– Ski-VM gir oss masse ekstraarbeid

Teknisk avdeling ved UiO har over 15 personar på post i sentrum under Ski-VM.  – Eg har måtta stansa nokre lydprøvar som har starta midt på dagen, seier områdeleiar Tone Thrap-Meyer, før ho blir avbroten av ein telefon. – Forsvarets stabsmusikkorps har begynt å øva no klokka 13.15. Eg må ringja produksjonsleiar Nora Ibsen i Ski-VM og be henne om å få dei til å utsetja lydprøvane til seinare, seier ho. Etter ein kort samtale var det gjort.

ARBEIDER FOR SKI-VM: – Me som har vore i beredskapsgruppa, har i mange veker brukt mesteparten av arbeidstida vår på Ski-VM. Dei dagane arrangementet går føre seg, vil rundt 15 personar ekstra frå Teknisk avdeling vera engasjerte både dag og kveld, fortel sikringsrådgjevar Trond E. Eriksen og  områdeleiar i sentrum, Tone Thrap-Meyer .

Foto: Ola Sæther

Områdeleiar Tone E. Thrap-Meyer, sikringsrådgjevar Trond E. Eriksen og minst 15 andre frå Teknisk avdeling har denne veka jobba dag og natt for at NRK og Ski-VM får rigga til scene og anna utstyr utan at det fører til skader på dei verna bygningane rundt Universitetsplassen.

– Arrangøren opplyste tidleg at dei berre hadde behov for tilgang til ein del av lokala på kveldstid. I møte med Ski-VM og NRK blei Teknisk avdeling gradvis klar over at arrangøren måtte ha tilgang til store delar av dei lokala som Det juridiske fakultetet til dagleg disponerer i dei tre gamle sentrumsbygningane. Det forstyrrar sjølvsagt den daglege bruken av lokala, fortel sikringsrådgjevar Eriksen.

Må ut av lesesalane etter klokka 16

Ski-VM set difor grenser for arbeidsdagen til både studentar og tilsette. Alle jusstudentane må ut av lesesalane før klokka 16. Og verken tilsette eller studentar kan bruka Det juridiske fakultetsbiblioteket etter klokka 16. Det er situasjonen i sentrum etter at Ski-VM med NRK på laget har overtatt heile Universitetsplassen frå og med denne veka og til og med 5. mars. Opningsshowet og mest alle medaljeseremoniane skal skje på ei stor scene som er rigga opp rett framfor Midtbygningen i sentrum.  

– Strenge rammer

Eriksen og Thrap-Meyer understrekar at Ski-VM og NRK ikkje får heilt frie taumar.

– Teknisk avdeling har strenge rammer for Ski-VM og set strenge grenser for kva som kan gjerast med dei verna bygningane. Det skal ikkje vera noko inngrep i og festing av noko til universitetsbygningane. Alle planar for scene og bruk av Universitetshagen skulle etter avtalen leggjast fram for og godkjennast av Universitetet i Oslo. Arrangøren måtte også vera førebudd på å erstatta og utbetra moglege skader på eigedomen til UiO, fortel Thrap-Meyer og Eriksen.

I eit notat som sikringsrådgjevar Trond E. Eriksen har sendt til universitetsleiinga, blir det dessutan understreka at universitetet har ansvaret for UiOs bygningar, Universitetshagen og dei som oppheld seg i desse bygningane. Dei skal ha eit sikringsomfang og eit driftsopplegg som tar vare på interessene til UiO, går det fram av brevet.

– Diverre har arrangøren tatt med seg bidragsytarar og leverandørar på området utan deltaking frå Teknisk avdeling. Det har vore uheldig og førte til at nokre av desse gjekk utanfor dei rammene som Teknisk avdeling tidleg sette, fortel Trond E. Eriksen til Uniforum.

– Overivrige vektarar

Thrap-Meyer viser til at UiO-tilsette og besøkjande er blitt stansa ureglementert, medan dei har vore på veg gjennom Universitetshagen. – Ein del vektarar var overivrige i å hindra folk i å gå inn på Universitetsplassen, og stansa både dei som jobbar i bygningane og besøkjande. Me tok affære, og etter at me greip inn, trur me ikkje det har vore fleire slike tilfelle, seier ho.

– Mykje ekstraarbeid

Thrap-Meyer tykkjer at samarbeidet med Ski-VM i hovudsak har gått greitt.

– Det blei nokre rundar om kor mange lokale Ski-VM hadde behov for å bruka. Først då det blei klart, kunne me setja i gang arbeidet med detaljert informasjon til brukarane og arbeidet med sikringstiltak.  Om me hadde fått vita det tidlegare, kunne me også ha vore mykje betre førebudde på alt det ekstraarbeidet me måtte setja i gang med på grunn av Ski-VM, seier Thrap-Meyer. Ho lurer på om universitetsleiinga og jubileumssekretariatet var klar over kor mykje ekstra arbeid det ville bli for Teknisk avdeling, då dei tilbaud Ski-VM å ha opningsshow og medaljeseremoniar på Universitetsplassen.

– Det har vore ein balansegang mellom det å gi Ski-VM og NRK det dei treng for at det skal bli eit bra arrangement, og å ta vare på interessene og behova til brukarane av bygningane. I tillegg må me også oppretthalda brannsikringa, slik at utrykkingsbilar kan koma til, samtidig som brukarane våre ikkje skal bli ramma meir enn naudsynt. Rolla vår har vore å få til dette på ein best mogleg måte. Av og til er det blitt nei til førespurnader frå Ski-VM, andre gonger har me måtte seia klart frå om at nokre lokale ikkje er tilgjengelege for brukarane etter klokka 16. Det er eit reint sikringstiltak for å vita kor mange personar som til kvar tid er i bygningane, understrekar Thrap-Meyer.

– Flott jobb

Ski-VM har ført til at mange i Teknisk avdeling har fått ekstra mykje å gjera.

– Me som har vore i beredskapsgruppa, mellom andre driftssjef Astri Ottesen, har i mange veker brukt mesteparten av arbeidstida vår på Ski-VM. Dei dagane arrangementet går føre seg, vil rundt 15 personar ekstra frå Teknisk avdeling vera engasjerte både dag og kveld. Husøkonom Miguel Escobar i sentrum har gjort ein fantastisk jobb med å få sett i stand og vaska dei ulike lokala etter kvart som Ski-VM fann ut at dei hadde behov for dei. Alle i sentrum har gjort ein flott jobb med å syta for at også lokale som var ein byggjeplass, kunne takast i bruk av Ski-VM, skryter ho.

– Må visa tilsettkort

For at ikkje dei som har sin daglege kontorplass i bygningane skulle bli skadelidande, måtte dei også opna dei delane av Midtbygningen som skal restaurerast, til VM-arrangøren. UiO måtte difor overta driftsansvaret for Midtbygningen frå Statsbygg for å kunna gi tilgang til enkelte av desse lokala.

– På den måten får dei som deltar ein naturleg gjennomgang ned til scena, fortel Eriksen. – Alle tilsette som oppheld seg i bygningane må også vera førebudde på å visa ID-kortet/tilsettkortet sitt, som også gjeld som akkreditering for tilgang til bygningane gjennom Universitetshagen, legg han til. Sjølv om det er blitt mykje ekstra jobbing, ser både Eriksen og Thrap-Meyer humoristisk på det.

– No veit me i alle fall kor stor arbeidsmengda blir, før me takkar ja til eit liknande arrangement.

– Større enn me var klar over

Kultur- og protokollsjef Tove Ingjerd i Ski-VM seier seg lei for at dei ikkje med ein gong kunne fortelja Teknisk avdeling ved UiO kor mange lokale dei hadde behov for i sentrumsbygningane.

– Kulturarrangementa på Universitetsplassen blir langt større og vil bruka mange fleire artistar enn det me var klar over då me starta planlegginga. Me er svært nøgde med arbeidet Universitetet i Oslo har gjort for oss og den sporty innstillinga dei har hatt til alle endringar. Og dessutan gir me honnør til alle studentar og UiO-tilsette i sentrum som må ha oss rundt seg i elleve dagar. Me håpar dei likevel synest at det er ein fin start på UiOs 200-årsjubileum, seier Tove Ingjerd til Uniforum. 

Opningsseremonien til Ski-VM startar klokka 18.00 i ettermiddag. Opningsshowet og den første medaljeseremonien går av stabelen i morgon kl. 19.00..

 

 

 

 

 

Emneord: Universitetshistorie, UiOs 200-årsjubileum, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 23. feb. 2011 13:16 - Sist endra 23. feb. 2011 13:44

Dette bringer tilbake mange hyggelige minner fra eventyret ski - VM endte opp med å bli :)

HalvdanPedersen@webid.uio.no - 13. juli 2016 13:21
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere