Utforskar rørslene til kontinentalplatene

Geologiprofessor Trond Helge Torsviks draum er å finna ut kvifor kontinentalplatene gjennom fleire hundre millionar år har glidd sakte rundt på jordoverflata. Med 20 millionar kroner frå ERC kan UiO-forskaren utvikla teorien sin om manteldynamikk og oppleva at draumen blir røyndom.  

UNIK JORD: – Jorda er den einaste planeten som har kontinentalplater som er i konstant rørsle, seier geologiprofessor Trond Helge Torsvik. No får han 20 millionar frå ERC til å finna svaret på kvifor det er slik.

Foto: Ola Sæther

Rett før helga fekk geologiprofessor Trond Helge Torsvik vita at han hadde fått tildelt 20 millionar kroner frå det Det europeiske forskingsrådet (ERC). Han er dermed den fjerde UiO- forskaren som får denne prestisjefylte pengeløyvinga i 2010. I tillegg har UiO fått millionløyvingar frå ERC til to yngre lovande forskarar.

Trond Helge Torsvik er for tida engasjert som leiar for ei forskargruppe ved Senter for grunnforsking i Drammensveien. Men han er fast tilsett som professor ved SFF-senteret Physics of Geological Processes (PGP) ved UiO. Det er også der han skal etablera den nye forskargruppa si som skal gå endå grundigare inn i materien når det gjeld å forska på rørslene til kontinentalplatene.

Eit 550 millionar år gammalt mysterium

– Me veit korleis kontinentalplatene flyttar seg i dag. Derimot veit me lite om korleis dei gjorde det før. Målet vårt er difor å finna ut korleis dei bevega seg for 550 milllionar år sidan. Inntil for få år sidan var det berre mogleg å gå 100 millionar år bak i tida. No er det brått blitt mogleg å forska 450 millionar år lenger tilbake. Håpet vårt er at me også skal finna ut kvifor dei byrjar å røra på seg, fortel Torsvik. Og han forklarar gjerne korleis dei har tenkt å utføra denne forskinga.

– Når me set i gang, vil me gå inn i mantelen som ligg under platene for å finna ut kvifor platene begynte å flytta på seg. Den strekkjer seg ned til 3000 kilometer inne i jordas indre. Me brukar å studera dei magnetiske materialane i bergartane. Når ein vulkan kjem til overflata har den ein temperatur på 1000 grader. Når vulkanen blir avkjølt blir dei magnetiske materialane som kompass i bergartar. Dei kan fortelja oss om kva breiddegrader bergartane kjem frå, om dei er frå Ekvator, Arktis eller Antarktis.

Utan laboratorium drar han frå UiO

– Og kva treng du og forskarane dine for å kunna utføra desse prøvane?

– Eit heilt nytt laboratorium. Difor har me også søkt Forskingsrådet om ei løyving på ti millionar kroner til å byggja opp eit laboratorium. Om me får desse pengane, vil me kunna ha det klart i løpet av eitt år.

– Kva skjer dersom de ikkje får desse pengane?

– Då flyttar eg truleg heile forskingsprosjektet etter to år til eit anna europeisk universitet som har det laboratoriet som me treng, slår han fast. Men han håpar at det ordnar seg slik at dei kan bli verande på Universitetet i Oslo. – Det er klart, men om pengane ikkje kjem, vil eg ikkje nøla med å dra min veg eller halda meg i utlandet i store delar av ERC-perioden.

Den fjerde revolusjonen

Då kan Universitetet i Oslo gå glipp av ein forskar som håpar han er i gang med å starta ein geovitskapleg revolusjon.

I geovitskapen finst det fire revolusjonar. Den første var då den tyske forskaren Alfred L. Wegener i 1915 lanserte sin første teori om kontinentaldrift. Han meinte at for 300 millionar år sidan var alle kontinenta sett saman av superkontinentet Pangaea (Alt land), med verdshavet Panthalassa (Alt hav). I 1962 lanserte den amerikanske geologen Harry Hess sin teori om havbotnspreiing.

I 1967 blei den utvikla vidare til ein ny teori om platetektonikk. Den viser til at jordskorpa er inndelt i sju store og ei rekkje mindre plater som er sette saman av både kontinent og havbotn og som flyttar på seg i høve til kvarandre. Det er denne platetektoniske teorien som no kan bli erstatta av teorien om manteldynamikk, som Trond Helge Torsvik vil utvikla for å gi forklaringa på kvifor kontinentalplatene flyttar seg rundt på jordoverflata.

– Min teori er at drivkrafta må vera straumar i den underliggjande mantelen. Draumen min er at den teorien skal vera ferdig utvikla om ti år, og den vil dermed bli den fjerde revolusjonen i geovitskapen, håpar Torsvik.

Interessante jordskjelv

Naturkatastrofar er for folk flest noko negativt. For forskarane kjem dei til nytte.

– For oss geologar er alle jordskjelv interessante forskingsobjekt. Det aller beste var faktisk katastrofejordskjelvet utanfor Sumatra i 2004, der over 225 000 menneske mista livet. Heile jorda bevega seg då ei svært kort stund. Me fekk då informasjon frå jordskjelvstasjonar rundt omkring i heile verda som vil vera svært nyttig for vitskapen, seier han. Geologane har også delt verda inn i vulkanprovinsar. Til dei høyrer ikkje Island, men Osloområdet.

– For 300 millionar år sidan var det temmeleg heitt på overflata her. Og difor finn me materialar her, som opphavleg blei ført opp med varmesøyler frå mest 3000 kilometer under jordoverflata. Frå 150 til 180 kilometers djupn har vulkanutbrota tatt med seg diamantar opp til overflata, slik som me skreiv om i ein artikkel i Nature i sommar. Artikkelen har ikkje gjort oss rike økonomisk, men gjort oss vitskapleg rike, fortel han.

– Viss alle diamantar som finst på jorda, hadde kome ut på marknaden, ville ein diamant til slutt vera verdt null og niks. Difor er diamantmarknaden nøye regulert i dag, konstaterer han.

Den einaste planeten med plater i rørsle

Torsvik klarer ikkje å skjula fascinasjonen for ein gong å finna svaret på kvifor kontinentalplatene bevegar seg.

– Jorda er den einaste planeten som har kontinentalplater som er i konstant rørsle. Difor undrar det meg at det blir brukt mange milliardar kroner på å utforska om det er liv i verdsrommet, medan det blir brukt langt mindre summar på å undersøkja dette mysteriet på vår eigen planet, seier Torsvik.

Med 20 millionar kroner på bordet frå Det europeiske forskingsrådet blir truleg den forskinga mykje betre skodd økonomisk.

– Og det har vore til stor nytte for meg å bruka UiOs faste eksterne konsulent for EU-søknader. Han hjelpte til med å forfatta søknader som også kan lesast av folk i Brussel som ikkje er ekspertar på fagområdet. Eg er difor glad for at eg nytta meg av den tenesta.

Før den nye forskargruppa til Trond Helge Torsvik er klar, skal han lysa ut tre eller fire nye stipendiatstillingar. – Håpet er at me kan koma i gang med det fem år lange prosjektet i løpet av neste år.

 

 

 

 

Emneord: Fysikk, Forskningspolitikk, Universitetspolitikk, EU, Internasjonalisering, Geologi Av Martin Toft
Publisert 21. des. 2010 15:38 - Sist endra 27. des. 2010 11:40
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere