Tre UiO-forskarar får millionar frå ERC

Professor Andreas Føllesdal ved Norsk senter for menneskerettar får 21 millionar kroner i støtte frå Det europeiske forskingsrådet (ERC) for å leia eit prosjekt som ser på legitimiteten til menneskerettsdomstolar. Medisinprofessor Ludvig Sollid og kjemiprofessor Trygve Helgaker er dei to andre som har fått millionløyvingar til banebrytande grunnforsking merka ”Advanced Grant” frå ERC.  

FÅR MILLIONSTØTTE: Filosofiprofessor Andreas Føllesdal får Advanced Grant på 21 millionar kroner frå Det europeiske forskingsrådet. Saman med jusprofessor Geir Ulfstein skal han sjå på legitimiteten til menneskeretttsdomstolar.

Foto: Ola Sæther

Det var i går det blei kjent at filosofiprofessor Andreas Føllesdal får 21 millionar kroner for å leia forskingsprosjektet ”The Legitimacy of Multi-level Human Rights Judiciary”.

– Prosjektet skal undersøkja legitimiteten til menneskerettsdomstolar og liknande organ på fleire nivå, – særleg nasjonalt, europeisk og internasjonalt, seier Føllesdal i ein presentasjon på nettsidene til Norsk senter for menneskerettar.

Utviklar temaet vidare

Han skal leia prosjektet i nært samarbeid med jussprofessor Geir Ulfstein. Han viser til at både han og Ulfstein fekk høve til å utvikla dette temaet medan dei leidde prosjektet ”Should States Ratify Human Rights Conventions? ved Senter for høgare studiar. Føllesdal er også forskingsleiar ved Norsk senter for menneskerettar og han gir ros til både UiO sentralt, Det juridiske fakultet og senterleiinga for den støtta dei har gitt han i samband med søknaden.

Ifylgje presentasjonen av prosjektet, vil forskingsarbeidet truleg strekkja seg over fem år etter at det har starta opp i 2011. Tema som kjem til å bli tatt opp er EUs tilslutnad til den europeiske menneskerettskonvensjonen, reformframlegga om den europeiske menneskerettsdomstolen og forslag om å endra på menneskerettsarkitekturen til FN.

Kvantekjemi

For ein månad sidan blei det kjent at kjemiprofessor Trygve Helgaker også har fått ei liknande millionløyving frå Det europeiske forskingsrådet. Han er kvantekjemikar og i 2006 var han ein av Noregs mest siterte forskarar. Då blei han også tildelt UiOs forskingspris. Kvantekjemi er ein disiplin som ligg i grenselandet mellom kjemi, fysikk, matematikk og informatikk.

Eit slikt prestisjefylt prosjekt for grensesprengjande grunnforsking viser kor sterkt Helgakers forsking står, og det er ei ”fjør i hatten” for heile instituttet, går det fram av Kjemisk institutt sine nettsider.

Cøliaki

Medisinprofessor Ludvig Sollid er kjent for forskinga på cøliaki, og han får høve til å forska vidare på det gjennom millionløyvinga frå ERC. Prosjektet hans blir skildra på denne måten på nettsidene til Centre for Immune Regulation (CIR) ved Oslo universitetssykehus og UiO: "Coeliac disease: Understanding how a foreign protein drives autoantibody formation".

Håvar inn pengar

Uniforum har tidlegare meldt at førsteamanuensis i astronomi, Hans Kristian Eriksen og kriminologiprofessor Katja Franko Aas har fått kvar sine ”Starting Grant” frå Det europeiske forskingsrådet. Det er pengar som går til yngre, lovande forskarar som skal driva med grensesprengjande forsking. Dermed har fem UiO-forskarar til saman truleg håva inn over 80 millionar kroner frå Det europeiske forskingsrådet så langt i år.
 

Emneord: Menneskerettar, Kjemi, Internasjonalisering, Økonomi, Medisin Av Martin Toft
Publisert 2. des. 2010 13:20 - Sist endra 3. des. 2010 20:40
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere