Jubileumsambassadørar for UiO

Toget sniglar seg over åsar og forbi storgardar på Hadeland. På toget sit forskaren Cathrine Holst og studenten Sumayya Javed. Dei er ambassadørar for Universitetet i Oslo. Reisemålet er Raufoss videregående skole.  

RAUFOSS KALLAR: Sumayya Javed og Cathrine Holst er framme på stasjonen og ventar på å bli henta.  

Foto: Ola Sæther

På Raufoss stasjon blir dei tatt imot av lektor Ane Kristin Rogstad, som sjølv har hovudfag i historie frå Universitetet i Oslo.

– Velkommen til Raufoss, ein av dei kaldaste plassane på Austlandet. Det er ikkje mange av elevane som drar til UiO etter vidaregåande. Her drar dei fleste til Gjøvik, Lillehammer eller Hamar. Storbyen Oslo kan verka skremmande på dei. Om de får rekruttert elevar herifrå, gjer de ein bra jobb, synest ho. 

Ho kjører dei to UiO-representantane til den 30 år gamle bygningen i raud murstein som husar Raufoss videregående skole.

– Den ser jo mykje nyare og meir moderne ut, utbryt både Holst og Javed då dei ser skulen for første gong.

– Me har flinke vaktmeistrar som passar på å viska ut tagging og reparera feil straks dei oppstår, forklarar Rogstad. 

Sjeldan besøk frå UiO

På lærarrommet blir dei tatt imot av dei andre lærarane med rektor i spissen.

– Det er utruleg kjekt at de kjem hit som representantar for Universitetet i Oslo. Me håpar verkeleg at det ikkje går hundre år til neste gong, seier Ane Kristin Rogstad. Ho har aldri opplevd at det har kome folk frå UiO for å overtala elevane til å ta eit studium i hovudstaden. Derimot har dei fått mange besøk av representantar for høgskulane i nærområda.

Feminisme

– Eigentleg bør alle forskarar dra på ein slik forelesingsturné ein gong i året, seier Cathrine Holst, medan ho ser gjennom notatane til forelesinga ho skal halda om feminisme.

– Eg vil ta utgangspunkt i boka mi, ”Hva er feminisme?”. Så vil eg halda ei tradisjonell forelesing utan ”powerpoint” og andre tekniske hjelpemiddel, fortel ho.

Sumayya Javeds oppgåve er å informera elevane om studietilbodet ved UiO.

– Eg vil bruka UiO-nettsidene og powerpoint for å få fram kva tilbod UiO har både av studium, studentbustader og fritidstilbod, fortel ho. 

Cathrine Holst deler tida si mellom ei forskarstilling hos Arena og ei postdoktorstilling ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi.

– Då eg fekk førespurnaden om å bli UiO-ambassadør og få høve til å halda eit foredrag om eit sjølvvald, tema på ein vidaregåande skule, sa eg ja med ein gong. Det er eit glimrande høve til å få halda eit foredrag om feminisme til grupper som ein vanlegvis ikkje føreles for, seier ho.

Kamp om å bli skulebesøkjar

Sumayya Javed har derimot måtta gå gjennom eit trongt nålauge for å bli utnemnd til skulebesøkjar.

– Eg trur det var 120 studentar som melde seg og 14 som blei plukka ut. For meg er det flott å få høve til å halda foredrag om Universitetet i Oslo for elevar i vidaregåande, seier Javed, som er student på lektorprogrammet i realfag.
På Raufoss videregående skole går det både elevar med allmennfag og elevar med yrkesretta fag. Begge gruppene skal høyra på forelesinga om feminisme, men berre den første gruppa skal få informasjon om studietilbodet ved UiO.

Ein mannsfeminist

I Auditoriet er over 100 elevar frå allmennfag samla for å høyra på foredraget om feminisme og få vita meir om kva det er mogleg å studera ved Universitetet i Oslo.

 FOREDRAGET: Forskar Cathrine Holst blir engasjert når ho får snakka om kva feminisme er

Først ut er Cathrine Holst som først spør om det finst nokon som vil kalla seg feministar i salen. Det er stille lenge, før ein gut melder seg.

– Ja, eg er feminist. Ingen er sikker på om han meiner det eller seier det på spøk. Ingen andre står fram som feminist.

– Kva synest de om feminisme då? spør Holst. Ei jente på første benk svarar.

– Eg synest det er heilt i orden at gutar opnar dørene for jenter og at gutar spanderer middag på jenter av og til. Sjølvsagt kan eg betala sjølv også innimellom, meiner ho. Ingen andre kjem med sterke meiningar om feminisme.

Lønnsskilnader

Dermed set Cathrine Holst i gang med ei forelesing som tar elevane gjennom feminismen si historie frå Den franske revolusjonen, kampen for stemmerett for kvinner, til kvinnegruppa Ottar sin radikale kvinnekamp og kampen for likelønn i dag. Etter forelesinga er elevane meir opptekne av å koma med synspunkt.

– Skilnadene på lønn mellom kvinner og menn i dag har å gjera med kva yrke dei har. Sjukepleiarar tener dårlegare enn ingeniørar, og det er fleire kvinner som er sjukepleiarar enn ingeniørar, peikar jenta på første benk på.

– Ja, det er rett. Men kva er grunnen til at sjukepleiarar i kommunane tener dårlegare enn ingeniørar, når dei har like lang utdanning? spør Holst.

– Fagforeiningane til tradisjonelle mannsyrke har vore flinkare til å krevja høgare lønn enn fagforeiningane til tradisjonelle kvinneyrke, meiner ein av gutane i salen. Og Holst gir han medhald.

– Jenter er opptatt av å få gode karakterar på den vidaregåande skulen, men dei torer ikkje å søkja på leiarstillingar fordi dei er redde for at dei ikkje vil meistra dei, medan gutar berre tenkjer at det heilt sikkert vil gå bra og kastar seg ut i det, seier jenta på første benk.

– Samfunnet bestemmer kjønnsroller

Forskaren vil gjerne ha svar på kvifor gutar og jenter heile tida vel tradisjonelt når dei skal velja karriereveg etter den vidaregåande skulen.

– Er det fordi arbeidsoppgåvene er viktigare enn å få ei høg lønn? spør ho. Det får ho ikkje noko konkret svar på. Derimot svarar ho på det spørsmålet sjølv. – Det finst biologiske skilnader på kvinner og menn. Det er det ingen tvil om. Men mange av dagens kjønnsroller er eit resultat av samfunnet rundt oss. Eit døme på det er at det i Tyrkia er mange kvinner som tar realfag, medan det er veldig få i Noreg, konstaterer ho. 

Å studera på UiO

 PUBLIKUM: Elevane fylgde godt med under forelesinga.
 

Elevane sat roleg og konsentrerte under foredraget hennar og gir henne ein varm applaus då ho avsluttar og overlet podiet til Sumayya Javed.

– Har mange av dykk vore i Oslo? lurer ho på. Eit par hender kjem i veret. Så viser ho eit T-banekart der stasjonane som ligg i nærleiken av bygningane til Universitetet i Oslo er ringa inn: Gaustad, Forskningsparken, Blindern og Nationaltheatret. Etterpå viser ho kor mange forskjellige fag det er mogleg å studera ved Det humanistiske fakultetet og på dei andre fakulteta ved UiO. 

– Kjemi, fysikk og matematikk ligg ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet, som har over 50 ulike fag og emne. Det er dermed ein av dei plassane på universitetet du kan velja mellom flest fag, understrekar ho.

– Den 15. april må de senda inn ein søknad om opptak på ti ulike studium i prioritert rekkefylgje. Og aller helst bør de søkja dykk til Universitetet i Oslo, oppfordrar ho før ho får ein hjarteleg applaus.

Fakta om UiO-ambassadørane:

- 60 av dei beste forelesarane er utnemnde til UiO-ambassadørar i jubileumsåret 2011.
- I løpet av to månader skal dei saman med ein student besøkja vidaregåande skular på Austlandet for å halda forelesingar om sine spesialemne.
- Mellom forelesarane finst Nils Christie, Thomas Hylland Eriksen, Cathrine Holst, Fanny Duckert og Liv Finstad.
 

Då besøket er over, er det to godt nøgde ambassadørar som går på toget tilbake til Oslo.

– Eg synest det var eit flott publikum. Men eg er mest tilfreds med foredraget eg held for elevar på dei yrkesretta faga. For meg er det lærerikt å snakka til eit så ungt publikum. Og dei var mykje meir konsentrerte enn studentane på nokre av

forelesingane mine på UiO. Eg synest alle forelesarar bør melda seg til teneste for UiO ein gong i året for å halda eit foredrag i felten. Det hadde gjort meg svært glad om eg oppdaga studentar frå Raufoss på Blindern til hausten, seier Holst.

 .
STUDIEINFORMASJON: Sumayya Javed fekk fleire spørsmål frå elevane etter at ho hadde informert om UiO som studiestad.
 

Også Sumayya Javed syntest det var gøy.

– Dei kom bort til meg etterpå for å få meir informasjon om matematiske fag, truleg fordi eg sjølv går på lektorlinja i realfag. Eg gler meg til dei neste besøka eg skal på i Asker og Vestby, seier ho. Dei er begge

einige om vurderinga av besøket i Raufoss.

– Me blei fantastisk godt mottatt, både av elevane og lærarane.

 

 

Emneord: UiOs 200-årsjubileum, Universitetshistorie, Studentforhold, Rekruttering Av Martin Toft og Ola Sæther (foto)
Publisert 24. jan. 2011 14:25 - Sist endra 24. jan. 2011 15:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere