John Milnor tildelt Abelprisen

Amerikanaren John Milnor (80) får Abelprisen for 2011.  Det har Det Norske Vitskapsakademiet bestemt.  – Eg gler meg til å koma til Noreg for å ta imot prisen, sa Milnor på telefon frå USA etter at han blei kunngjort som vinnar i Vitskapsakademiet i formiddag.

ABELPRISVINNAR: John Milnor  (80) får årets Abelpris i matematikk. Han har prega matematikken i 60 år.

Foto: Gert-Martin Greuel/Wikipedia

Det var både journalistar, matematikarar og byråkratar frå Forskings-Noreg til stades då namnet på årets vinnar av Abelprisen blei avslørt av preses Øyvind Østerud i Det Norske Vitskapsakademiet i dag.

John Willard Milnor heiter Abelprisvinnaren for 2011, og han arbeider til dagleg ved Institute for Mathematical Sciences ved Stony Brook University i New York. Han får prisen for dei banebrytande oppdagingane han har gjort innanfor topologi, geometri og algebra, forklarte leiar for Abelpriskomiteen, Ragni Piene, som er matematikkprofessor ved Universitetet i Oslo.

– Matematisk teoretikar

– Eg reknar meg som ein matematisk teoretikar som arbeider langsamt fram til eg kjem fram til ein mogleg teori, sa Milnor på spørsmål frå matematikkprofessor Timothy Gowers frå University of Cambridge, straks kunngjeringa var over.  

– Dei fortalde meg at eg hadde fått tildelt Abelprisen rundt klokka 11. Etter det har eg hatt ein lengre frukost for å fordøya nyhendet. Personleg gler eg meg til å få høve til å koma tilbake til Noreg. Det er eit vakkert land, sa han. Milnor fekk også kraftig applaus frå dei frammøtte, med ein gong dei høyrde stemma hans på telefon over Atlanteren.

Har prega matematikken i 60 år

I ei pressemelding frå Vitskapsakademiet går det fram at John Milnor i snart 60 år i stor grad har forma det matematiske landskapet med sine djuptgåande idear og grunnleggjande oppdagingar. Milnor sitt arbeid er prega av framifrå forsking, djup innsikt, levande fantasi, overraskingselement og eineståande kvalitet, heiter det. Spora etter han i matematikken er heilt klare ved at ei rad matematiske omgrep og resultat er kalla opp etter han. 

I den matematiske litteraturen finst omgrep som  mellom anna Milnor-eksotiske sfærar, Milnor-fiber og Milnor-talet. Som 31-åring fekk han Fields-medaljen i 1962. I 1989 fekk han Wolf-medaljen i matematikk. Og tidlegare i år blei han heidra med Leroy P. Steele Prize for Lifetime Achievement frå American Mathematical Society.

Prisutdeling i Gamle Losjen

John Milnorvil ta imot Abelprisen frå hans majestet kong Harald ved ein prisseremoni i Gamle Losjen i Oslo 24. mai kl. 14.00. Abelprisen heidrar bidrag med ekstraordinær djupn og innverknad på matematikken, og er blitt utdelt kvart år sidan 2003. Prisen er på 6 millionar norske kroner.

Prisen blir delt ut av Vitskapsakademiet, og valet deira av Abelprisvinnar byggjer på ei tilråding frå Abelkomiteen, som er sett saman av fem matematikarar med godt ord på seg internasjonalt.

Bilettekst:

 

 

Emneord: Abelprisen, Matematikk Av Martin Toft
Publisert 23. mars 2011 14:36 - Sist endra 23. mars 2011 14:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere