Ski-orda glir inn i Norsk Ordbok

Visste du at Norsk Ordbok har registrert 25 ulike ord for skiløype, 16 ord for skitupp og ti ord for skibinding? Band 9 av Norsk Ordbok kjem ut rett i forkant av ski-VM i Oslo. Hovudredaktør Olaf Almenningen har hatt ansvaret for å forklara opphavet til desse ski-orda.

SKILINGVISTEN: Hovudredaktør Olaf Almenningen har hatt ansvaret for ski-orda i det 9. bandet av Norsk Ordbok. 

Foto: Martin Toft

Desse orda er både språkleg og kulturhistorisk interessante, og dei viser breidda i den norske skikulturen i eldre og nyare tid.

Her er mange lokale ord for skiløype (skilåm, skiandore, skimeidd osv.), her er ord for skiutstyr og skiklede (skidress, skiband, skinase osv.), ord for ulike sider ved skisporten (skimuseum, skinasjon, skisekse  osv.)  – og mykje anna som vil gleda både skientusiastar og språkinteresserte.

Frå ramost til skodda

Torsdag 17. februar kl. 12.00 blir det niande av i alt tolv band av Norsk Ordbok lansert på Det Norske Teatret i Oslo. Bandet dekkjer alfabetbolken frå ramost til skodda, og med dette er ein ny bit av det norske folkemålet og det nynorske skriftspråket dokumentert.

– Me nærmar oss 200-årsfeiringa av Grunnlova, og  Norsk Ordbok skal vera ferdig i 12 band som folkegåve til den store festen i 2014. Med band 9 er tre fjerdedelar av ordboka fullført, og ekstra artig er det jo at bandet med mengder av flotte ski-ord er klart i tide til ski-VM i Oslo, seier prosjektdirektør Åse Wetås i ei pressemelding.

27 600 artiklar

Band 9 av ordboka inneheld meir enn 27 600 artiklar. Ordartiklane omfattar både ordtyding, ordhistorie, målføreformer og eksempel på bruk i litteraturen og i talemålet. Her finn ein ord som er allment kjende og mykje brukte over heile landet, side om side med ord frå dei norske dialektane som aldri tidlegare har stått i ei ordbok.

Dei tolv banda av Norsk Ordbok skal visa ordtilfanget i det norske folkemålet og det nynorske skriftspråket. Ved sida av store mengder sitat frå nynorsk sakprosa og skjønnlitteratur er dei norske dialektane representerte både med ordtydingar og målføresitat. Desse ti enkeltkommunane kjem i band 9 høgast opp på lista over kommunar som er nytta for å visa kvar i landet ordtydingar finst: Voss, Oppdal, Suldal, Sparbu, Valle, Hemne, Nøtterøy, Selje, Nesna og Sunndal. 

 – For første gong har me ein nordnorsk kommune på ti på topp-lista. Det betyr at me har lukkast i å fylla ut materialtilfanget vårt frå denne landsdelen. Det er me svært glade for, seier Wetås.

Prosjektorganisasjonen Norsk Ordbok 2014  står bak arbeidet med 12-bandsverket Norsk Ordbok. Arbeidet er finansiert av Kulturdepartementet og Universitetet i Oslo. Grunnlagsmaterialet er digitalt tilgjengeleg for alle som ønskjer å bruka det. Søk i Det nynorske tekstkorpuset og i materialsamlingane her.  

Emneord: Språkpolitikk, Lingvistikk, Nynorsk
Publisert 14. feb. 2011 16:25 - Sist endra 14. feb. 2011 16:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere