– Uakseptabelt å fiksa på forskingsresultat

– Det er fullstendig uakseptabelt dersom ein offentleg etat eller eit organ vil bruka forskingsresultat for å oppnå politiske mål, understreka forskingsminister Tora Aasland i ein debatt i Akademisk forum på UiO måndag kveld.  

STYRT FORSKING? : Forskingsminister Tora Aasland, medisinprofessor Lars Walløe frå UiO og forskar Nils Petter Gleditsch frå Fredsforskingsinstituttet diskuterte forskingsbasert politikk eller politisert forsking i samband med at fleire departement ville endra resultata i forskingoppdrag som dei hadde finansiert.Til høgre biologiprofessor Kristian Gundersen slom var møteleiar.

Foto: Ola Sæther

Diskusjonen i Akademisk forum tok utgangspunkt i Aftenpostens avsløringar av at enkelte departement og offentlege etatar hadde kravd å få endra konklusjonane i forskingsrapportar som dei hadde finansiert. Forskingsbasert politikk eller politisert forsking var temaet som forskingsminister Tora Aasland, medisinprofessor Lars Walløe frå UiO og forskar Nils Petter Gleditisch frå Fredsforskingsinstituttet difor var inviterte til å ha eit ordskifte om.

– Forskinga skal ha truverd. Difor toler den ikkje slik manipulering som den blei utsett for i dei sakene som Aftenposten skreiv om i fjor haust. Det er grunnen til at me har bede Direktoratet for forvalting og IKT (Difi) om å utarbeida klare retningslinjer der den akademiske fridomen må presiserast innanfor ramma til oppdraget. Det må frå byrjinga vera heilt klart om det er eit forskings- eller konsulentoppdrag, sa Aasland.

– Ville forsvara tobakksindustrien

Ho viste også til USA der forskaren Siegfried Frederick Singer  som seinare blei rådgjevar for Ronald Reagans regjering, starta eit senter for positiv vitskap.

– Seinare viste det seg at heile formålet med forskinga var å forsvara tobakksindustrien, fortalde ho.

Aasland trekte også inn eit døme frå Noregs naboland Danmark.

– Der gjekk den borgarlege regjeringa inn for å oppretta eit Senter for forsking på den kalde krigen. For å unngå venstreradikale forskarar blei senteret lagt under Institutt for forsvarsstudiar, og ikkje under eit av universiteta. Senterleiaren fekk også ei startløyving på 10 millionar danske kroner. Om ein set merkelappen høgrevridd eller venstrevridd på forskinga, vil det undergrava legitimiteten til all forsking, meinte Aasland.

– Forskarar på villspor

Sjølv om ho var glad for at ho var blitt invitert til debatten utan å måtta diskutera forskingsbudsjettet, klarte ho ikkje å lata vera å koma med eit lite spark til argumenta som blir brukte i debatten om forskingsløyvingane.

– Det er sjølvsagt de forskarar som veit best kvar skoen trykkjer. Men de er likevel på villspor når de hevdar at det berre er sju prosent av løyvingane til Forskingsrådet som ikkje er politisk styrte. Det de ynskjer å seia er at den delen av forskingsløyvingane som går til frie prosjekt, må aukast, og det synest eg det er bra at de peikar på. Sjølv ynskjer eg å auka balansen mellom tematiserte og ikkje-tematiserte forskingsområde, garanterte Aasland.

– Politikarane bestemmer spesielle satsingsområde

Statsråden viste også til kritikken mot at Utanriksdepartementet disponerer forskingspengar som går til global helse.

– Politikarane set av pengar til fattigdomsnedkjemping som er øyremerkte til prosjekt som ikkje alltid legemiddelindustrien ynskjer, forklarte ho.

– På same måte har politikarane bestemt at det skal forskast på rein energi, men politikarane bestemmer ikkje kva forskarane skal forska på og korleis dei skal utføra forskinga innanfor dette området, slo Aasland fast.

– Fekk betre politisk balanse

Medisinprofessor Lars Walløe fortalde om korleis han som leiar av ulike offentlege utgreiingar, ofte måtte bruka politisk kløkt for at arbeidet til eit utval skulle få gjennomslag uavhengig av kva politiske parti som sat med regjeringsmakta.

– Ein gong tykte eg at det var for mange medlemar med partibok i Arbeidarpartiet i eit utval. Som utvalsleiar kunne eg ikkje sparka nokon ut, men eg kunne invitera fleire inn, slik at det blei ein betre politisk balanse, fortalde han.

Gav råd om kval- og selfangst

Walløe var også sentral som rådgivar for regjeringa i spørsmål som norsk kvalfangst og selfangst.

– Når det galdt kvalfangsten, blei eg plukka ut til å leia arbeidet med å greia ut spørsmålet om norsk forskingsfangst. Årsaka var at Havforskingsinstituttet hadde for liten kompetanse på det området. I spørsmålet om norsk selfangst var eit sentralt tema den norske avlivingsmetoden. Eg fekk med meg folk som var aktive dyrevernarar, men også forskarar frå Danmark og Sverige som var kritiske til norsk selfangst. Likevel blei konklusjonen at det ikkje var grunn til å kritisera den norske avlivingsmetoden, trass i rapportane frå selfangstinspektør Odd Lindbergh. Konklusjonen fekk liten omtale i media, mintest han.

Slo saman to utval

Walløe viste også til algeinvasjonen i Kattegat og Skagerak på slutten av 1980-talet.

– Då truga algane mange av oppdrettsanlegga i Rogaland. Både Fiskeridirektoratet og Miljøverndepartementet sette ned kvart sine utval som skulle greia ut kva som burde gjerast. Eg blei utnemnd til leiar for utvalet til Miljøverndepartementet medan direktøren for Havforskingsinstituttet var leiar for utvalet til Fiskeridepartementet. Me tok kontakt med kvarandre og blei einige om å slå dei to utvala saman og leia møta annankvar gong. Begge departementa murra litt, men dei fann seg i det, fortalde Walløe.

– Utan vitskapleg grunnlag

Fredsforskar Nils Petter Gleditsch meinte også mange forskarar trekte konklusjonar utan å ha vitskapleg grunnlag for dei.

– Det verste eg har opplevd, er påstanden frå organisasjonen ”Concerned Scientists Norway” som påstod at 1 milliard menneske ville bli flyktningar som ein konsekvens av klimaendringane. Eg veit kvar opplysningane kjem frå, men det finst ikkje vitskapleg grunnlag for dei, konstaterte Gleditsch, som stort sett var einig i konklusjonane til FNs klimapanel.

– Også eg er overtydd om at den globale oppvarminga er menneskeskapt, men når det gjeld dei sosiale konsekvensane av klimaendringane, har FNs klimapanel mindre konkrete data, sa Gleditsch.

Rundt 50 personar deltok på debattmøtet til Akademisk forum.

 

 

Emneord: Forskningspolitikk, Universitetspolitikk, Etikk Av Martin Toft
Publisert 26. jan. 2011 16:16 - Sist endra 27. jan. 2011 10:25

I en tid med avsløringer av forsøk på (over)styring av forskning og forskningsresultater, er det trist å se at Nils Petter Gleditsch trekker frem det som sto i kronikken høsten 2008, i forbindelse med oppstart av Concerned Scientists Norway, som det verste han har opplevd. Det er et hav av forskjell på å "fikse på forskningsresultater" og å ta for hardt i, på ett punkt, i en kronikk skrevet av en gruppe mennesker med forskjellige fagområder, hvor dessverre ingen av oss tok ansvaret for å sjekke at hver formulering i hvert resonnement var godt nok underbygget og forsiktig nok formulert. I vårt forsøk på å få frem alvoret i en global oppvarming på to grader eller mer, burde vi ha skrevet "kan føre til" i stedet for "vil gjøre at", og vi burde ha uttrykt oss mer nyansert og forbeholdent om omfanget av menneskelig lidelse som vi risikerer, dersom vi ikke gjør noe drastisk for å få ned klimautslippene. Det er en balansekunst å uttrykke seg nyansert nok som forsker og samtidig klart nok som samfunnsdebattant. Vi som var med på å starte opp Concerned Scientists Norway har lært av dette, og slik sett kan vi takke Gleditsch (og Holtsmark) for erfaringen. Men kan vi nå, to og et halvt år senere, være enige om at det er på tide å gå videre og diskutere hva vi skal gjøre for å få til et bærekraftig verden for verdens befolkning i dag og for fremtidige generasjoner?

Med vennlig hilsen, Beate Sjåfjell, styreleder i Concerned Scientists Norway (www.cs-n.org) og førsteamanuensis dr. juris, Institutt for privatrett, Det juridiske fakultet i Oslo.

Beate Kristine Sjåfjell - 1. feb. 2011 11:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere