Afrika skal bruka sin eigen medisin

I mange afrikanske land har ikkje pasientane råd til å kjøpa den medisinen som legane føreskriv. I staden brukar dei tradisjonell plantemedisin. Eit EU-støtta forskingsprosjekt leidd av UiO-professor Berit Smestad Paulsen skal hjelpa desse landa til å kategorisera og testa ut denne folkemedisinen både kjemisk og klinisk

KVALITETSSIKRAR MEDISINPLANTAR: – Målet vårt er å kvalitetssikra dei tradisjonelle medisinplantane kjemisk, biologisk og klinisk, slik at dei kan bli registrerte som ”Improved Traditional Medicines”, fortel farmasiprofessor Berit Smestad Paulsen, som koordinerer eit EU-støtta forskingsprosjekt i Afrika.

Foto: Ola Sæther

– I Durban i Sør-Afrika fekk  tidlegare UiO-rektor Kåre R. Norum og eg verkeleg auga opp for kor viktig tradisjonell medisin er også for sørafrikanarane. På marknaden der var det nettopp medisinplantar det blei selt mest av. Og når det er blitt brukt i kanskje tusen år, så må det truleg ha ein effekt, trur Berit Smestad Paulsen, som er farmasiprofessor ved Universitetet i Oslo.

16 millionar i EU-støtte

Saman med forskarar frå Sør-Afrika, Uganda, Mali, Nederland og Storbritannia driv ho eit forskingsprosjekt som skal føra til at bruken av tradisjonell plantemedisin kjem inn i meir ordna former. Forskingsprosjektet blir kalla for Multi-Developing Traditional Health Initiative (MUTHI) og har fått 16 millionar kroner i støtte frå EUs sjuande rammeprogram.  Prosjektet vil gå over fire år. Målet er å byggja opp berekraftig forsking på medisinplantar, slik at innbyggjarane i Afrika kan få ei betre helse og eit betre offentleg helsetilbod.  

Dyre medisinar

– Det er slett ikkje tilfeldig at me brukar forkortinga MUTHI på forskingsprosjektet. I Sør-Afrika er det namnet på det som har å gjera med bruk av tradisjonell medisin. Mellom 80 og 90 prosent av innbyggjarane i Afrika sør for Sahara brukar plantemedisin. I afrikanske land går også folk til legar som har studert medisin på universitetet. Dei skriv ofte ut den same medisinen til pasientane sine som ein lege i Noreg vil ha føreskrive for den same lidinga. Då går den afrikanske pasienten heim og reknar ut om ho eller han har råd til å kjøpa medisinen. Som regel har dei ikkje det. Difor går dei til dei som praktiserer tradisjonell medisin og får råd om å bruka ein spesiell medisinplante, fortel Berit Smestad Paulsen.

Mali er modellen

Sidan 1990-talet har ho saman med mellom andre den tidlegare doktorstudenten sin, Drissa Diallo, drive eit prosjekt med forsking på tradisjonell plantemedisin i Mali.

– Han tok kontakt med dei tradisjonelle maliske medisinmennene, som har kunnskapen om dei medisinske plantane i Mali. Så blei det drive forsøk og uttesting i laboratoriet av desse plantane i Sveits og i Noreg. I nært samarbeid med Universitetet i Oslo blei det bygd opp eit laboratorium av høg kvalitet ved Universitetet i Mali i hovudstaden Bamako. No går slike forsøk føre seg der, fortel Smestad Paulsen. Også Drissa Diallo er blitt farmasiprofessor og  er dessutan direktør for Department of Traditional Medicine. Han deltar i forskingsprosjektet til Smestad Paulsen.

– Viktig å tenkja større

– Eg la merke til at under EUs 7. rammeprogram var det eit område som dei kalla for ”Better Health for Africa.” Då tenkte eg at eit slikt prosjekt som me hadde hatt i Mali, også måtte vera aktuelt for andre land i Afrika sør for Sahara. Samtidig ville me gjerne at me skulle få gjennomslag for søknaden vår, og då var det viktig å tenkja større. Difor tok eg kontakt med kjemiprofessor Øyvind Andersen ved Universitetet i Bergen, og me spurde andre forskarar, som me kjende frå tidlegare

Forskarar frå desse universiteta deltar i MUTHI-prosjektet:

Drisso Diallo, Universitetet i Mali

Berit Smestad Paulsen, Universitetet i Oslo

Øyvind Andersen, Universitetet i Bergen

Bernard Kiremire, University of Makerere, Uganda

Andrew Marston, University of Free State, Sør-Afrika

Quinton Johnson, University of Western Cape, Sør-Afrika

Merlin Willcox, University of Oxford, Storbritannia

Joop de Jong og Ria Reiss, University of Amsterdam, Nederland

 

forskingssamarbeid, om dei kunne tenkja seg å delta.

– Til slutt fekk me med oss forskarar frå til saman ni universitet i Sør-Afrika, Uganda, Mali, Nederland, Storbritannia og Noreg. Etter den første samlinga blei me einige om målet og innhaldet i forskingsprosjektet. Då eg presenterte prosjektet for den eksterne EU-rådgjevaren til UiO, Bruce Reed, gav han meg også eit klart signal om at prosjektet truleg ville få støtte. Det viste seg å stemma, og for nokre månader sidan fekk me melding om at me hadde fått økonomisk støtte, fortel ho nøgd.

– Skal kvalitetssikra medisinplantar

Til saman får prosjektet altså 16 millionar kroner frå EU. Pengane skal gå til å finansiera postdoktorstillingar, forskingsopphald frå dei afrikanske landa ved eit anna universitet i nettverket og felles samlingar med arbeidsgrupper og nettbaserte kurs innanfor fleire viktige område av prosjektet.

– Målet vårt er å kvalitetssikra dei tradisjonelle medisinplantane kjemisk, biologisk og klinisk, slik at dei kan bli registrerte som ”Improved Traditional Medicines”. Forskinga vil dekkja alt frå innsamling av tradisjonell kunnskap om medisinske plantar til innsamling av desse plantane og utprøving og testing av eigenskapane deira i eit laboratorium, in vitro. Der vil me sjå på kjemien til plantane og analysera stoffa dei inneheld og finna ut om somme av dei har ein medisinsk effekt på nokre lidingar. På den måten vil dei bli kvalitetssikra på same vis som dei medisinane som i dag blir brukte i skulemedisinen, fortel ho.

Smestad Paulsen synest prosjektet oppfyller målsetjinga om både å støtta og koordinera forsking i Afrika.

– Dette er kunnskapsoverføring både frå nord til sør og frå sør til nord. Alle partar får nytte av denne forskinga, slår ho fast.

 

 

 

 

 

Emneord: Naturfag, Sør-Afrika, Mali, Forskningssamarbeid, Afrika Av Martin Toft
Publisert 17. feb. 2011 10:36 - Sist endret 17. feb. 2011 10:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere