UiO-professor ny direktør for Språkrådet

Arnfinn Muruvik Vonen (50) er utnemnd til ny direktør for Språkrådet, melder NTB. Vonen er i dag professor ved Institutt for spesialpedagogikk ved Universitetet i Oslo. Han etterfylgjer Sylfest Lomheim som gjekk av som språkdirektør 1. september i fjor.

SPRÅKDIREKTØR: Professor Arnfinn Muruvik Vonen ved Institutt for spesialpedagogikk, UiO er utnemnt til ny direktør for Språkrådet.

Foto: UiO

Arnfinn Muruvik Vonen har dei siste åra arbeidd mest med teiknspråk og dei forskingsutfordringane teiknspråka representerer når det gjeld språk som allment menneskeleg fenomen, går det fram av nettpresentasjonen hans på sidene til Institutt for spesialpedagogikk, UiO.

Vonen har hovudfag i lingvistikk frå Universitetet i Oslo i 1988. Han har også studert russisk og sosialøkonomi ved UiO. Han blei tilsett som ved Institutt for spesialpedagogikk i 1995 og blei professor der i 1997. Samtidig har han vore knytt til Forskings- og utviklingsavdelinga ved Skådalen kompetansesenter i Oslo frå 1994 til 2007.

Eitt år lang prosess

Vonen etterfylgjer dermed Sylfest Lomheim, som var direktør for Språkrådet fram til september i fjor.  Ein annan UiO-professor, Kjell-Lars Berge, var først innstilt av det tidlegare styret  for Språkrådet til å overta stillinga etter Lomheim. Då kulturminister Anniken Huitfeldt sette foten ned, sa fire av dei sju styremedlemane opp verva sine. 

Det nye styret sette i gang ein ny tilsetjingsrunde. Då fristen gjekk ut 21. januar hadde det kome inn berre éin søknad. Dermed blei søknadsfristen utvida ein gong til. Det førte til at det til saman kom  12 søkjarar. Av dei var det Arnfinn Muruvik Vonen som blei tilsett og som no kan titulera seg språkdirektør. Heile tilsetjingsprosessen har tatt rundt eitt år.   

 

Emneord: Språkpolitikk, Språk, Det utdanningsvitenskapelige fakultet Av Martin Toft
Publisert 28. feb. 2011 12:24 - Sist endra 1. mars 2011 13:40
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere