3500 skuleelevar besøkte UiO
3500 elevar frå heile Austlandet deltok på Open dag ved Universitetet i Oslo. – Alt gjekk greitt, fortel koordinator Berit Rødsand.
STOR INTERESSE: Ungdommane viste stor interesse for Utdanningstorget i Idrettsbygningen i går.
120 forelesingar og informasjonsmøte lokka 3500 ungdommar frå heile Austlandet til Open dag på Universitetet i Oslo i går. 120 lærarar deltok samtidig på rådgjevarseminaret. Samtidig informerte fakulteta om sine studieprogram til ungdommane på Utdanningsmessa i Idrettsbygningen på Blindern
– Godt besøkte
– Forelesingane var godt besøkte. Mellom dei som deltok på forelesingane, var byrådsleiar i Oslo, Stian Berger Røsland. Han hadde også lunsjmøte med rektor, prorektor, arrangørane av Open dag og UiO 200, opplyser koordinator for Open dag, Berit Rødsand i Studieavdelinga.
1500 liter kakao
Ho synest også det er interessant å trekkja fram litt meir kuriøse data frå arrangementet.
– Det gjekk med 3000 boller og 1500 liter kakao, konstaterer ho. No håpar ho at så mange som mogleg av dei vel å senda inn ein søknad til UiO før fristen går ut 15. april.
– Ja, det er klart. Og det må mange fleire også gjera, er oppfordringa ho kjem med.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere