Innfører kjørereglar for sosiale medium

Universitetet i Oslo har no laga ein Ver varsam-plakat og ei rettleiing for god og fornuftig bruk av sosiale medium . – Grunnen er at ein del er usikre på kva reglar som gjeld, seier kommunikasjonsdirektør Siv Nordrum.

KURANT: - Det er heilt kurant å ha kjørereglar for bruk av sosiale medium, synest kunsthistoriestudent Marie Løyland, som sjekkar Facebook-profilen sin kvar dag.

Foto: Ola Sæther

Universitetet i Oslo har denne vinteren tatt i bruk både Facebook og You Tube for å rekruttera nye studentar. Rekrutteringskampanjen er berre synleg på dei sosiale media, og synest ikkje på trikken eller på T-bana slik som tidlegare år. Men UiO har også tatt i bruk Twitter, medan UiO-rektor Ole Petter Ottersen har starta eigen blogg.

– Mange av oss er innvandrarar i dei nye sosiale media, medan ungdommen har vore der ganske lenge. Når me tar i bruk desse sosiale media i UiOs regi, er det viktig at me har ein del kjørereglar. seier kommunikasjonsdirektør Siv Nordrum.

– Difor har me laga ein eigen Ver varsam-plakat for sosiale medium i tillegg til ei rettleiing om bruken av desse nye digitale media, seier Nordrum, som peikar på Egypt for å visa kor viktig desse sosiale media kan vera, både for informasjonsutveksling og for å mobilisera folk.

– Ikkje bli for private!

– Kva er dei viktigaste kjørereglane dei som opprettar sosiale medium i regi av UiO bør hugsa på?

– Dei må vera merksame på at dei gjer dette i embets medfør, så difor bør dei ikkje bli for private, sjølv om dei kan vera personlege. Mange har lyst til å blogga om eiga og andre si forsking. Då må dei i tilfelle ha samtykke frå dei fagfellane dei omtaler, understrekar Nordrum. Ho slår også fast at alle står fritt til å oppretta profilar på sosiale medium.

–Men det er faktisk ganske arbeidskrevjande og den må haldast ved like og fylgjast opp heile tida. Om ein ikkje har kapasitet til det, er det betre å ikkje vera til stades på dei sosiale media, meiner Siv Nordrum.

Til no har ho ikkje registrert at nokon har gått over streken når det gjeld bruken av desse media i regi av UiO.

–Nei, det har me ikkje gjort.

– Forsiktig

Rettleiinga er i hovudsak adressert til UiO-tilsette. Me viste likevel fram reglane til kunsthistoriestudenten  Marie Løyland.

– Eg synest det er både viktig og heilt kurant med slike reglar. For det er viktig å passa på kva som blir lagt ut av andre om deg sjølv. Sjølv er eg veldig forsiktig med kva eg legg ut på sosiale medium, fortel ho.

Les heile rettleiinga om bruk av sosiale medium på denne nettsida.

 

 

 

Emneord: Rekruttering, Informasjonsavdelinga, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 16. feb. 2011 13:51 - Sist endra 16. feb. 2011 14:07

Stusser over formuleringen om samtykke ved omtale av andres forskning. Tror det må ha gått litt kjapt her. Det er jo ikke noen forskjell på å omtale forskning i sosiale medier og andre medier - la oss si i en aviskronikk. Kanskje var poenget det som det står på UiOs side med vær varsom-regler, om at en må være varsom om en ønsker å omtale forskning som ikke er publisert, og isåfall innhente samtykke?

Arnt Maasø - 19. feb. 2011 13:22

Her er avsnittet jeg tenker på:  • omtaler upublisert forskning Kjenner du noen som har gjort et spennende funn, så spør før du publiserer. Det kan hende at forskeren ønsker eksklusivitet. Er det aktuelt å søke patent? Vær forsiktig med å omtale designet før søknaden din er behandlet av Patentstyret. All omtale, ikke bare andre patentsøknader, kan være til hinder for å få innvilget søknaden.

Arnt Maasø - 19. feb. 2011 13:24

Fint du påpekte dette, det ble helt feil formulering.

snordrum - 20. feb. 2011 18:00

Hei!

Eg skulle sjølvsagt ha lagt inn upublisert forsking, og ikkje late det bli forstått som all  forsking i den formuleringa. Det er nemleg det saka handlar om. Så den presiseringa burde eg nok tatt med i den setninga. Dei som vil, kan også gå til Ver varsam-plakaten for bruk av Facebook i regi av UiO, så forstår dei kva det handlar om.

Martin Toft - 21. feb. 2011 13:29
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere