Vikingkvinner meir likestilte enn myten

Vikinggraver på Kaupang og Oseberghaugen i Vestfold kan gi ei ny tolking av kjønnsrollene i vikingtida. Det konkluderer arkeologistudent Marianne Moen med i masteroppgåva si. Før helga blei ho tildelt Senter for tverrfagleg kjønnsforskings pris for å ha gitt det mest framifrå bidraget til kjønnsforsking i 2010.

LIKESTILTE VIKINGKVINNER? Arkeologistudent Marianne Moen får prisen for å ha gitt eit framifrå bidrag til kjønnsforskinga i masteroppgåva si. Ho får utdelt reisesjekken på 8000 kroner av juryleiar Anne-Birgitte Rønning.

Foto: Martin Toft

 Det finst ingen generelle skilnader mellom kvinne- og mannsgraver frå vikingtida når det gjeld plassering, utvending form, innhald og rikdom. Materialet viser at me difor bør vurdera å gi plass til tolkingar som skildrar kjønnsideala til vikingane som meir flytande.

Arkeologistudent Marianne Moen ved Institutt for arkeologi, konservering og historie har funne dette ut gjennom å studera gravfelta i Kaupang og Oseberghaugen i Vestfold. Gjennom dette arbeidet har ho oppdaga at det er mogleg å stilla spørsmål om kor total den sosiale delinga mellom kjønna var i vikingtida.

Går nye vegar

Forslagsstillaren viser til at oppgåva er viktig fordi moderne, vestlege kjønnsroller blir legitimerte av oppfatninga av at det finst ein kontinuitet i kjønnsbasert deling av verdiar og roller. Det gir tyngd til ei forståing om at dagens kjønnsroller fylgjer naturlege mønster, heller enn å vera resultat av sosiale konstruksjonar.

Rettleiaren til Marianne Moen peikar på at oppgåva hennar går nye vegar fordi ho kombinerer landskapsstudiar med kjønnsarkeologi. Det blir også vist til at dagens kjønnsideologi påverkar ideane våre om fortida, men samtidig påverkar ideane våre om fortida også dagens kjønnsmønster. Dette er ein tovegsprosess som me må vera merksame på om me skal forsøka å oppnå eit balansert syn på både fortida og notida sine idear om kjønn, blir det peika på.

Prisjuryen sluttar seg til denne oppfatninga og gir difor Marianne Moen prisen for å ha skrive den beste masteroppgåva om kjønnsforsking i 2010. Dermed kunne ho ta imot ein reisesjekk på 8000 kroner av juryleiaren Anne-Birgitte Rønning.

Dei åtte andre som var nominerte:
Mali Gulbrandsen Asmyhr ved Institutt for kriminologi og rettssosiologi
Inger Karoline Hagane, Institutt for litteratur, områdestudium og europeiske språk
Rannveig Vittersø Kaldager, Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi
Mona Nilsen, Det teologiske fakultetet
Julie Estdahl Stuestøl, Institutt for kriminologi og rettssosiologi
Marie Stangehov Thorstensen, Det teologiske fakultetet
Ida Wagle, Det teologiske fakultetet
Anna Hedvig Kirsten Marheim Young, Institutt for litteratur, områdestudium og europeiske språk.
 


 

Emneord: Sentrene, Likestilling, Kvinne- og kjønnsforskning, Priser Av Martin Toft
Publisert 14. jan. 2011 15:47 - Sist endra 14. jan. 2011 15:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere