Starta menneskerettsutdanning i Vietnam

I september starta Norsk senter for menneskerettar opp eit masterprogram i menneskerettar ved Det juridiske fakultetet på Vietnams nasjonale universitet. I november var statssekretær Erik Lahnstein i UD på dialogmøte i Hanoi, opplyser Vietnam-koordinator Marthe Hamran og prosjektleiar Siri Skåre.

MENNESKERETTAR: – Menneskerettsutdanninga ved Vietnams nasjonale universitet i Hanoi er ein av pilarane i menneskerettssamarbeidet med Vietnam, seier prosjektkoordinator Marthe Hamran og prosjektleiar for internasjonale program, Siri Skåre.

Foto: Ola Sæther

– Menneskerettsutdanninga er ein av dei tre pilarane i samarbeidet vårt med Vietnam. Dei to andre er offentleglova og ytringsfridom og styrking av rettstryggleiken, fortel koordinator for Vietnam-programmet Marthe Hamran og prosjektleiar for internasjonale program, Siri Skåre ved Norsk senter for menneskerettar.

Utstrekt samarbeid med juristar

Senteret har kontakt med og samarbeider med både juristforeiningar og journalistforeiningar i Vietnam.

– Under utforminga av offentleglova deltok også Vietnam Lawyers Association.Lova er enno ikkje vedtatt. No blir det arbeidd med å få på plass eit samarbeid med det vietnamesiske justisdepartementet om innføring av ny offentleglov. Når det gjeld arbeidet med å innføra prinsippet om at alle er uskuldige til det motsette er bevist, samarbeider me både med politiet, forsvarsadvokatar, påtalemakta og domstolane, fortel Skåre og Hamran.

Tilliks med Kina, USA og Iran, praktiserer også Vietnam dødsstraff.

– Det er ikkje til å koma bort ifrå, men dei har i alle fall redusert talet på brotsverk som gir dødsstraff, seier Skåre.

Får besøk av forsvarsadvokatar

Også Institutt for kriminologi og rettssosiologi deltar i samarbeidet med Vietnam om fangebehandling. Norske domstolar,

Norsk advokatforeining, politiforskarar og universitetsforskarar deltar i prosjekt saman med institusjonar i Vietnam.

– I 2010 har me gjennomført seminar om dødsstraff, rettferdig rettargang og prinsippet om at ein er uskuldig til det motsette er bevist. I samarbeid med JussBuss har me også sett søkjelyset på rettshjelp, seier Hamran og Skare. I januar kjem ein delegasjon med forsvarsadvokatar frå Vietnam på besøk til Norsk senter for menneskerettar.

 

Emneord: Menneskerettar, Vietnam, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 9. des. 2010 14:32 - Sist endret 9. des. 2010 15:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere