Snøhetta-direktør inn i Universitetsstyret

Snøhetta-direktør Kjetil Trædal Thorsen (52) er  blitt nytt eksternt medlem i Universitetsstyret ved Universitetet i Oslo.

Det er Kunnskapsdepartementet som har utnemnd han som erstattar for Øystein Olsen, som måtte trekkja seg etter at han blei ny sentralbanksjef i Noregs Bank

Thorsen er blitt vald til ein periode på to år, altså  for resten av den fireårsperioden som Øystein Olsen var blitt utnemnd til å sitja i Universitetsstyret.

Dei tre andre eksterne representantane i Universitetsstyret er Grete A. Berget som er senior presserådgjevar hos Likestillings- og diskrimineringsombodet, Kerstin Sahlin som er prorektor ved Uppsala universitet og Ole Enger som er konsernsjef for det Orkla-eigde selskapet, REC.

Universitetsstyret skal ha møte tysdag 1. mars. Det blir det første møtet som den nytutnemnde eksterne representanten i Universitetsstyret, Kjetil Trædal Thorsen kan delta på.  

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 21. feb. 2011 15:44 - Sist endra 21. feb. 2011 16:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere