Kunst og kunnskap i Ole-Johan Dahls hus

Etter nyttår blei Ole-Johan Dahls hus tatt i bruk av Institutt for informatikk ved UiO. Både studentar og forskarar er glade for å ha flytta inn i universitetet sin største bygning som ligg  i Gaustadalleen 23.

KUNST: Kunstverket ”Ligninger i rustfritt stål” av Bård Breivik er det første som møter dei besøkjande. Kunstnaren likar ikkje at ei betongsøyle er plassert framfor ei av dei fire stålplatene.

Foto: Ola Sæther

Etter å ha vore spreidde frå Blindern til Gaustadbekkdalen, har no informatikkmiljøet samla seg i det splitter nye og hypermoderne Ole-Johan Dahls hus midt i Gaustadbekkdalen. Den er UiOs største bygning og er prega av moderne kunstverk både ute og inne.

– Held bygningen oppe

Det første som møter dei besøkjande, er stålplatene til skulptøren Bård Breivik. Offisielt heiter kunstverket ”Ligninger i rustfritt stål”.  I Bergen blei det kalla for discokula og på Universitetsplassen i Oslo blei det brukt som klatrestativ og var eit ynda fotomotiv i rundt ein månad. No er kunstverket delt i fire stålplater, som er plasserte på fire ulike plassar på den nordlege langsida av bygningen. Ei av stålplatene er plassert rett bak ein betongstolpe. Det var det einaste skulptøren Bård Breivik har kritisert med installeringa av kunstverket hans. Elles vankar det berre skryt frå han. – Eg synest det ser ut som om platene er med på å halda bygningen oppe, seier han til Bergens Tidende.

Også innvendig er det masse kunst, både moderne figurativt og abstrakt. Kantina ligg like ved hovudinngangen og er ein av plassane som har flest kunstverk.

– God atmosfære

På kantinegalleriet møter me Maria Aleksandrycheva, som er bachelorstudent i informatikk. Ho sit med ei berbar datamaskin og førebur ei oppgåve som skal innleverast seinare på ettermiddagen. Og ho likar kunsten. – Ja, den set eg stor pris på, fortel ho til Uniforum. Ho er også godt nøgd med både undervisningslokala og dei andre romma i bygningen.

 TRIVST: – Eg får nesten lyst til å ta alle faga mine og alle eksamenane mine her, seier informatikkstudent Maria Aleksandrycheva.

– Det er ein veldig god atmosfære her, og alt er lagt godt til rette for studentane. Eg får nesten lyst til å ta alle faga mine og alle eksamenane mine her, smiler ho. Det er heller ingen konkurranse om lesesalplassane akkurat no. – Eg lengtar ikkje tilbake til Niels Henrik Abels hus, der eg studerte tidlegare, seier Maria Aleksandrycheva.

– Banebrytande

 FINT: – For oss er det fint å vera i nærleiken av dei andre forskingsgruppene, fortel gruppeleiar Kyrre Glette og doktorstipendiat Ståle van Dorp Skogstad.

I første etasje går me forbi Oslos lengste kaffibar, før me tar turen opp til forskargruppa Robotikk og intelligente system i4. etasje. Gruppeleiar Kyrre Glette og doktorstipendiat Ståle van Dorp Skogstad viser oss rundt i breie, moderne korridorar med opne møterom, kjøkkenkrok og felles møteplassar.

– Me er stort sett nøgde med lokala våre. Det meste er banebrytande og har bra standard i høve til det me var vande med før me kom til Ole-Johan Dahls hus, fortel Glette og Skogstad. Dei synest det er fint at informatikarane har fått si eiga storstove. – For oss er det fint å vera i nærleiken av dei andre forskingsgruppene, fortel dei. Tidlegare hadde forskingsgruppa lokale i Veglaboratoriet, på den andre sida av Problemveien.

– Lengtar de tilbake dit?

 – Nei, eigentleg ikkje, svarar dei samrøystes.

– Strålande nøgd

Uniforum tar også ein svipptur innom den mest moderne forelesingssalen i Ole-Johan Dahls hus. Om nokon har eit spørsmål til forelesaren, vil den målstyrte mikrofonen straks finna ut kven det er og automatisk stilla seg inn slik at alle høyrer kva

 den spørjelystne studenten seier. Den dagen me er der, held instituttleiar Morten Dæhlen på med å gi ei forelesing til bachelorstudentar. Me møter han nokre dagar seinare på kontoret i 4. etasje. Han har utsikt mot Blindern og Meteorologisk institutt.

– Eg er strålande nøgd med bygningen, og det er kollegaene mine også. Det finst sjølvsagt småtteri som enno ikkje fungerer heilt slik som det skal, til dømes elektriske installasjonar og skilting. Bortsett frå det har alt fungert frå den første dagen etter at me flytta inn etter nyttår, seier Dæhlen. Han er glad for at dei viktigaste lokala no er tatt i bruk.

– Forelesingssalane og alt utstyret som høyrer til er fantastisk flotte, og både studentane og me trivst der og likar dei.

 MODERNE: I Ole Johan Dahls hus finst også UiOs  mest moderne auditorium. Instituttleiar Morten Dæhlen held forelesinga.

– Kva andre fordelar har innflyttinga hatt?

– Etter at Institutt for informatikk i 25 år har vore spreidd på fleire bygningar er me no samla i Ole-Johan Dahls hus. No treffer me både bachelorstudentar, masterstudentar og ph.d.-studentar i den same bygningen. Det er stort for oss. Og når

 

Tekniske data om Ole-Johan Dahls hus:

Byggherre: Statsbygg for Kunnskapsdepartementet/UiO

Tatt i bruk av Institutt for informatikk i januar 2011

Arkitekt: Lund Hagem Arkitekter.

Interiørarkitekt: ZINC AS

Areal: 28 250 kvadratmeter

Byggjesum: 1 milliard kroner

Byggjestart: grunnarbeida starta i 2006

Inneheld 300 kontorplassar og 2400 studentplassar totalt.

Offisiell opning: UiOs 200-årsdag, 2. september 2011

Ole-Johan Dahl: Informatikkprofessor ved UiO, som saman med kollegaen Kristen Nygaard blei tildelt Turingprisen for 2001. Fekk prisen for utviklinga av det objektorienterte programmeringsspråket Simula. Den gamle informatikkbygningen heiter no Kristen Nygaards hus.

 

studentkjellaren snart opnar, blir det endå meir liv her om kveldane, trur Dæhlen. Også han synest Bård Breiviks kunstverk på ytterveggane er flott.

– Ja, det likar eg godt.

– Gjerne synlegare plassering

– Kva synest du om at ei søyle står rett framfor ein del av kunstverket?

– Kunstverket er sett opp der det etter planen skulle plasserast. Personleg synest eg det godt kunne ha fått ei meir synleg plassering.

No gler han seg til 2. september 2011, 200-årsdagen til Universitetet i Oslo.

– Då blir det offisiell opning av Ole-Johan Dahls hus ved statsråd Tora Aasland. Ikkje minst ser me fram til å ta imot heilt ferske studentar til hausten, som kan begynna studenttida si i flunkande nye lokale.

 

 

 

.LYSER OPP: Om kvelden lyser Ole-Johans Dahls hus opp Gaustadbekkdalen. 

 

 

 

 

Emneord: Informatikk, Universitetspolitikk, Studentforhold Av Martin Toft og Ola Sæther (foto)
Publisert 15. mars 2011 14:42 - Sist endra 3. juni 2011 12:21

Vel og bra med pen opplysning om kvelden, men hva med miljøet? Står virkelig lyset på om kvelden for å lyse opp for alle de som ikke befinner seg der?

 Blir artig å se hvordan sentralisering av et fagmiljø spiller seg ut i forskningsproduksjon og kompetanse hos studentene. 

larmb - 17. mars 2011 09:30

Belysningen står ikke på om kvelden. Det er i så fall bare de rom som blir brukt for øyeblikket :-) Det er nok en setup for å få til et pent og stilig bilde ;-)

Ontopic: Synes kunstnere har sin fulle rett til å kritisere at den ene "kunstplaten" hans har blitt satt bak en stolpe. Det lot seg kanskje ikke gjøre annerledes, men fortsatt :)

olehhe - 26. mars 2011 00:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere