Endeleg tilbake på Blindern

Den internasjonale sommarskulen har flytta tilbake til den gamle PO-bygningen som etter restaureringa har fått namnet Georg Morgenstiernes hus. – Denne innflyttinga er permanent, håpar direktør Einar Vannebo og kontorsjef Sissel Drevsjø.  

LUNSJ I NYTT HUS: Staben til Den internasjonale sommarskulen tar lunsj i nye lokale i Georg Morgenstiernes hus. Lengst bak sit  kontorsjef Sissel Drevsjø (t.v.). og direktør Einar Vannebo (t.h).

Foto: Ola Sæther

Dei ti tilsette ved Den internasjonale sommarskulen på Universitetet i Oslo var dei siste som flytta ut av den gamle PO-bygningen i 2007 og dei første som flytta inn i det nyrestaurerte Georg Morgenstiernes hus i januar 2011. No held dei til i andre etasje i den nesten 50 år gamle bygningen, som er blitt hypermoderne etter restaureringsarbeidet.

– Ei ny verd

– Dette er ei heilt ny verd for oss. Aldri tidlegare har me opplevd å flytta inn i nye lokale, seier direktør Einar Vannebo og kontorsjef Sissel Drevsjø.

– Men før vår tid var Den internasjonale sommarskulen den første som flytta inn i den nye Administrasjonsbygningen på 1960-talet, legg Vannebo til.

Sommarskulen heldt til i Administrasjonsbygningen til dei flytta inn i PO-bygningen i 1995. I 2007 fekk dei beskjed om å flytta inn i Veglaboratoriet i Gaustadalleen 25.

– Det førte til at me måtte ha mellombelse sommarflyttingar tre år på rad. Årsaka var at dei utanlandske studentane skulle kunna finna oss sentralt på universitetsområdet, fortel Drevsjø.

– Meir praktisk å vera på Blindern

I Georg Morgenstiernes hus har dei også fått selskap av dei tilsette ved Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske fag (IFIKK).

– For oss er det kjempefint å vera tilbake på Blindern. Studentane våre får ei bein akse frå Georg Morgenstiernes hus via Frederikkebygningen til Blindern studenterhjem der dei bur. Om sommaren vil me også setja opp mellombelse informasjonsskilt for at dei lettare skal finna ut kvar me held til. Førebels ventar me på at dei skal få opp skiltet med namnet på bygningen ”Georg Morgenstiernes hus”. Skiltet med Den internasjonale sommarskulen vil berre hengja nede i vestibylen, fortel Drevsjø og Vannebo.

Begge er einige om at det er godt å vera tilbake på Blindern.

– Det er mykje meir praktisk og dessutan er det langt meir sentralt. Og det passar oss bra. For oss er det heller ingen ulempe at me har fått gode og lyse lokale. Difor håpar me at me blir verande her svært lenge, og aller helst permanent, seier Einar Vannebo og Sissel Drevsjø.

 
 

Emneord: Den internasjonale sommerskole, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 11. jan. 2011 16:01 - Sist endra 12. jan. 2011 10:29
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere