– Opplever medkjensle og støtte til Japan

– Folk viser medkjensle og støttar offera etter jordskjelvet og tsunamien i Japan. Det seier dei japanske UiO-studentane, Asaki Abumi og Mai Yano, som samla inn pengar utanfor Nationaltheatret stasjon i ettermiddag.

I KØ FOR Å GI: Folk stod i kø for å gi pengar til tsunamioffera i Japan, då japanske studentar sette i gang innsamlingsaksjonen "Oslo for Japan" i dag.

Foto: Martin Toft

Det er tolv studentar frå Japan ved Universitetet i Oslo. Alle deltar i innsamlingsaksjonen Oslo for Japan i Oslo sentrum denne helga. Også norske japanskstudentar og japanske fastbuande i Noreg hjelper til. Dei samlar inn pengar til offera etter naturkatastrofen i Japan førre helg. Pengane går direkte til Raudekrossen i Japan.

– Ber oss om å stå på

– Dei aller fleste kjem bort til oss og gir og ber oss om å stå på, seier Mai Yano, som er utvekslingsstudent ved HF-fakultetet. Ho er leiar for innsamlingsaksjonen og kjem frå Kobe i Sør-Japan. Hennar familie blei ikkje direkte råka av tsunamien i Nord-Japan.  Det blei derimot familien til Asaki Abumi, som er bachelorstudent i medievitskap.

–Familien min bur i Akita i nord og dei miste både straum og telefonsamband etter tsunamien. Faren min var midt i sentrum av Sendai i Miyagi fylke, då katastrofen råka området. Det gjekk ein dag før eg fekk kontakt med faren min og tre dagar før eg fekk kontakt med resten av familien. Mine venner i Tokyo klarte til slutt å koma i kontakt med dei, slik at eg fekk vita at dei hadde det bra. No er faren min tilbake hos familien vår i Akita, men han vil dra tilbake til Sendai for å hjelpa folket der, seier Asaki Alumi på norsk etter tre år i Noreg. 

– For oss er det viktig å gjera noko for landsmennene våre i Japan. Det set me stor pris på. Og dessutan viser alle som kjem hit stor givarglede og sympati for arbeidet som Raudekrossen driv i Japan, seier dei to studentane.

– Japan treng hjelp

– Men korleis er det for dykk som kjem frå det rike landet Japan å samla inn pengar til det landet?

– Japan er eit rikt land, men akkurat no er det ikkje rikt nok. Det treng hjelp. Både fjernsynsbilete og Internett gir eit klar inntrykk av at behovet for hjelp er stort. Japan er i fare no, seier Yano  

I ettermiddag vil dei samla inn pengar under the International Coffee Hour i Chateau Neuf.

– Bortsett frå  sundag skal me samla inn pengar i Oslo heile helga, seier Yano og Alumi.

 

 

Emneord: Japan, Studentforhold, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 18. mars 2011 16:11 - Sist endra 18. mars 2011 16:23
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere