Legg fram ny forskingsmelding i 2013

I 2013 vil regjeringa leggja fram ei ny forskingsmelding, opplyste forskingsminister Tora Aasland i dag. – Vitskapsåret 2011 må brukast til å diskutera viktige forskingsspørsmål, medan arbeidet med meldinga begynner i 2012, sa statsråden.  

TOPPFORSKING: Fysikkprofessor Erik Olai Pettersen ved UiO  presenterer forskingsprosjektet METOXIA for forskingsminister Tora Aasland i mai 2008.(Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Det var på kontaktkonferansen mellom Kunnskapsdepartementet og leiinga ved universiteta og høgskulane statsråd Tora Aasland kunngjorde at regjeringa vil ha klar ei ny forskingsmelding i 2013.

– I vitskapsåret 2011 inviterer eg til ein open prosess der eg inviterer til opne høyringar over heile landet, før arbeidet med å sy saman ei ny forskingsmelding for alvor startar i 2012, fortalde Aasland.

200-årsjubileum

Ho viste til at grunnen til at regjeringa også har lansert Vitskapsåret 2011, er at dei ville støtta opp under UiOs 200-årsjubileum. – Det er faktisk også eit 200-årsjubileum for forskingsbasert undervisning for heile landet. No treng universiteta og høgskulane vitskapleg slagkraft gjennom samarbeid og i arbeidet med å bli fagleg sterkare, var oppfordringa frå statsråden.

– God leiing

Aasland viste også til at det både var viktig for regjeringa å ha tillit til at sektoren løyste oppgåvene sine på ein best mogleg måte, men universiteta og høgskulane måtte også ha tillit til regjeringa.

– Difor trengst det god leiing når det skal takast viktige strategiske val. Dersom det skal vera mogleg å få til strategiske og faglege endringar, må dei ha forankring i leiinga. Det trengst refleksjon om leiing, understreka ho.

– Må måla god utdanning

Statsråden tok også til orde for ei kartlegging av framtidas utdanningsbehov.

– Det finst langt færre mekanismar for å måla korleis utdanning skal utviklast rundt oss til samfunnets beste enn det gjer for forsking. Me veit for lite om kva god utdanning er. Innsatsen på dette området må styrkjast både på institusjonane og nasjonalt. Det er behov for eit felles krafttak for at me skal lykkast med målet om å etablera 20 000 nye studieplassar innan 2020, meinte Aasland.

– Ei løysing på klimaendringane

Ho signaliserte også at regjeringa ville levera ei stortingsmelding om utdanning for velferdstenestene. I hovudsak peika ho på profesjonsutdanningane på høgskulane, men ho nemnte også medisinstudiet på universiteta. Det var også andre område som universiteta og høgskulane kunne vera med på å løysa.

– Rolla til universiteta og høgskulane i vitskapen er i høgste grad også oppgåva med å finna ei løysing på klimaendringane. Dei har dei aller beste føresetnadene for å ta tak i den nyfikendrivne forskinga, tykte ho.

– Må vera synlege i samfunnsdebatten

Etter hennar meining spelar dei ei svært viktig samfunnsrolle.

– Konklusjonen er at desse lærestadene er verken elfenbeinstårn eller kunnskapsfabrikkar. Dei stiller dei viktige spørsmåla og gir oss ofte dei svara me ikkje ynskjer. Nettopp det var grunnen til at eg måtte gripa inn i fjor haust då nokre av departementa våre ikkje hadde forstått prinsippet om den akademiske fridomen, slo ho fast.

Statsråden meinte det var viktig at heile sektoren var på bana.

– Universiteta og høgskulane må vera synlege og delta i samfunnsdebatten.
 

Emneord: UiOs 200-årsjubileum, Undervisning, Forskningspolitikk, Studieforhold Av Martin Toft
Publisert 18. jan. 2011 16:54 - Sist endra 18. jan. 2011 17:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere