægri på.

Biologiprofessor Kristian Gundersen har sendt dei skriftelege innvendingane sine til både rektor Ole Petter Ottersen og medlemar i Universitetsstyret.  

– Me overlet gjerne til rektor og Universitetsstyret å gjera den endelege vurderinga. Men så lenge me ikkje får noko pålegg frå dei, vil prosessen halda fram som planlagt, går det fram av svaret dekan Knut Fægri har sendt til Kristian Gundersen.

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: SFF - Senter for fremragende forskning, Universitetspolitikk, Forskningspolitikk, Naturfag Av Martin Toft
Publisert 17. mars 2011 12:50 - Sist endra 17. mars 2011 13:23
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere