Stjerneformidlar blir realfagsambassadør

Astronomen Knut Jørgen Røed Ødegaard gjer comeback som stjerneformidlar av alt som skjer i verdsrommet. No er han engasjert av Naturfagsentret for å auka interessa for realfag mellom barn og unge. Sparebankstiftelsen støttar tiltaket med ein million kroner.  

REAL MILLION: Divisjonsdirektør Jarle Mortensen i DnB/Nor overrekkjer 1 million kroner til prosjektleiar Knut Jørgen Røed Ødegaard. Pengane skal brukast til å skapa blest og interesse for realfaga blant barn og unge.  

Foto: Ola Sæther

Frå i dag tysdag 21. desember 2010 og fram til 20. mars 2015 vil Noreg få oppleva ei rad med sjeldne, utruleg vakre og viktige himmelhendingar. Alt frå måneformørkinga i dag tidleg til ei total solformørking på Svalbard og i Arktis 20. mars 2015. Naturfagsenteret på Blindern vil utnytta dette for alt det er verdt.

– Det er grunnen til at me søkte Sparebankstiftelsen om økonomisk støtte til eit prosjekt som har som mål å bruka desse himmelhendingane til å auka interessa for realfag mellom barn og unge, seier Anders Isnes, som er dagleg leiar for Naturfagsenteret. Han er svært nøgd med at Sparebankstiftelsen vil støtta prosjektet med 1 million kroner i driftsstøtte, og at astronomen Knut Jørgen Røed Ødegaard har takka ja til å vera prosjektleiar.

– Overlykkelege

– Me er overlykkelege over at stiftinga vil gi oss desse pengane. Det er nemleg ei heilt utruleg rekkje med hendingar som skjer i verdsrommet dei neste fem åra. For å ta Venus-passasjen først. Den skjer 6. juni 2012. Det blir den siste i vår levetid. Den neste sett frå jorda vil skje i 2117. Alle desse himmelopplevingane vil vera svært spektakulære og imponerande. Difor er det eit glimrande høve til å auka interessa for verdsrommet blant folk flest, og ikkje minst hos barn og ungdom, meiner Røed Ødegaard.

– Fremjar interessa for realfag

Også divisjonsdirektør Jarle Mortensen i DnB-Nor/Sparebankstiftelsen er nøgd med prosjektet.

– Temaet for årets tildeling var ”Mellom himmel og jord”, så slik sett passar dette prosjektet godt inn i ramma. Me har stor tru på at dette prosjektet kan fremja interessa for realfag gjennom skule og utdanning. Difor fortener det bidraget vårt på ein million kroner, seier Mortensen.

Anders Isnes i Naturfagsenteret er glad for at dei har fått med seg Sparebankstiftelsen på laget.

– Inspirasjonen vår er at alt det som skjer i verdsrommet, skal verka motiverande for at barn og unge, både jenter og gutar vil læra meir om realfag, seier Isnes.

Heile millionsummen frå Sparebankstiftelsen skal gå til drifta.

– Når det gjeld lønna til Knut Jørgen Røed Ødegaard skal Naturfagsenteret skaffa den. Målet vårt er å skaffa nok pengar til at han kan vera prosjektleiar på heiltid, understrekar Isnes.

– Vore litt til og frå

Og Knut Jørgen Røed Ødegaard har ingenting imot å venda tilbake til universitetsområdet.

– Eg drog frå Blindern til UiOs observatorium på Harestua. Etter at det blei overtatt av ei privat stifting, har eg halde fram med arbeidet der. Likevel har eg alltid hatt eit lite kontor på Institutt for teoretisk astrofysikk Så eg har heile tida vore litt til og frå. Eg gler meg i alle fall til vera prosjektleiar for dette tiltaket, seier Røed Ødegaard.

 

Emneord: Astrofestival, Forskningsformidling, Naturfag, Rekruttering Av Martin Toft
Publisert 21. des. 2010 10:04 - Sist endra 21. des. 2010 10:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere