Høgt radonnivå: Må flytta frå Tøyen hovedgård

Denne veka må seksjonssjef Jon Lønnve og elleve andre i administrasjonen ved Naturhistorisk museum på UiO flytta ut frå andre etasje i Tøyen hovedgård. Grunnen er at radonnivået er for høgt i bygningen som var ferdig restaurert i 2008.

FOR MYKJE RADON: Dei tilsette i administrasjonen ved Naturhistorisk museum har arbeidsplassane sine i andre etasje i Tøyen hovedgård. No må dei flytta ut på grunn av for høgt radonnivå.

Foto: Ola Sæther

I andre etasje i Tøyen hovedgård held delar av administrasjonen til Naturhistorisk museum til. I fjor sommar fekk dei vita at arbeidslokala deira inneheld dobbelt så høgt radonnivå som den tilrådde maksimalgrensa som er sett av Statens strålevern. Tidlegare var denne grensa på 400 bequerel, men for vel eitt år sidan blei grensa halvert til 200 bequerel. I andre etasje i Tøyen hovedgård er radonnivået målt til om lag 400 bequerel, og det må difor setjast i verk tiltak for å få redusert radonnivået.

Inn i Geologisk museum

Uniforum treffer ein litt oppgitt Jon Lønnve (biletet under). Han er seksjonssjef for seksjon for konservering og forskingsteknikk.

– Det er lenge sidan me fekk beskjed om at me måtte flytta ut og få mellombelse lokale i brakker som skal plasserast ved inngangen like ved sirkustomta på Tøyen. Brakkene som skulle byggjast i månadsskiftet januar/februar, har dei enno ikkje starta arbeidet med, og difor må me flytta der det er ledig plass i Geologisk museum, medan eg sjølv skal ha kontor i magasinlokala på Økern. I Geologisk museum må me ta i bruk eit møterom, flytta ut eit arkiv for å få meir plass og fortetta plassen i dei eksisterande kontora, fortel Lønnve. Også sjefen hans, museumsdirektør Arne Bjørlykke er ein av dei 12 som må flytta ut frå kontoret sitt.

– Krev ventilasjonsanlegg

Kontorlokala har heilt frå 1800-talet vore i bruk som husvære for tilsette ved Botanisk hage. Då 1600-talsbygningenTøyen hovedgård blei rehabilitert for 40 millionar kroner frå 2006-2008, blei det ikkje lagt inn ventilasjonsanlegg i kontordelen av bygningen. – Det er eit krav som me har fremja mange gonger utan å få gjennomslag for det. Difor må me jobba med vindauga opne midt på vinteren for å få god gjennomlufting. Om vindauga er igjen, merkar ein at det blir både tett og dårleg luft.

Me synest det er underleg at det ikkje blei installert  ventilasjon her, sidan det blei brukt så mange millionar kroner på restaureringsarbeidet seier Lønve.

Han viser til at Tøyen hovedgård ligg på den berggrunnen i Oslo der det har vore målt dei aller høgaste nivåa av radon. – Nede ved Botanisk museum, er radonnivået heilt normalt, seier Lønnve.

– Oslo kommune underkjente byggjemeldinga

Teknisk direktør Frode Meinich seier seg lei for at det har tatt så langt tid, før dei tilsette kan flytta ut av Tøyen hovedgård og inn i andre lokale.

– Etter planen skulle me ha sett opp ein brakkerigg like ved porten ved sirkustomta på Tøyen, som dei tilsette skulle ha flytta inn i den 10. mars. Der skulle dei hatt arbeidsplassane sine, til me hadde fått sett i verk tiltak som me håpar ville redusert radonnivået i Tøyen hovedgård. Dessverre underkjente Plan- og bygningsetaten i Oslo kommune byggjemeldinga vår, og dermed vil dei handsama den som ei vanleg byggjesak. Dermed kan sakshandsaminga ta opp til tre månader. Difor må

nokre av dei tilsette førebels flytta inn i Geologisk museum, opplyser Frode Meinich til Uniforum.

Fakta om radon:

Radon er eit radioaktivt grunnstoff med det kjemiske symbolet Rn.

Radon blei oppdaga i 1898 og dokumentert av Friedrich Ernst Dorn i 1900. Stoffet er eit dotterprodukt av uran som det finst mykje av der det er granitt. I fylgje Verdas helseorganisasjon er radon den viktigaste årsaka til lungekreft i USA, nest etter røyking. Noreg er at av dei landa som har høgast konsentrasjon av radon. Truleg har rundt 170 000 bustader i Noreg for høge radonverdiar.

Statens strålevern tilrår at alle som har opphaldsrom i underetasjar eller i ein av dei tre lågaste etasjane over bakkeplan å måla radonkonsentrasjonen. Radon finst i alle slags bygningar og radonmålingar bør gjennomførast i alle bygningar der menneske oppheld seg: Bustader, arbeidslokale, skular, barnehagar med meir. Område med lausmassar og berggrunn som inneheld radiumrike bergartar som til dømes alunskifer, granittar og pegmatittar vil kunne føra til svært høge radonnivå innandørs.

(Kjelder: Wikipedia og Statens strålevern)

Også han viser til at grunnen som Tøyen hovedgård ligg på, er eit av Noregs mest utsette radonområde.  – Me har målt om lag 400 bequerel i 2. etasje i Tøyen hovedgård, medan den tilrådde maksimalgrensa til Statens strålevern no er på 200 bequerel. Tidlegare var den på 400 bequerel. Dei høgaste nivåa som er målte i Noreg, var truleg i Kinsarvik i Hordaland. Der var det målt opp til 57 000

bequerel i nokre privatbustader.

– Tøyen hovedgård blei ferdig restaurert i 2008. Kvifor gjorde de ikkje meir for å få ned radonnivået då?

– Me gjorde alt det som stod i vår makt for å få det til. Difor blei det brukt bygningsmaterialar som skulle hindra radonstråling inn i bygningen. Dermed klarte me å få radonnivået heilt ned til under 400 bequerel, som var maksimalgrensa den gongen. Når denne grensa no er blitt halvert av Statens strålevern, i tillegg til at me får målingar som er høgare enn målingane frå 2008, må me prøva å setja i verk nye tiltak, seier Meinich.

– Dei tilsette vil også ha ventilasjonsanlegg i bygningen. Er det mogleg å få til?

– Førebels er me i forhandlingar med Riksantikvaren for å sjå kva me kan få til, opplyser teknisk direktør Frode Meinich.

 

 

 

  

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Emneord: Arbeidsforhold, Arbeidsmiljø, Museene Av Martin Toft
Publisert 14. mars 2011 15:28 - Sist endret 14. mars 2011 16:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere