UiO opprettar innovasjonpris

På jubileumsårsfesten 1. september 2011 skal den nyetablerte innovasjonsprisen til UiO delast ut for første gong. – Det er mogleg å få pris både for innovasjon innanfor forsking og undervisning, men også for entreprenørskap, seier prorektor Inga Bostad som leier priskomiteen.  

INNOVASJONSPRIS: – Me vil gi prisen til tilsette eller studentar som på UiO har kome med ein innovasjon som påviseleg har vore til nytte for samfunnet, eller for universitetssamfunnet, seier prorektor Inga Bostad.

Foto: Ola Sæther

Fram til no har Universitetet i Oslo delt ut både forskingspris, formidlingspris og læringsmiljøpris på årsfestane. Frå og med hausten 2011 skal Universitetet i Oslo begynna å dela ut den nystarta innovasjonsprisen.

– På den måten kan me gi pris til den eller dei som har gjort ein spesiell innsats innanfor dei kjerneområda til eit universitet som blir lista opp i Universitets- og høgskulelova. Dei tre pilarane er forsking, utdanning og formidling. Ved sida av desse tre hovudoppgåvene har me etter Universitets- og høgskulelova også ansvar for å bidra til innovasjon og nyskaping. Fram til no har me ikkje hatt ein eigen pris for innovasjon. Det bøter me på ved å oppretta denne prisen frå og med 2011, seier Inga Bostad. Prisen blir på 250 000 kroner og vil dermed ha same premiesum som dei tre andre prisane.

Ikkje berre til nytte for næringslivet

For Inga Bostad er det viktig å understreka at ein innovasjonspris ikkje berre har å gjera med noko som skal vera til nytte for næringslivet.

– Me vil gi prisen til tilsette eller studentar som på UiO har kome med ein innovasjon som påviseleg har vore til nytte for samfunnet, eller for universitetssamfunnet. Det kan altså vera nye læringsmetodar, nye metodar for å skaffa miljøgevinstar og idear som fører til nyskaping eller forbetring av ymse slag. Det einaste kravet er at det skal vera forskingsdriven innovasjon, forklarar Inga Bostad.

Ho understrekar sterkt at dette ikkje skal bli ein rein næringspris.

– Det kan til dømes vera nokon som har klart å få til eit vellykka kommunikasjonsverkemiddel som Rolltalk for funksjonshemma - slik Abelia har fått fram, eller nye organisasjonsformer som etableringa av =Oslo eller ein heilt nyskapande undervisningsmetode, seier Bostad.

– Må foreslå både mann og kvinne

Innovasjonsprisen vil skilja seg ut frå prisane som blir delte ut av Inven2 og Forskingsrådet.

– Inven2s pris er ein rein idépris, medan Forskingsrådets pris går til den som har gjort ei oppfinning som kan vera til nytte for næringslivet. Både studentar og tilsette kan bli nominerte og kan koma med forslag på kandidatar. Og det er svært viktig at alle fakulteta som nominerer kandidatar har med ein mann og ei kvinne på kvar av prisane, understrekar ho.

– Før helga blei det kjent at UiO får ingen av dei sju sentra for forskingsdriven innovasjon (SFI) som er oppretta av Forskingsrådet. Vil det seia at det blir endå viktigare med denne prisen for å stimulera dei tilsette til å setja i gang med innovasjon?

– Med denne prisen ynskjer me i alle fall å styrkja området innovasjon.
 


 

Emneord: Næringsliv, Universitetspolitikk, Universitetets priser, Birkeland Innovasjon Av Martin Toft
Publisert 20. des. 2010 10:43 - Sist endra 20. des. 2010 13:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere