Strategiplanar med statushopp

Ein god strategiplan er viktigare enn nokon gong. – Strategiplanar byrjar i større grad å bli eit styringsinstrument, seier NIFU-forskar Bjørn Stensaker.

FØRSTE STEG: – Strategiplanen i seg sjølv er berre byrjinga. Den skal også setjast ut i livet. Det faktum at ein har ein strategisk plan, tyder heller ikkje nødvendigvis at ein har ein strategi, seier Bjørn Stensaker i NIFU.

Foto: Ola Sæther

Universitets- og høgskulesektoren er i endring. Institusjonane har byrja å adoptere måtar å organisere seg på som hittil har vore vanleg i andre typar organisasjonar i samfunnet.

Omgrepet strategi har byrja å få eit godt fotfeste i høgare utdanning, ifølge Bjørn Stensaker, forskar ved Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning  (NIFU). Med denne nye tilnærminga til organisering følgjer også ei ny strategitenking. Gode strategiplanar vil bli viktigare for universiteta i åra som kjem, meiner han.

– Vi ser fleire endringstendensar i universitets- og høgskulesektoren som tilseier at sovande strategiplanar kan bli vekte til live, seier Stensaker.

Blir brukt som verkty

Stensaker peikar på fleire tendensar som gjer at strategiplanen sin status og tyding kan få eit kraftig oppsving. Mellom anna har evalueringar og rankingar truffe sektoren med full tyngde. Universiteta går i større grad enn tidlegare gjennom eksterne evalueringar.

– Dei som føretek dei eksterne evalueringane vil forhalde seg til strategiplanar. Dessutan har universiteta fått fleire tilsette leiarar, og nokre av desse kjem utanifrå. Dei må bruke strategiplanar som eit verkty for å orientere seg i organisasjonen, seier han.

Vidare viser han til det han meiner er ei aukande grad av profesjonalisering og spesialisering internt i den administrative staben. Dette er nok ein tendens som kan vere med på å befeste strategiplanane sin statusauke.

Strategiplan i fleire rundar

Ved Universitetet i Bergen har framlegget til ny strategiplan 2011–2015 gått fleire rundar i universitetsstyret. Ivar Bleiklie, professor ved Institutt for administrasjons- og organisasjonsvitskap, meiner at ein finn ein interessant kontrast mellom Universitetet i Oslo, som har eit klart fokus på leiing og har vedteke ein strategiplan, og Universitetet i Bergen, der styret framleis ikkje har blitt samde.

– Ved Universitetet i Bergen har strategiplanen vore eit høve for leiinga til å markere at universitetet si verksemd kvilar på tradisjonelle kjerneverdiar. Dei eksterne styrerepresentantane har pressa på for å få inn klarare prioriteringar og har klaga over at leiinga ikkje har gått langt nok, seier han.  

Bleiklie peikar også på at universiteta er prega av ei omfordelingskonflikt. Medan dette tidlegare var meir ein konflikt mellom universitetet og Kunnskapsdepartementet, er det no overlatt til universiteta internt.

– Dette kan bli spesielt problematisk på universitet med valt rektor, som skal prioritere blant dei som har valt han, seier han.

Forventning om klar profil

Ifølge Bjørn Stensaker blir universitet og høgskular generelt utsette for eit sterkt eksternt press i retning av å utvikle ein distinkt profil.

– Arbeidsdeling og konsentrasjon har vore eit mantra sidan tida då Gudmund Hernes var utdanningsminister. Det er forventa at også breiddeuniversiteta skal ha ein profil. Samstundes har vi sett ein prosess der universiteta har blitt meir som andre organisasjonar, med ei sterkare sentralisering av avgjersler. Det er leiinga som skal leie. Problemet er at universiteta har eit stort mangfald med fag og profilar, der mange er tilnærma sjølvstyrte. Å få til omforeinte strategiplanar med dette utgangspunktet er utfordrande, seier han.

I førre møte i universitetsstyret ved Universitetet i Bergen vart delar av strategiplanen vedteke. Men om UiB har kome eitt steg nærare ein strategiplan etter den siste handsaminga av saka, har ein framleis langt å gå. Bjørn Stensaker understrekar at strategiarbeidet langt frå er avslutta når strategiplanen er banka gjennom.

– Strategiplanen i seg sjølv er berre byrjinga. Den skal også setjast ut i livet. Det faktum at ein har ein strategisk plan, tyder heller ikkje nødvendigvis at ein har ein strategi, seier han.

 

Emneord: Strategisk plan, Universitetspolitikk, Administrasjon, Rangering Av Åse Johanne Roti Dahl i På Høyden
Publisert 24. feb. 2011 11:35 - Sist endra 24. feb. 2011 11:49

 

Strategi, ytelse og tenkning

Bjørn Stensakers tanker om "strategi" knyttes her til en sentralisert og enhetlig ledelse som spisser styringen i et forsøk på å få et større ”grep” om virksomheten.  Ordet har sitt etymologiske opphav i det greske strategia som betyr hærføring eller generalkunst. Som vi ser, er det en markert og maskulin strukturform som gir virksomheten både kraft og målrettethet.

 Et spørsmål melder seg; er dette tilstrekkelig? Strategens målrettede og objektiverte hva må i sterkere grad balanseres med et spørrende hvorfor. Spørsmålet gir tilgang til konstruksjoner som på en eller annen måte innebærer en form for risiko. Alternativet er å ende opp med en ledelsesform som 1. styrer noe tilfeldig ut fra eksperimentelle rangeringer, 2. begrunner sin prioritering med tvilsomme ytringer; ”Det blir slik fordi jeg sier det.”

Heidi Stakset

 

.

 

aubry@ntnu.no - 24. feb. 2011 13:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere