– Stor takhøgd for faglege diskusjonar

– Ytringsfridomen er eit fundament for universitetet og gir stor takhøgd for faglege diskusjonar, men ikkje for trakassering. Det understreka universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe i går i arbeidsrettssaka som den avsette mellomalderprofessoren Arnved Nedkvitne har gått til mot UiO.  

GJELD IKKJE TRAKASSERING: – Ytringsfridomen  gir ikkje takhøgd for trakassering, sa universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe (t.h.) i Borgarting lagmannsrett i går i arbeidsrettssaka Arnved Nedkvitne har gått til mot UiO. Til venstre regjeringsadvokat Elisabeth Stenwig. Med ryggen til sit Arnved Nedkvitne.

Foto: Ola Sæther

Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe var det siste vitnet som blei ført av regjeringsadvokat Elisabeth Stenwig i arbeidsrettssaka i Borgarting lagsmannsrett i går ettermiddag.

Den avsette mellomalderprofessoren Arnved Nedkvitne krev å få tilbake professorstillinga si ved Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH) etter at han blei avsett av Universitetsstyret 24. februar 2009. Grunnlaget var at han hadde brote Tenestemannslovas paragraf 15 A om at han hadde krenkt tenestepliktene sine.

UiO vann saka i Tingretten for eitt år sidan, men no ynskjer Arnved Nedkvitnes advokat Vidar Strømme å leggja fram prov i retten som viser at dette ikkje er ei personalsak, men at saka derimot handlar om vilkåra til ytringsfridomen på universitetet.

Dette avviste universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe. Ho meinte heile saka handla om andre ting.

– Mangelfull respekt

– Arnved Nedkvitne viste mangelfull respekt for leiarskap.Spesielt den eine e-posten med personlege åtak retta mot tidlegare instituttleiar Jorunn Bjørgum er eit prov på dette. Over 15 gonger let han vera å koma på møte som han var kalla inn til. Dersom me skal kunna løysa konfliktar, må folk koma til samtalar. Også eg opplevde at han ikkje kom til eit møte me hadde bede han om å koma på. Då fekk me beskjed to dagar før om at han ikkje ville koma. Etter at han hadde skaffa seg advokat ,gav me han også tilbod om å gå av med avtalefesta pensjon (AFP), men han gav klar beskjed om at han ynskte å sitja i professorstillinga til han blei pensjonist, fortalde Bjørneboe.

Ho stadfesta også at før saka kom opp i Universitetsstyret, tok UiO kontakt med Nedkvitnes advokat Preben Moe Henriksen i Føyen Advokatfirma.

– Då kom me med eit innspel om at UiO kunne tenkja seg å inngå eit forlik, sa Bjørneboe. Forslaget om eit forlik, blei altså ikkje godtatt, og dermed kom saka opp som avskilssak i Universitetsstyret 24. februar 2009.

– Einige om brot på Tenestemannslova

Regjeringsadvokat Elisabeth Stenwig ville vita om det hadde vore ei vanskeleg sak for Universitetsstyret å vedta å seia han opp.

– Alle var einige om at han hadde brote paragraf 15 A i Tenestemannslova. To av 11 representantar i Universitetsstyret meinte at det ville vera ein for dramatisk reaksjon å seia han opp, og dei ville heller ha ordensstraff. Fleirtalet meinte derimot at alle andre alternativ var prøvde, og stemte difor for at han skulle få avskil som professor ved UiO, mintest Bjørneboe.

Advokat Stenwig lurte også på om ho ville koma med fleire kommentarar på vegner av UiO.

– Me har lært at det er viktig å fokusera på arbeidsmiljøet. Det er også om å gjera å få løyst slike konfliktsaker tidleg.

– Maktmenneske kjempa mot hans interesser

Også tidlegare HF-dekan Bjarne Rogan var i elden i vitneboksen. Han var ikkje nådig mot mellomalderprofessor Arnved Nedkvitne.

– Han hadde mange generelle synspunkt på leiinga ved fakultetet og instituttet. Påstanden hans var at mellomalderhistorie var sett på sidelinja av maktmenneske som kjempa mot hans interesser, sa Rogan.

Etter at Nedkvitne ikkje dukka opp på det første møtet han blei kalla inn til av rektor Arild Underdal og dekan Bjarne Rogan i 2003, kom Arnved Nedkvitne derimot på eit nytt møte med Rogan og Underdal i juni 2003.

– Som å snakka til ein fjellvegg

– Då sat me og høyrde på han og påstandane hans i ein time. Då me peika på rolla hans i det han framstilte, ved å visa til kva andre ved instituttet hadde sagt, slo han seg heilt vrang og kravde å få desse skuldingane skriftleg. Det var heilt umogleg å få han til å vedgå at han hadde litt av skulda. Å samtala med han var som å snakka til ein vegg, for ikkje å seia ein fjellvegg, slo han fast.

– Konflikt utan kjerne

Tidlegare UiO-rektor Arild Underdal stadfesta i sitt vitneprov i stor grad Bjarne Rogans versjon av møtet med Arnved Nedkvitne i juni 2003.

– Det byrja godt ved at han fekk utdjupa ankepunkta sine, sjølv om det kanskje ikkje kom fram ny informasjon. Problemet var det andre punktet på møtet, der me skulle ta opp hans rolle i konflikten og dei klagemåla som fleire av kollegaene hans hadde på han. Då blei eg avvist med kravet om at eg måtte leggja fram desse skuldingane skriftleg. Eg såg difor ingen grunn til å plaga han meir på det punktet, sa Underdal, som meinte heile konflikten var utan kjerne.

– Dette var ein konflikt som heile tida fekk næring gjennom dei ytre skala, altså dei siste hendingane i saka. På mange måtar kan den samanliknast med ein snøball. Det gjeld å få den ut på flat mark, slik at den ikkje rullar vidare, peika han på.

Også Underdal avviste at saka handlar om akademisk fridom.

– Det viktigaste sivilisasjonsbyggjande prosjektet Universitetet i Oslo har, er å få studentane våre til å skilja mellom sant og usant. Desse normene må vera på plass også utanfor akademia. Eg meiner det er viktig å syna respekt også i allmennmenneskelege forhold. Difor er det viktig å skilja mellom sak og person. Akademisk fridom er ikkje eit personleg privilegium, men det er den beste måten å få fram ny kunnskap på gjennom å sleppa laus den frie tanken, forklarte Arild Underdal, som var leiar for utvalet som greidde ut spørsmålet om akademisk fridom på vegner av Kunnskapsdepartementet i 2006.

– Blei veldig trist

Også den mykje omtalte psykologen Bjørn Ekelund vitna i går. Han stadfesta at selskapet hans fekk tilbodet om å gjennomføra ei arbeidsmiljøundersøking ved Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH). Ekelund fann fort ut at det ikkje var noko grunnlag eller vilje til å gjennomføra ei slik undersøking på instituttet. Nedkvitnes advokat Vidar Strømme ville då gjerne vita om han formidla det synet vidare til Arnved Nedkvitne.

– Ja, eg hadde eit to timar langt møte med han, nettopp fordi han var ein av dei som hadde tatt initiativet til at det burde gjennomførast ei slik undersøking. Og på slutten av det møtet fortalde eg han at det ikkje ville bli noko av ei slik undersøking. Då blei han veldig trist, sa Ekelund. 

Etterpå tok Arnved Nedkvitne ordet i retten og hevda at det Ekelund sa, ikkje var sant.

– Sanninga er at eg ikkje blei klar over at det likevel ikkje skulle setjast i gang ei arbeidsmiljøundersøking før ei veke etter. Då fann eg Jorunn Bjørgums dagbok og kunna lesa det der, sa Nedkvitne. 

Arbeidsrettssaka held fram i Borgarting lagmannsrett i dag, med sluttprosedyrar frå regjeringsadvokat Elisabeth Stenwig og Arnved Nedkvitnes advokat Vidar Strømme.

 

Emneord: Arbeidsforhold, Arbeidsmiljø, Personalbehandling/politikk, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 26. jan. 2011 13:10 - Sist endra 26. jan. 2011 13:21

Fjellveggen er berget hvor lovens ord er risset inn som vern mot maktens ignoranse.

Heidi Stakset. 

aubry@ntnu.no - 26. jan. 2011 13:31

 

Ingen interesse for konfliktløsning?

Nedkvitne ble kaldt inn på møter 15 ganger. Han ville ikke delta på slike møter. Da ble han oppsagt. Etter at han nektet å møte de første 5 gangene, hva var hensikten med å kalle ham inn 10 ganger til? Det var opplagt at han ikke ville komme. Hensikten måtte vært å samle inn grunnlag for å si ham opp. Etter 5 ganger, kunne han heller fått skriftlig varsel om at han risikerte å bli sagt opp

Jeg er stolt av mitt fagforbund, som støtter Nedkvitne, selv om han har gjort alvorlige feil. Hvis jeg en dag blir oppsagt pga feil som jeg måtte gjøre, håper jeg at de også vil støtte meg.

Allan Krill, NTNU

krill@ntnu.no - 27. jan. 2011 09:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere