27 UiO-studentar må forlata Japan

 27 studentar frå Universitetet i Oslo er i Japan. – No arbeider me med å få dei heim, seier Guri Vestad, som er seksjonssjef i Seksjon for internasjonalisering ved UiO. Samtidig er 18 japanske studentar registrerte på UiO. Dei skal delta i hjelpeaksjonen for offera i heimlandet sitt.

KATASTROFEN: Tsunamien fløymer inn over den japanske kysten den 11. mars 2011.

Foto: SummerGirl 123 (anonymt namn)/Flickr

27 studentar frå Universitetet i Oslo er framleis i Japan.  – Så å seia alle er utvekslingsstudentar frå japanskstudiet. No ber me dei om å fylgja oppfordringa til den norske ambassaden om å reise heim igjen. Og det reknar me med at dei gjer, opplyser seksjonssjef Guri Vestad i seksjon for internasjonalisering ved UiO til Uniforum.  

På grunn av faren for nedsmelting i atomkraftverka har situasjonen i landet endra seg frå vondt til verre, og difor vil norske styresmakter ha alle norske statsborgarar heim igjen.

Universitetet i Oslo har utvekslings- og samarbeidsavtalar med ti universitet i Japan. Ingen av dei blei direkte råka av jordskjelvet og den etterfylgjande tsunamien før helga. Faren for stråling frå dei brennande atomkraftverka er årsaka til at dei norske studentane no blir bedne om å venda heim att.

 I ein e-post har UiO også bede alle studentane om ta kontakt med familie, lokale styresmakter og den norske ambassaden. – Svara er det andre enn oss som skal ha, understrekar Vestad.

Japanske studentar vil hjelpa heimlandet

Dei 18 japanske utvekslingsstudentane på Universitetet i Oslo får tilbod om møterom der dei kan samlast. Ingen av dei ser ut til å vera direkte råka av katastrofen. – Nokre av dei lurer også på kva dei kan gjera for å hjelpa offera i Japan. Dei har fått rettleiing frå Seksjon for internasjonalisering om korleis ein organiserer aksjonar, og det har ført til at dei no har utstyrt seg med innsamlingseffektar frå Raudekrossen. Dei vil hjelpa til med å samla inn pengar utanfor universitetsområdet, sidan det ikkje er tillate på campus, understrekar Vestad.

– Me har likevel oppfordra dei til å samla inn pengar utan International Coffee Hour på Chateau Neuf fredag ettermiddag, og seksjonen vår skal gjera aksjonen kjent gjennom Facebook og Twitter. Dessutan kan me hjelpa dei med flygeblad og plakatar, fortel Vestad.  Ho gir også UiO-studentane som må venda tilbake til Oslo håp om at dei skal få eit alternativt studietilbod. – Me vil gjera alt som står i vår makt for at dei skal bli minst mogleg skadelidande av at dei må ta ein større del av japanskstudia i Oslo, seier ho.

– Får alternativt studietilbod

Også undervisningsleiar Arild Engelsen Ruud ved Institutt for kulturstudium og orientalske språk stadfestar at dei skal klara å organisera eit alternativt tilbod til dei. – Det er klart det blir tøft fordi me har i utgangspunktet ikkje nok lærarkrefter til dette. I ein slik unntakssituasjon skal me likevel gjera vårt beste for å gi dei eit studietilbod i japansk som gjer at dei ikkje blir forseinka i studia sine, seier han. Han viser til at instituttet er røynd i å takla uventa situasjonar for studentar som oppheld seg i urolege land.

–Me har hatt studentar i Egypt, heldigvis ikkje under demonstrasjonane, og me har hatt studentar i Iran. Dette gir oss ei rekkje utfordringar, ikkje minst behovet for beredskap. Endå ei gruppe, arabiskstudentane, er ved hovudsamarbeidsuniversitetet vårt i Midtausten, i Damaskus i Syria. Og det er ikkje lett å seia kor lenge desse landa vil vera ganske stabile. Studiekonsulentane våre er i alle fall flinke til å fylgja med på korleis situasjonen er i dei landa studentane våre oppheld seg, og dei har stålkontroll på kor mange studentar er ute, og ved kva universitet dei er. Studiekonsulentane våre hegnar heile tida om studentane. Om studentane må heim igjen, klarer me å laga alternative studietilbod til dei, seier Engelsen Ruud. Institutt for kulturstudium og orientalske språk har utvekslingsavtalar med seks universitet i Japan.

– Administrasjonen ved desse universiteta har vore flinke til å gi oss meldingar om at alt står bra til i det området dei ligg i.

Universitetet i Oslo har utvekslingsavtalar med desse ti universiteta i Japan:

Universitet

Land

Avtaleeigar

Akita International University

Japan

Det samfunnsvitskaplege fakultetet

Josai International University

Japan

Institutt for kulturstudium og orientalske språk

Kansai Gaidai University

Japan

Institutt for kulturstudium og orientalske språk

Keio University

Japan

Institutt for kulturstudium og orientalske språk

Kwansei Gakuin University

Japan

Institutt for kulturstudium og orientalske språk

Nagasaki University of Foreign Studies

Japan

Universitetet i Oslo

Oita University

Japan

Det humanistiske fakultetet

Sophia University

Japan

Det humanistiske fakultetet

Tokai University

Japan

Institutt for kulturstudium og orientalske språk

Waseda University

Japan

Institutt for kulturstudium og orientalske språk

 

 

 

Emneord: Japan, Studentforhold, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 15. mars 2011 17:01 - Sist endra 15. mars 2011 18:44
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere