SUM mellom verdas fremste tankesmier

Senter for utvikling og miljø (SUM) ved UiO kjem på 19.-plass over verdas beste tankesmier innanfor internasjonal utvikling og på 20.-plass på lista over tankesmiene som steller med miljø. – Det viser at me har eit godt ord på oss internasjonalt, seier senterleiar Kristi Anne Stølen til Uniforum.

TOPP SENTER: – Det er flott at me gjer det så bra på ei slik internasjonal rankingliste, seier senterleiar Kristi Anne Stølen etter at Senter for utvikling og miljø (SUM) har plassert seg mellom dei 20 beste tankesmiene i verda innanfor sine spesialområde: internasjonal utvikling og miljø

Foto: Ola Sæther

Det er ei forskargruppe ved University of Pennsylvania som har henta inn datamaterialet og utarbeidd lister over verdas beste tankesmier. Dei har kome fram til at verdas aller beste tankesmie er Brookings Institution i USA, tett fylgt av Council on Foreign Relations og Carnegie Endowment for International Peace, som begge ligg i USA. Den britiske tankesmia AKA The Royal Institute of International Affairs kjem på fjerdeplass.

Fredsforskingsinstituttet i Noreg (PRIO) hamnar på 25. plass på lista over verdas 50 beste tankesmier utanfor USA, medan Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) er på sjetteplass over tankesmier som er nært knytte til ei nasjonal regjering.

Markerer seg på to spesialområde

Senter for utvikling og miljø ved Universitetet i Oslo gjer det på sine spesialområde internasjonal utvikling og miljø. SUM kjem på ein 19-plass på lista over dei beste tankesmiene innanfor internasjonal utvikling og på ein 20. plass over tankesmier som driv med forsking på miljø. Senterleiar Kristi Ann Stølen er svært nøgd med det.

– Det er flott at me gjer det så bra på ei slik internasjonal rankingliste. Sjølv om eg må vedgå at eg blei positivt overraska, viser rangeringa at SUM truleg er meir kjent i utlandet enn i Noreg. Me har eit stort internasjonalt nettverk av forskarar som kjenner oss godt, fortel ho. Stølen var heller ikkje klar over at det var i gang eit arbeid med å laga slike rankinglister før det brått strøymde inn e-postar til henne.

– Dei gratulerte SUM med dei gode plasseringane me fekk i to av kategoriane for desse internasjonale tankesmiene. Då måtte eg setja meg ned og sjå nærare på rankinglistene, og eg synest at dei som står bak, har gjort eit solid og godt arbeid, meiner ho.

6480 tankesmier i verda

Forskargruppa bak rankinga er knytt til The Think Tanks and Civil Societies Program ved International Relations Program på University of Pennsylvania. Ifylgje nettsidene deira, kontakta dei alle dei 6480 tankesmiene i verda, og oppfordra dei til å delta i nominasjonsprosessen. Ingen fekk nominera sin eigen institusjon.

Rundt 1500 forskarar, politiske avgjerdstakarar, journalistar og ekspertar har svart på ei verdsomfattande måling om kva tankesmier som finst innanfor ulike kategoriar i 169 land. Deretter har forskargruppa plukka ut eit panel på 250 ekspertar frå heile verda, frå heile det politiske landskapet og frå kvar einaste fagdisiplin og sektor til å hjelpa til med å nominera dei beste og plukka ut dei mest framifrå tankesmiene i 2010.

– Aktive forskarar

Kristi Anne Stølen ser fleire grunnar til at Senter for utvikling og miljø gjer det så pass godt i dette selskapet.

– For det første har me flinke og svært aktive forskarar som har erfaring med forsking og forskingssamarbeid frå ulike land. Dei publiserer i internasjonale tidsskrift og deltar i internasjonale fora, det kan vera både prosjekt, nettverk eller på konferansar, ikkje berre i Europa, men også i Asia, Afrika og Latin-Amerika. Me har ein liten, men svært internasjonal stab. Til dømes er fire av dei sju faste vitskaplege tilsette utlendingar med solide, internasjonale nettverk. Internasjonalt har me vore kjende og hatt godt ord på oss lenge. Litt verre har det vore her heime, konstaterer Stølen.

 Heldt på å mista autonomien

Hausten 2008 heldt Senter for utvikling og miljø på å bli lagt ned som eit sjølvstendig senter og bli lagt under Det samfunnsvitskaplege fakultetet. Med ei stemmes overvekt vedtok Universitetsstyret å føra SUM vidare som eit senter direkte underlagt Universitetsstyret.

– Det har sikra oss den autonomien og fleksibiliteten som er naudsynt for å få til internasjonale satsingar og ting på tvers. Ein viktig grunn til at me no føler at det går rett veg, er den støtta me får for denne satsinga frå dagens universitetsleiing. Og når me føler at me får god draghjelp frå universitetsleiinga, blir me også meir entusiastiske, seier Stølen til Uniforum.

 

Deltar i forskingssatsingar på tvers

– Dei siste par åra har det skjedd fleire positive endringar, mellom anna gjennom dei tverrfakultære satsingane til Universitetet i Oslo. Me er med i to av dei, LEVE og MILEN. Det er berre LEVE me er vertsinstitusjon for, men me er også godt representerte i MILEN som organisatorisk ligg under SV-fakultetet, ettersom koordinatoren er ein av forskarane våre. Begge satsingane har gitt oss større rom for forskingssamarbeid på tvers av fakulteta, særleg med Det medisinske fakultetet og Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet som me har streva med å få til eit godt samarbeid med tidlegare, understrekar Stølen.

Senterleiaren synest også senteret har begynt å få gjennomslag på område der det ikkje har hatt det tidlegare.

– For SUM har det også vore viktig med etableringa av Nasjonalt nettverk for Latin-Amerikaforsking (NorLARNet). Det har skapt stor entusiasme i Latin-Amerika-miljøet. For meg personleg, som har forska på Latin-Amerika i 30 år, var det også stort å få det på plass hos oss. Og med eit eige Latin-Amerika-program i Forskingsrådet, skjer det straks mange ting på dette området, peikar ho på.

 

Lovprisar arbeidsmiljøet

Stølen trekkjer også fram det svært gode arbeidsmiljøet på SUM som ein suksessfaktor og gir administrasjonen sin ein stor del av æra for dette.

– I kontakt med administrasjonen andre stader på universitetet, er det lett å føla seg som eit hår i suppa. Slik er det ikkje her. Administrasjonen yter ein fantastisk flott service til studentar, forskarar og ikkje minst gjesteforskarar og andre besøkjande. Dei administrativt tilsette skjønar godt kva som er deira oppgåve og blir respekterte for det. På den måten skaper me i fellesskap også eit godt arbeidsmiljø, slår ho fast.

 

 

 

Emneord: SUM, Rangering, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 15. feb. 2011 16:59 - Sist endra 16. feb. 2011 00:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere