Lyste opp Blindern

Universitetet i Oslo markerte 200-årsjubileet sitt  i går ettermiddag med å lysa opp heile Blindern med lys i alle regnbogens fargar. Lysa blei farga med musikk som skulle passa til dei områda som blei lyslagde.

OPPLYST BLINDERN: Lysshowet lyste opp heile Blindern, og viste for alle at UiO er 200 år i 2011.

Foto: Ola Sæther
Last ned mediefil

Rundt 200 personar kom for å sjå på lysshowet som skulle markera innleiinga på UiOs 200-årsjubileum. Det skjedde på Frederikkeplassen klokka 16.30 i går ettermiddag. Det mest spektakulære var truleg lyset med 200 som kom opp på sørveggen til Niels Treschows hus. Samtidig blei også fontenene fargelagde i både grønt, lilla og raudt lys.

Då lyset kom på ved Arnold Haukelands skulptur " Air" kom Johann Sebastian Bachs musikkstykke med same tittel ut av høgtalarane. Det gjorde også anna klassisk musikk, før det enda opp med både jazz og elektronisk musikk.  Då begynte folk å dansa for å halda varmen.

 

 Heile seansen varte i rundt 20 minuttar. Bileta kan du sjå på denne sida. Alle fotografia er tatt av Ola Sæther.Og her kan du sjå InterMedias filmopptak av lysshowet.

Emneord: UiOs 200-årsjubileum Av Martin Toft og Ola Sæther (foto)
Publisert 7. jan. 2011 14:15 - Sist endra 11. jan. 2011 09:43
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere