SAPUiO er historie

I dag går SAPUiO-prosjektet inn i historia. – No er HR-portalen innført ved heile UiO. Med dette er den siste brikka i samband med prosjektet på plass, opplyser delprosjektleiar Lise Tviberg og ekstern prosjektleiar Jøran Strøm i Zalaris til Uniforum.

ETTER PLANEN: Delprosjektleiar Lise Tviberg ved UiO og ekstern prosjektleiar Jøran Strøm i Zalaris er nøgde med at SAPUiO-prosjektet har levert nesten heilt etter planen både på tid, pris og kvalitet.

Foto: Ola Sæther

Etter at Senter for statleg økonomistyring (SSØ) ikkje lenger fekk ha leverandøransvaret for lønns- og personalsystemet til UiO frå august 2008, engasjerte SAPUiO selskapet Zalaris til å hjelpa til med å overta driftinga sjølv.

Dette samarbeidet har sytt for at alle UiO-tilsette har fått rett lønn. Etter dette har SAPUiO-prosjektet også lagt inn ein modul for sjukerefusjon i tillegg til utvikling av HR-portalen.

– Nesten innanfor fristen

– Det er korrekt. Og utan den evna til tilpassing og fleksibilitet som Zalaris sine folk har vist, hadde det ikkje gått. I fellesskap har me klart å få det i mål, seier Lise Tviberg. Og Jøran Strøm er ikkje dårlegare til å skryta av UiO.

– Innføringa av nye datasystem i offentlege verksemder får ofte mykje fortent kritikk fordi arbeidet har hatt dårleg styring. På UiO har me klart å innføra og setja i gang alle desse datasystema nesten innanfor fristen. På grunn av omorganiseringa på Det medisinske fakultetet blei likevel den endelege fristen utsett med tre månader, seier Strøm.

Nærare 600 timar i samla fleksitid

Begge synest prosjektet SAPUiO har klart å få rydda opp i enkelte ting på UIO.

– Me oppdaga mellom anna ein arbeidstakar som hadde opparbeidd seg mellom 500 og 600 timar i samla fleksitid. Det skal ikkje vera mogleg, men det er først og fremst ei sak mellom arbeidstakaren og hans eller hennar næraste overordna. For å få rydda opp i liknande forhold  i framtida, vil HR-portalen syta for at fleksitidsreglementet i staten blir fylgt. Difor vil all fleksibel arbeidstid over 45 timar automatisk bli sletta årleg den 31. desember, fortel Strøm.

Tviberg trur dette får både tilsette og sjefane deira til å bli meir medvitne om arbeidsflyten der dei arbeider.

– Då må arbeidet organiserast på ein annan måte eller så må ein lata vera å gjera ein del ting, trur ho.  

Kopla direkte til NAV

Tviberg ser kanskje den aller største gevinsten i arbeidet gjennom den direkte koplinga til NAV.

– Etter kvart som folk rapporterer inn sjukedagar og dagar borte med sjukt barn, får NAV melding om det. Så kjem refusjonen automatisk frå NAV til den avdelinga der dei aktuelle tilsette høyrer heime. Dette sparar oss for mykje arbeid samanlikna med tidlegare, er Tviberg overtydd om. Også reiserekningane er blitt enklare etter at dei kom i elektronisk form.

– Det er mykje lettare å føra ei reiserekning no, sidan satsane på kost og overnatting og valuta kjem opp automatisk, seier Tviberg. Og Strøm legg til: – Dei tilsette i reisegruppa til lønningsseksjonen treng ikkje lenger tasta alt inn på nytt. Dermed er det mindre sjansar for at feil tolking og tasting fører til feil i utbetaling, understrekar han.  

Også refusjon for eigne utlegg er blitt mykje betre etter at SAPUiO har avslutta arbeidet med å digitalisera dei administrative løysingane ved UiO. – Dessutan er det blitt langt lettare å passa på at alle dei tilsette tar ut dei ferievekene dei skal ta ut, altså anten fem eller seks veker, seier Tviberg.

– Men om folk har jobba på ein søndag, eller etter klokka 21, så godtar ikkje HR-portalen det. Du må føra overtida på ein annan dag. Er ikkje det litt håplaust?

– Mange vil sikkert seia at det er litt gammaldags også. Men systemet fylgjer avtalane mellom partane i arbeidslivet, seier Tviberg.

No vil Jøran Strøm gå tilbake til nye konsulentoppdrag for Zalaris, medan Lise Tviberg skal bli leiar for eit prosjekt som skal sjå på korleis det vil vera mogleg å unngå dobbeltarbeid ved UiO.

 

Emneord: LØP, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 29. mars 2011 14:36 - Sist endra 29. mars 2011 15:37

Hei SAP - hvem det måtte være som føler seg som "rette vedkommende": Det gjelder overføringer til utlandet, som vi ved Regnskapsseksjonen svært ofte foretar via fakturabetalingssystemet (Basware/OF). Det gjøres når Lønningsavdelingen skal overføre midler til russiske og kinesiske bankkonti. De er nemlig for lange for det flotte systemet dere har anskaffet. Maksimalt 18 tegn har en eller annen glup person funnet ut er tilstrekkelig. Da hjelper det lite om russiske (20) og kinesiske (19) kontonumre er lengre. Vi gjør gjerne jobben for LS, ingen motforestillinger mot det. Men det er bare så komisk at man utvikler systemer som til de grader kolliderer med virkelighetens verden. Faktisk har det en viss underholdningsverdi. Feil kan alle gjøre, men nå har jeg nevnt dette for flere relevante personer i mer enn 2 år - og ingenting skjer. Da må jeg tro at det er evnen det skorter på. Jeg forstår ikke hvorfor SAP krever begrensninger i antall tegn for bankkonti, når IBAN med opp til 31 tegn (Malta) godtas. Men det hjelper ingenting, for Russland og Kina er ikke med på IBAN-samarbeidet. Det kunne jo vørt artig med et vettugt svar fra "noen" som føler seg kallet til å svare. Det er faktisk mulig jeg - etter 12 års opphold - tar opp igjen min virksomhet som Uniforum-skribent. Spesialiteten var humoristisk vinklede innlegg, med en antydning til brodd, kall det gjerne dobbeltkommunikasjon. Mvh Ulf Berntsen Leverandørregisteret, Regnskapsseksjonen

ulfb@uio.no - 24. jan. 2013 14:36

Hei rette vedkommende - hvis de mot formodning skulle finnes.....

Ingen her på "bruket" som føler trang til å svare på innlegget ovenfor?   Menneskelig reaksjon. Jeg ville heller ikke ha gjort det uten videre.  Nærliggende med den gamle, men akk så sanne metaforen:

"Bedre å holde kjeft og bli mistenkt for å være dum - enn å åpne kjeften og dermed fjerne all tvil...."

Kan SAP sitte  i sine businesspalasser og der vedta hvordan utenlandske bankkonti skal være bygget opp?  Tydeligvis. Vedta kan man jo gjerne gjøre, men noen effekt har det ikke. Hverken UiO, Oracle eller SAP har noen beslutningsmyndighet overfor utenlandske banksystemer. Her er det noen som ikke har gjort jobben sin, og det burde få konsekvenser. Vi må kunne stille krav til en systemleverandør, på samme måten som til andre leverandører.

Ulf Berntsen

 

 

 

 

 

 

ulfb@uio.no - 6. mai 2013 14:35
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere